2011.05.22. Maranata. Guds herlegdom skal gå opp over meg.

Jesus sa til meg:

Ja, det er stummande mørkt over folkeslaga, men over deg skal min herlegdom oppgå. Og menneske og kongar skal søke til den glansen som går opp over deg. Og du skal fryde deg og glede deg i meg, fordi at eg er den same i dag som eg alltid har vore. Og eg vil at du skal vere sendebod om at ”du døde for meg” (Op.17,14).

 

Tyding av tungetale:

Ronald Gundersen, spelte gitar, song og talte, i slutten av møtet kom der ein bodskap gjennom tungetale som han tyda:

Ja, det er stummande mørkt over folkeslaga, men over deg skal min herlegdom oppgå. Og menneske og kongar skal søke til den glansen som går opp over deg. Og du skal fryde deg og glede deg i meg, fordi at eg er den same i dag som eg alltid har vore. Og eg vil at du skal vere sendebod om at ”du døde for meg”, som eg ynskjer at du skal vere. Så i dag og i kveld, så skal du få kjenne og sjå min herlegdom, du skal få kjenne det når du legg deg i kveld, så skal du få be min herlegdom, ja, eg skal openberre min skjønnhet for deg, fordi at du skal verte ein truande som trur, du vert ein truande som trur. Og verda kjem til å sjå min herlegdom gjennom ditt liv.

Det er nåde og det er nåde. Å …. Ver du mellom dei som bankar på, så skal det lukkast opp for deg, ver du mellom dei som begjærer av meg, og eg skal skunde meg, seier Herren, og hjelpe deg til din rett. (Du ropar til meg, mitt barn)? Å, du skal få sjå min herlegdom, verda skal få sjå min herlegdom. Ikkje avgrens meg (meir?), men la meg få lov å få fyrsteplassen i livet ditt. La meg få lov til å vere det ypperste i ditt liv. Å, du skal få sjå min stordom og mi allmakt og eg vil la mi salving kvile over deg. Amen.

 



Categories:Kristne møte 2011

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: