2010.10.10.JC. Reorientering; feste blikket på Jesus.

Reorientering i forhold til liv, kyrkjelyd, trusliv og bønn, ved at vi fester blikket på Jesus. MØTE I JESUS CHURCHE, SØNDAG 23.10.10, KL 17.

Stefan Kristiansen talte om dei 12 speikarane som skulle speide ut det landet som Gud hadde lova jødane, men berre Josva og Kaleb gav god tilbakemelding, som oppmuntra folket. Så talte han vidare om Josva som leia folket, når dei skulle ta Jeriko.

Etter tala fekk han leiarane i Jesus Churche til å komme fram til forbønn. Då kom ei kvinne med tungetale og han tyda det:

Ja, den Heilage Ande seier: Sjå, den som legg si hand på plogen og ser seg attende, er ikkje skikka for mitt rike. Og så eg kallar deg til å sjå framover, eg kallar deg til å gå framover og eg kallar deg til å feste ditt blikk på meg. Og eg kallar deg til å fullstendig reorientere deg i forhold til kva som er vanleg liv, i forhold til kva som er vanleg menighet, i forhold til kva som er vanleg trus-liv, i forhold til kva som er vanleg bøn. Og for sjå mitt rike, det går fram med stor kraft og med stor styrke, i heile verda, så går mitt rike fram, med teikn, med under, med mektige gjerningar, med lækjedom, med overnaturlege dimensjonar av den Heilage Ande. Og sjå du kan få oppleve det same, du kan få ta imot det same og du kan få leve i det same, du kan få be og tru og forvente det same i denne tid.

Ja, seier den Heilage Ande, eg gjev deg i dag nye ord, eg gjev deg i dag nye uttrykk, ja, det er som om eg gjev deg eit nytt språk som eg legger i deg, der du talar på min måte, der du talar med andre ord, der du brukar andre ord, om deg sjølv, om di menighet, om din by om ditt land. Og det er ord som taler og det er ord som trur og det er ord som produserer. Det er ikkje ord som riv ned, det er ikkje ord som gjer deprimert, det er ikkje ord som skaper tungsinn, det er ikkje ord som stadfester …. og alle misstenkeleggjeringar, nei, det er ord som er ånd, det er ord som er liv, det er (trua?) i ditt hjerte, det er (ånda?) i ditt indre, det er det skapande ord.



Categories:Kristne møte 2010

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: