2018.10.28. Sion Åheim. Kom til Jesus med det du har, så vil han velsigne det.

Sion Åheim.

Tale ved Jarle Nygjærde.

Jarle fortalde at han var oppvokst i Hærøy men flytta til Ulsteinvikog vart tilsett i Hareid Elektriske og det det vart eit industri-eventyr. Han engasjerte seg i meinghetsarbeid og i politikken, men det vart for mykje. Kva med familielivet? Så han kutta ut politikken. Kona ville halde fram med å stelle heimen som tidlegare, så han fekk halde fram med å engasjere seg i menighetsarbeidet og no er han litt omreisande predikant også. 

Nokre hadde slutta i kyrkjelyden, men no var dei komne attende.

Så las han om at når disiplane handla på Jesu Ord, så fekk dei mykje fisk.

JOH 21,1 – JOH 21,14 {JESUS SYNER SEG FOR LÆRESVEINANE VED TIBERIAS-SJØEN}  Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberias-sjøen, og gjekk såleis til: 2 Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var i lag der. 3 Simon Peter seier til dei andre: “Eg vil av og fiska.” “Vi går med, vi òg,” sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten; men den natta fekk dei ikkje noko. 4   Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. 5 Jesus sa til dei: “De har vel ikkje noko fisk, born?”  “Nei,” svara dei. 6 “Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,” sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått. 7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: “Det er Herren.” Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. 8 Dei andre læresveinane kom med båten og drog nota med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre to hundre alner om lag. 9   Då dei kom i land, fekk dei sjå ein glohaug der med fisk på og brød. 10 “Kom hit med noko av den fisken de fekk,” sa Jesus til dei. 11 Simon Peter gjekk då ut i båten og drog nota på land. Ho var full av store fiskar, eit hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje nota. 12 Jesus sa til dei: “Kom og få mat!” Ingen av læresveinane våga å spørja han: “Kven er du?” Dei visste at det var Herren. 13 Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og like eins fisken. 14   Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.  

LUK 5,1 – LUK 5,11 {PETERS FISKEFANGST}  Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. 2 Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene. 3 Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten. 4   Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: “Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.” 5 “Meister,” svara Simon, “vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota.” 6 Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt på å rivna. 7 Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. 8 Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: “Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.” 9 For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått. 10 Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: “Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!” 11 Så rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.  

APG 28,25 – APG 28,28 Som dei ikkje kunne semjast, gjekk dei frå kvarandre då Paulus sa det eine ordet: “Det var sant, det som Den Heilage Ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja: 26   Gå og sei til dette folket:  De skal høyra og høyra, men ikkje skjøna,  sjå og sjå, men ikkje skilja. 27   For hjarta åt dette folket er hardt;  tungt høyrer dei med øyro,  og augo har dei late att,  så dei ikkje ser med augo  eller høyrer med øyro  eller skjønar med hjarta  og vender om, så eg får lækja dei. 28   Så skal de vita at denne Guds frelse er send til folkeslaga. Og dei kjem til å høyra.”

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Jarle.

Ja, seier Herren, sjå ikkje på det du har som lite og ringe. For når du kjem til meg, seier Herren, slik som dei gjorde, med dei fem brød og dei to fiskane, så vil eg velsigne det, seier Herren. Sei ikkje at du ikkje duger til noko i dag, seier Herren, for kom til meg med det og eg skal velsigen det, seier Herren. Mitt barn, ikkje gi opp på vegen. Om du ein gong sa farvel til meg, seier Herren, så kallar eg deg i dag til ny teneste, seier Herren, eg kallar deg til teneste. Eg vil ikkje gå bak deg med ei svepe, seier Herren. Eg piskar deg ikkje til teneste, seier Herren, eg går foran deg. Og du skal få sjå, eg går foran deg, du skal få kjenne mi hand, seier Herren. Og du skal få lov til å gå etter meg. Eg skal ta di hand, om du kjenner det at du har gått i grøfta, seier Herren, så er eg der og eg vil reise deg opp på nytt igjen.

Ja, seier Herren, ofte vert det sitert, at eg er i går og i dag den same, men det er ei sanning, eg er i går og i dag den same, og eg gjekk ikring på jord og gjorde vel. Du har kanskje fått eit kall, at du skal gå til ein venn. Vent ikkje, seier Herren, for dagen kan bli for seint, du skal gå til den vennen. Og du skal oppleve at eg er med deg, seier Herren. Eg piskar deg ikkje, eg går føre deg og du skal få lov å gå, du skal få lov å høyre mi røyst, når eg talar klart og tydeleg. Du skal få legge saman to og to. Du skal få å sjå, når eg er i kommando, du skal oppleve ei velsigning når du er lydig, seier Herren. Og eg skal sette deg over større ting, seier Herren, berre du er villig. 



Categories:Kristne møte, Kristne møte 2018

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: