2019.04.19 & 22. Påskefeiring i Maranata.

Langfredag. 

Tale ved Tore Kristiansen.

Etter nattverden song dei lovsangen.

MTT 26,30 {I GETSEMANE}  Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. [lovsongen: Salmane 113-118, som dei song i to avdelingar når dei heldt påskemåltid.]

SLM 113,1 – SLM 113,9 {HAN REISER DEI RINGE OR STØVET}  Halleluja!  Syng lovsong, Herrens tenarar,  lovsyng Herrens namn! 2   Lova vere Herrens namn  frå no og til evig tid! 3   Frå solrenning til soleglad  skal Herrens namn vera lova. [Frå solrenning til soleglad: frå aust til vest, dvs. over heile jorda.]  4   Opphøgd er Herren over alle folkeslag,  over himmelen er hans herlegdom. 5   Kven er som Herren vår Gud,  han som tronar i det høge, 6   som ser ned i det djupe,  i himmelen og på jorda?  7   Han reiser dei ringe or støvet,  lyfter dei fattige or oska 8   og sessar dei saman med stormenn,  med hovdingane i sitt folk. 9   Barnlaus kvinne lèt han bu i huset  som lukkeleg mor til ein barneflokk.  Halleluja!  

SLM 114,1 – SLM 114,8 {DÅ ISRAEL DROG UT OR EGYPT}  Då Israel drog ut or Egypt,  då Jakobs ætt tok ut frå eit folk  som tala eit framandt språk, 2   vart Juda Herrens heilagdom  og Israel hans rike.  3   Sjøen såg det og rømde,  Jordan snudde og rann tilbake. [Sjøen: Sevsjøen.] 4   Fjella hoppa som verar  og haugane som lam.  5   Kva har hendt deg, sjø, sidan du rømer?  Kvifor renn du tilbake, Jordan? 6   De fjell, kvifor hoppar de som verar,  de haugar, kvifor spring de som lam?  7   Skjelv for Herrens åsyn, du jord,  skjelv for Jakobs Gud, 8   han som gjer berget til eit vatn  og harde fjellet til ei kjelde.  

Palmesøndag; Jesus reid inn i Jerusalem på ein asen-fole, sjølv om ingen hadde ride på den før, var den heilt roleg og lydde han.

5MO 25,17 – 5MO 25,19 {STRAFFA OVER AMALEKITTANE}  Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg den gongen de var på ferda frå Egypt. 18 Dei kom imot deg på vegen då du var trøytt og sliten, og utan age for Gud hogg dei ned alle i baktroppen som hadde vorte liggjande etter. 19 Når Herren din Gud lèt deg få ro for alle fiendar rundt ikring i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, skal du rydja ut minnet om amalekittane under himmelen. Gløym ikkje det!  

2MO 17,8 – 2MO 17,16 {STRIDEN MED AMALEKITTANE}  Sidan kom amalekittane til Refidim og gav seg i strid med israelittane. 9 Då sa Moses til Josva: “Vel deg ut ein flokk menn, ta i veg og hald slag med amalekittane! I morgon skal eg stå øvst på haugen med gudsstaven i handa.” 10 Josva gjorde som Moses sa, og tok opp striden med amalekittane. Samstundes steig Moses, Aron og Hur opp på toppen av haugen. 11 Då gjekk det så at så lenge Moses heldt handa i veret, hadde israelittane overtaket. Men når han lét handa siga, var amalekittane dei sterkaste. 12 Men så tok Moses til å trøytna i hendene. Då fann dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur stødde hendene hans, ein på kvar side. Så var hendene hans støe heilt til sola gladde. 13 Såleis vann Josva over amalekittane og hæren deira med kvasse sverdet. 14   Sidan sa Herren til Moses: “Skriv dette opp i ei bok, så det ikkje går dykk or minne, og ta det opp att for Josva! For eg vil rydja ut minnet om amalekittane frå jorda.” 15 Då bygde Moses eit altar og kalla det “Herren er hærmerket mitt”. 16 Og han sa: “Ei hand er rett ut frå Herrens høgsete. Han skal strida mot amalekittane frå ætt til ætt.”  

På palmesøndag ropte folket ”hosianna”, nokre dagar seinare ropte dei krossfest. Israelsfolket kjempa mot amalekittane, mot kjøt og blod,  men vi har kamp mot vondskapens åndehær. To mann støtta opp under Moses sine armar, men Jesus vart igjen åleine.

EFE 6,10 – EFE 6,20 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.  

KOL 2,14 – KOL 2,15 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.  

SLM 22,13   Sterke oksar kringset meg,  Basan-stutar flokkar seg rundt meg. [Basan-stutar: store, sterke oksar; her bilete på vonde menneske. Sml. Am 4, 1.]

JES 63,5   Eg såg meg om, det var ingen som hjelpte,  eg vart forfærd, men fekk inga støtte.  Då kom min arm meg til hjelp,  min harme stødde meg.

Jesus stod opp til vår rettferdiggjering, han sette seg ved Faderens høgre hand og ber for oss, velsignar oss og forsvarar oss, han er vår advokat hos Faderen og slik er den Heilage Ande vår advokat på jorda.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Tore.

Løft seiersmerket, fra den stad du befinn deg, i det omstendet du er, løft sigersmerket, det er kva eg gjorde på korset. Påkall mitt namn og la det få lov til å lyde, så skal du få lov til å kjenne krafta frå korset, krafta frå den Heilage Ande, den skal setje deg fri, løfte deg opp og gi deg forløysing. For du treng utfriing og utfriinga du treng, den har eg til deg. Den er blodkjøpt på korset, den er blodkjøpt på det verket eg gjorde. Derfor takk meg for blodet, takk meg for forsoninga, det er alt saman gjort til din eigedom.

Bry deg ikkje om andre meiner, men sjå til at ditt hjerte er i rett forhold til meg. Tenk ikkje på alt det som har vore, men sett ein strek over di fortid, så skal eg, Herren, gjere alle ting nye. For i dag skal eg hjelpe deg, i kveld skal eg fornye deg. No er den velbehagelege tid. Derfor, lov meg og pris meg, så skal du få kjenne at det som du trudde var tapt, det skal eg vekke til live igjen og atter ein gong skal du vere med i kampen, endå ein gong skal du gå ut i dansen med dei glade, for eg, Herren, eg fornyar deg og gjennoppliver deg. Halleluja.

Aktuelle bibelvers.

OSP 4,23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,  for livet går ut frå det.

JES 43,16 – JES 43,21 {SJÅ, EG SKAPER NOKO NYTT}  Så seier Herren,  han som gjorde veg gjennom sjøen,  ein stig i det veldige vatnet, 17   som førte hestar og vogner,  hær og hovdingar uti.  Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,  dei slokna som ein veik.  18   Tenk ikkje på det som hende før,  gjev ikkje akt på det som eingong var! 19   Sjå, eg skaper noko nytt.  No gror det fram.  Merkar de det ikkje?  Ja, eg legg veg i øydemarka  og stigar i den aude hei. 20   Dyra på marka skal æra meg,  både sjakalar og strutsar.  For eg gjev vatn i øydemarka,  lèt elvar renna i den aude hei,  så mitt utvalde folk kan få drikka. 21   Det folket eg har skapt meg,  skal forkynna min pris.  

JES 48,6   Du har høyrt og sett det alt.  Må de ikkje sanna det?  Men no forkynner eg noko nytt,  dulde ting som du ikkje veit om. 

JER 31,22   Kor lenge vil du snu deg hit og dit,  du fråfalne dotter?  No vil Herren skapa noko nytt i landet;  då kan ei kvinne verja ein mann.  

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

JER 31,4   Endå ein gong skal eg byggja deg,  ja, du skal byggjast,  Israel, du unge møy.  Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer  og gå ut i dansen med dei glade.

JES 57,15   Så seier han som er høgt opphøgd,  han som tronar evig og heiter Den Heilage:  I det høge og heilage bur eg  og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.  Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde  og hjarta til liv hjå dei knuste.

SKR 4,6 – SKR 4,7 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  7   Kven er vel du, du mektige fjell?  Framfor Serubabel skal du verta ei slette.  Han skal føra fram toppsteinen,  medan dei ropar:  “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).]  

JES 43,19   Sjå, eg skaper noko nytt.  No gror det fram.  Merkar de det ikkje?  Ja, eg legg veg i øydemarka  og stigar i den aude hei.

ÅPE 21,1 – ÅPE 21,8 {DEN NYE HIMMELEN OG DEN NYE JORDA}  Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. 2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. 3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: “Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. 4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.” 5   Då sa han som sit på kongsstolen: “Sjå, eg gjer alle ting nye!” Og han la til: “Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.” 6 Så sa han til meg: “Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son. 8 Men dei som er reddhuga og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.”  

Kommentar.

Eg fekk med meg møtet på Facebook, det meste på direkten også. Bodskapen som kom gjennom tyding av tungetale kunne vere til nokon som var der eller som dei har kontakt med. Og eg vil håpe på at dei har fått kontakt med henne Virtuella, så det var til henne eller om henne, så får ho forstå det på sin måte. Når eg høyrer ein slik bodskap, tenker eg intuitivt at det er til meg og så tenker eg over kor vidt det passar. Eg tenker slik at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud og slik gjer han meg til kanal for si velsigning. Så eg skriv om eit par kvinner for å velsigne dei og så spørst det som dei tek imot velsigninga.

Det som eg trudde var tapt.

Sitat frå bodskapen: 

”Derfor, lov meg og pris meg, så skal du få kjenne at det som du trudde var tapt, det skal eg vekke til live igjen og atter ein gong skal du vere med i kampen, endå ein gong skal du gå ut i dansen med dei glade, for eg, Herren, eg fornyar deg og gjennoppliver deg.”

Jesus talar om det som eg trudde var tapt og det må no vere ho Virtuella. Men han vil vekke henne til live igjen. I det siste har eg tenkt mykje på  henne, skrive om henne og bedt for henne og rett før møtet tenkte eg på Jesu ord om at vi skal elske kvarandre, så eg skal elske henne. Vi har vel lett for å tenke som so at når ein mann byrjar å verte glad i ei kvinne, så er det mest som luksus han invilgar seg for sitt vedkommande, så spørst det om han er så heldig at ho svarar ja på hans frieri, elles bør han halde seg unna med kjærleiken sin, den har ingen betydning og han bør heller finne seg noko anna å tenke på, heller prøve å finne seg ei anna kvinne. Men Jesus sa vi skulle elske kvarandre, ja vel, så skal eg elske henne. 

For eg har då fortalt om korleis eg bad for henne når eg gjekk på gymnaset, eg erkjente at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5), så den openberra henne for meg som Faderens barn som han elska og hadde omsorg for og som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Eg opplevde det vel eigentleg slik at det var Faderen og Sonen som elska henne og som elska henne gjennom meg. 

Dette var rett og det er det framleis, Faderen og Sonen vil framleis elske henne slik. Mange år seinare sa Jesus han ville gjere meg til kanal for si velsigning og då er det no tydelegvis på den måten. Eg skal ikkje sjå på omstenda, men sjå på han og kva han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, han er fullkomen og det livet og den Anden han gir oss frå himmelen er fullkome.

Ikkje bry deg om kva andre meiner, men sjå til at ditt hjerteforhold til Jesus er rett.

Jesus sa til oss: 

” Bry deg ikkje om andre meiner, men sjå til at ditt hjerte er i rett forhold til meg. Tenk ikkje på alt det som har vore, men sett ein strek over di fortid, så skal eg, Herren, gjere alle ting nye. For i dag skal eg hjelpe deg, i kveld skal eg fornye deg.”

Eg skal ikkje bry meg om kva andre meiner, men sjå til at mitt hjerteforhold til Jesus er rett. det vart sagt ”i dag” og ”i kveld” , så eg tenker meg at det kjem som svar på korleis eg no ber for henne, eg ber for henne slik som når eg var ung, når eg gjekk på gymnaset. Jesus gav oss ånd og liv og vekte oss opp til livi samfunn med seg og Faderen. Anden openberra henne for meg som eit Guds barn, som Faderen elska og hadde omsorg for, ho levde i eit kjærleiksforhold til han, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Jesus, som hans brud. Eg ville ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og Jesus vil frigjere henne og frelse henne og gjenopprette det. Det skal eg glede meg over.

Eg har skrive at eg likte å vere saman med henne og prate med henne og eg ser fram til å få møte henne igjen, men eg orkar ikkje tanken på at ho som har vore kona til ein annan mann i 40 år no likevel skulle verte kona mi. Men håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarto ved den Heilage Ande. Den kjærleiken og herlegdomen nyt eg i mitt hjerte og mitt indre menneske og den nytinga overgår alt det som denne verda har å by på. Guds herlegdomen overgår alt det som denne verda har å by på og når Jesus seier eg skal sjå til at mitt hjerte er i rett forhold til han, så skal eg sjå til at mitt hjerte nyt den herlegdomen. Ikkje noko kjem opp imot det og ikkje noko fortener å erstatte det på nokon som helst måte. Eg drikk ikkje av denne verda sine sprukne brunnar, men eg drikk av kjelda med det levande vatnet, Jesus gir meg det gratis, utan krav om gjerningar. 

JER 2,13   For to vonde ting har folket mitt gjort:  Dei har gått bort frå meg,  kjelda med levande vatn,  og hogge seg brunnar,  leke brunnar som ikkje held vatn.  

JOH 4,13 – JOH 4,14 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.”

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Svært mykje av den verdslege kunnskapen er som frukta av kunnskapstreet, dei åt av frukta og såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud. Dei forgudar seg med sin moral- og politisk-filosofiske kunnskap, og sidan dei såg at dei var nakne, vart det som dei såg og sansa i den ytre fysiske naturen og i det ytre fysiske miljøet brukt fom argument mot å leve i samfunn med Gud som er ånd. I denne verda er dette eit tilbakevendande problem og vi må vel berre innsjå at utan at vi heilt merkar det, er det eit tilbakevendande problem i våre liv og for den kristne kyrkja, så vi ikkje vert så rikt velsigna som vi eigentleg, aller helst skulle verte, så velsigninga vert ikkje så rikeleg kanalisert som den aller helst skulle. 

Men det heng nok saman med at der er menneske som søker slik kunnskap, med den metoda og med den rasjonaliteten, for sidan dei ikkje trur på Gud og hans Ord, har dei ikkje kunnskap om menneskelivet på andre måtar. Men sidan vi trur på Gud og hans Ord, har vi visdom, vit og kunnskap ved at Anden openberrar Ordet for oss.

I den gamle pakt vart omskjeringa gjort på mannens kjønnslem og det gjer det klart at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal han med Gud å gjere. Dette er førebilete på hjerteomskjeringa i den nye pakta, så vi skal la Anden råde over kjønnslysta. Og Paulus gjer det då klart for oss at vi skal la Anden råde over lysta, vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, den skal vere eit tempel for den Heilage Ande. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

Vi skal tru på han med hjertet og elske han og elska kvarandre. Då vil han openberre seg for oss. Han frelser henne og set henne fri, venteleg vil han som brudgom fri til henne som si brud og venteleg vil ho seie ja til hans frieri, for slik er den kristne fridomen. Får eg då oppleve at han elskar henne gjennom meg, så veit eg at det er rett og det er herleg. Det skal eg innstille meg på, ved å takke han for det fullførde og fullkomne frelsesverket. 

Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Og eg fekk oppleve at Faderen og Sonen elska henne Virtuella gjennom meg. Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, så når vi bygger på evangeliets grunnvoll er der ingen grunn til at vi ikkje framleis skal få oppleve det.

RMR 8,31 – RMR 8,39   Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? 33   Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:  For di skuld vert vi drepne dagen lang,  vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.  

Jesus gir meg utfriing.

Sitat frå bodskapen:

”Løft seiersmerket, fra den stad du befinn deg, i det omstendet du er, løft sigersmerket, det er kva eg gjorde på korset. Påkall mitt namn og la det få lov til å lyde, så skal du få lov til å kjenne krafta frå korset, krafta frå den Heilage Ande, den skal setje deg fri, løfte deg opp og gi deg forløysing. For du treng utfriing og utfriinga du treng, den har eg til deg. Den er blodkjøpt på korset, den er blodkjøpt på det verket eg gjorde. Derfor takk meg for blodet, takk meg for forsoninga, det er alt saman gjort til din eigedom.”

Ja, no i det siste har eg løfta sigersmerket ved å skrive på Facebooksidene til Resett og Gruppen for Frp-venner. 

For vel ti år sidan kalla Jesus meg til Oslo med ein frigjerande bodskap. Sidan har han fleire gongar tala til meg om at han set meg fri. Eg forstår det slik at den såkalla kvinnefrigjeringa ikkje var noko frigjering likevel, så eg skulle forkynne den ekte frigjeringa Gud gir oss i Kristus. Strategien deira er å forføre kvinna, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Men det er då ved at Kristus frelser og frigjer meg at eg kan forkynne den glade bodskapen både til den kvinna det gjeld og til andre.

Når eg var ein gutunge, hadde eg trua på Jesus i mitt hjerte. Eg visste kor viktig det var å kjennast ved han for menneska, men då kom menneskefrykta, så eg berre tagde stilt om det. 

MTT 10,32 – MTT 10,33 {VEDKJENNING OG ETTERFYLGING}  Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.

Om eg vedkjende mi tru overfor dei andre elevane, ville det verke som om eg prøvde å framstå som betre enn dei og betre enn eg var, medan dei andre dermed ville verte forstått som ikkje-truande og slemme og dersom eg vart mobba, ville det kanskje fort vise seg at eg ikkje var så snill likevel. Problemstillinga er typisk. Eg tenkte også med litt frykt på lærde, kanskje lærarar, som kunne vere ateistar.

Men eg vedkjende det for Jesus i mi bøn til han og bad han frigjere meg frå denne menneskefrykta. Men seinare, når eg opplevde fylden av den Heilage Ande og vart meir voksen og sjølvstendig, vart eg svært så frimodig med å vedkjenne Jesus namn. Mange unge vart med i den karismatiske rørsla og vart svært så frimodige med å ved kjenne si tru på Kristus. Det forundra meg at mange kristne vart så skeptiske, men det er og blir forkynninga av forsoningsverket og fylden av den Heilage Ande som er den frigjerande bodskapen for oss alle. Spesielt forundra det meg at det skulle vere så stor skepsis til at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skulle ha med Gud å gjere, slik som det har vist seg i mitt forhold til henne Virtuella. Men når vi held oss til den same evangeliske og karismatiske forkynninga, får vi oppleve at Anden openberrar Ordet for oss, så det vert klart for oss kva den fundamentale motsetnaden består i. 

Når eg sidan har studert realfag, har eg kome i kontakt med folk som kalla seg ateistar, men eg har likevel kunna prate nokså fritt med dei også om mi tru og dei har vist meg forståing og medføling. Det er nok ikkje alle av dei som er så ”skræmelege” likevel. I vitskapen har vi ei felles interesse for sanning. Og trua på Gud har inspirert folk til å stille hypoteser og gjer det sikkert framleis, vi må berre passe på å ikkje verte dogmatiske, vi må ha eit ope sinn, både med å stille hypoteser og med å observere og eksperimentere.

Vi skal ikkje undre oss over at verda hatar oss, for ho har hata Kristus først. Men det som forundrar meg, er at det er så mange kristne som ikkje vil vite av vedkjenninga mi. Og kvifor det? Fordi dei ikkje satsar på at Anden openberrar Ordet for oss og den åndelege og rasjonalistiske innsikta som vi soleis får. Dei satsar på dogmatiske innprenting i staden, så menneska vert indoktrinerte og programmerte. Så kjem dei økonomiske og politiske interessene også. Og så kjem der fleire økonomiske, politiske og religiøse interesser inn i bildet. Ja, det viser seg at det var nettopp det eg frykta som skjedde; kvinna vart dåra og forførd slik som ved syndefallet og så prøver dei å bruke kvinna til å lokke mannen med.

Men eg kan no halde fram med å be slik som eg gjorde når eg var ein liten gutunge. Ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande vert lenker brotne og reip slitne av, så fangen vert fri. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Så eg får kjennast ved han som hovudet for mannen, så mannen blir hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han er sanninga som set oss fri, Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

Entusiasmen og iveren i den karismatiske rørsla var stor og på sett og vis har den hatt fakter som ber preg av motesak, så gliset til tider kunne verke påklistra og kunstig. For det einskilde individ kunne det verte forstått som sjølvnyting, narsicissme, medan vekkinga bar meir og meir preg av massesuggesjon, ein kollektiv trend med einsretting, som i Hegels dialektikk, men den einskilde sine behov vert ikkje ivaretekne likevel. Då er det berre ein ting å gjere med det og det er å bøye seg ved korsets fot igjen, der finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss. Denne kjærleiken skal vere mellom oss. Eg tenker på ein bodskap som kom i dFEF i M40 i Oslo i februar 2011, https://tsivert.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ 

Søke han i løynkammerbøna, så vi opplever at håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,1-5). Vi meiner då at vi nyt Guds velbehag og det må vi vere bevisste på og takke og ære han for det. Til forveksling kan det likne på narscisissme, men vi nyt ikkje oss sjølve og heller ikkje det som er rundt oss, vi skal ikkje sjå på oss sjølve og heller ikkje på det som er rundt oss, men løfte hugen og blikket opp til Jesus og sjå på han og vende hugen til det som han gir oss frå himmelen, så vi nyt Guds kjærleik og velbehag og hans herlegdom. Ved at vi søker han av heile vårt hjerte, får vi oppleve det i vårt hjerte. Vi gjer rett i å nyte det i hjerte, kropp og sjel, sjølv om det liknar narscissisme, for vi veit at vi nyt ikkje oss sjølve, men vi nyt Guds velbehag. Eg skal halde ved like Andens loge på mitt hjertes altar, vere brennande i ånda, kjærleiken skal framleis få flamme opp i meg. 

Jesus rørte ved oss med sin Ande og sin kjærleik og vekte oss og talte til oss, derfor svarar vi på hans kjærleik med kjærleik, slik fekk han oss i tale og slik får han oss framleis i tale. Slik får han oss til å gå ut og vitne om han. Og folk vil merke at det er ekte og det kjem frå hjertet. For vi søkte Herren av heile vårt hjerte, kalla på han og han let seg finne. Ved korsets fot fann vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss, den er i våre hjerte og den skal vere mellom oss. Og eg skal bidra i kyrkjelyden med det som Gud har gitt i mitt hjerte. 

Den utfriinga eg treng har Jesus kjøpt for meg med sitt blod, med forsoninga, derfor skal eg takke han for det, det er alt saman gjort til min eigedom. No er det slik at når vi er frelst, så tilhøyrer vi Faderen og Sonen og då tilhøyrer vi på sett og vis kvarandre også, vi er lemer på Jesus lekam og lever for han, men då er vi lemer for kvarandre også. Og som Guds son får eg be som arving. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Jesus gir meg ånd og liv og liv i overflod (Joh.10,10) i samsvar med 1.Mos.2, så eg ventar meg at eg frå oppleve at han vekker opp ei kvinne slik, for å gi meg henne til kone. For alt dette er gjort til min eigedom i forsoningsverket.

Sette eit strek over di fortid.

Jesus sa: ” Tenk ikkje på alt det som har vore, men sett ein strek over di fortid, så skal eg, Herren, gjere alle ting nye.” Ja, eg har no bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Men det har enno ikkje vorte noko av. Det har ikkje vorte nokon suksess enno, temmeleg misslukka, eigentleg. Og då er det mykje ann som har vorte misslukka også. Det har hendt eg har gjort noko dumt og det grev meg, spesielt når eg har oppført meg dårleg overfor andre, eg skulle yngst eg hadde oppført meg betre og sagt noko betre til dei. Får eg setje eit strek over slikt, setje strek over mi fortid, så er det no bra for meg. Men det er altså den glade og frigjerande bodskapen som er slik, det gamle får vi legge bak oss og så får vi ta imot det nye i tru. Og det er Jesus som seier det til meg fordi han elskar meg. 

Eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Og det er då han som kjem med det nye, så då skal det vere berre å setje strek over mi fortid. Men er dette nye ho Virtuella, så må no ho setje strek over si fortid. Eg har no helde meg til Herren sidan eg var ung og vandra med han, sjølv om livet mitt ikkje har vore ei stor suksess, eg kan godt innrømme at kristenlivet mitt heller ikkje har vore nokon stor suksess, sidan eg ikkje har lukkast i denne saka enno. Men det er då kvinna det står i.

2. Påskedag.

Innleiing ved Knut Hübenbecker.

Jesus frelseverk er fullført, det gir oss evig frelse.

JOH 19,25 – JOH 19,30   Attmed Jesu kross stod mor hans og morsyster hans, Maria som var gift med Klopas, og Maria Magdalena. 26 Då Jesus fekk auga på mor si, og såg den læresveinen han hadde kjær stå attmed henne, sa han til mor si: “Kvinne, det er son din.” 27 Så sa han til læresveinen: “Det er mor di.” Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg. 28   Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: “Eg er tyrst.” 29 Det stod eit kar med eddikvin der. Av den vinen fylte dei ein svamp, som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans. [isop: Sjå Tillegg.] 30 Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: “Det er fullført!” Så bøygde han hovudet og anda ut.

Jesus har sigra over alle problem, han er løysinga på alle våre problem. Vi kan komme til han med alle våre problem og behov.

Tale ved Tore Kristiansen.

FIL 4,4   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!

APG 16,25 – APG 16,34   Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei. 26 Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane. 27 Fangevaktaren fór opp or svevnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg; for han trudde fangane hadde rømt. 28 Men Paulus ropa med høg røyst: “Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.” 29 Då bad han om ljos og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas. 30 Og han leidde dei ut og sa: “Kva skal eg gjera, herrar, så eg kan verta frelst?” 31 Dei svara: “Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.” 32 Så tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans. 33 Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine. 34 Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og alt folket hans var komne til tru på Gud.

LUK 13,22 – LUK 13,35 {DEN TRONGE DØRA}  Medan han var på veg til Jerusalem, fór han ikring frå by til by og frå landsby til landsby og lærte folket. 23 Då var det ein som spurde: “Herre, er det få som vert frelste?” Han sa til dei: 24   Strid alt de kan for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25 Når husbonden fyrst har reist seg og stengt døra, og de står utanfor og bankar på og seier: “Herre, lat opp for oss!” då skal han svara: “Eg veit ikkje kvar de er ifrå.” 26 Då kjem de til å seia: “Vi har ete og drukke i lag med deg, og du lærte på gatene våre.” 27 Men han skal svara: “Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!” 28 Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men de sjølve er kasta utanfor. 29 Og det skal koma folk frå aust og frå vest, frå nord og frå sør og sitja til bords i Guds rike. 30 Og sjå, nokre av dei siste skal verta dei fyrste, og nokre av dei fyrste skal verta dei siste.   31 {JESUS OG HERODES}  I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: “Du må koma deg bort herifrå. Herodes tenkjer på å drepa deg.” [Herodes: Herodes Antipas. -> Matt 14, 1.] 32 Men han svara: “Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet. 33 Men i dag og i morgon og endå ein dag lyt eg vera på vegen, for ein profet kan ikkje lata livet nokon annan stad enn i Jerusalem.   34 {KLAGE OVER JERUSALEM}  Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 35 Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta. Eg seier dykk: De skal ikkje sjå meg før den dagen de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn.”   

Herodesane veik ikkje av vegen for å drepe for å få makt, endåtil sine næraste. Herodes den Store utrydde guteborn under 2 år, fordi han hadde høyrt rykte om at ein konge (Jesus) var fødd. Son hans, Herodes Antipas hadde teke kona til bror sin og døyparen Johannes hadde sagt at det hadde han ikkje lov til. Herodes Antipas kasta han og for å oppfylle ein lovnad til dotter si, fekk han Johannes halshogd, det kom som krav frå kona hans.  Jesus vart ført fram for Herodes Agrippa, for å verte dømd og i følgje historia fekk han apostelen Jakob halshogd.  

Men no hadde altså Jesus to dagar på seg, til å drive ut vonde ånder og lækje sjuke og tredje dagen skulle han ride inn i Jerusalem på ein asenfole. Til samanlikning stod Jesus oppatt etter tre dagar. 

LUK 9,58 Jesus svara: “Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.”

I vår tid er det mange som seier at alt er relativt. Men vi som trur på Jesus, har noko absolutt å halde oss til. 

Hosianna betyr: Herre hjelp, Herre frels.

Når vi seier ”Hosianna, Davids Son, velsigna vere han som kjem i Herrens namn”, så skal vi også kunne seia til ein bror: Velsigna vere du som kjem i Herrens namn. 

Fem dagar seinare ropa dei krossfest. Så Djevelen hadde gjort sitt verk på denne tida, men Jesus sigra over han på korset, igjen er det tale om tre dagar, men no  plyndra han Djevelen.  Han sigra over Djevelen og døden og stod oppatt tredje dagen.

HEB 12,1 – HEB 12,2 {TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR}  Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.

KOL 2,14 – KOL 2,15 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.  

David vart sviken og gjekk over Kedron-bekken, til samanlikning gjorde Jesus også det.

2SA 15,23   Alt folket gret høgt då hæren fór framom. Kongen stod nedmed Kedron-bekken, og hæren gjekk framom han langs vegen ut mot øydemarka. 

JOH 18,1 {JESUS VERT TEKEN TIL FANGE}  Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til hi sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i.

JOH 18,1 – JOH 18,9 {JESUS VERT TEKEN TIL FANGE}  Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til hi sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. 2 Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der. 3 Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lamper og våpen. 4   Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: “Kven leitar de etter?” 5 “Jesus frå Nasaret,” svara dei. “Det er eg,” seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg. 6 Då Jesus sa: “Det er eg” , veik dei attende og fall til jorda. 7 Atter spurde han: “Kven leitar de etter?”  “Jesus frå Nasaret,” svara dei. 8 “Eg har sagt dykk at det er eg,” sa Jesus. “Er det meg de leitar etter, så lat desse gå!” 9 Såleis skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: “Av dei du gav meg, har eg ikkje mist ein einaste.”

Jesus svarde med namnet på Israels Gud: ”Eg Er” (Jahve), derfor veik dei attende og fall til jorda.

LUK 23,11 – LUK 23,12 Og Herodes vanvørde han og gjorde narr av han saman med soldatane sine. Så la han ei staseleg kappe om han og sende han attende til Pilatus. 12 Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; før hadde det vore fiendskap mellom dei.  

1PE 2,24 Han bar syndene våre på lekamen sin opp på krosstreet, så vi skulle døy bort frå syndene og leva for rettferda, og ved hans sår har de fått lækjedom.

Jesus har nyklane til døden og dødsriket.

ÅPE 1,17 – ÅPE 1,18   Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:  Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket.

Kommentar.

Dette trur eg må vere noko av den beste påsketale eg har høyrt.

Påstanden om at alt er relativt er rett når den vert brukt i sin rette samanheng, den stammar frå relativitetsteorien. Eigentleg gjeld det i klassisk fysikk også, for vi må ha eit referansesystem som vi relaterer til, når vi gjer målingar, så det vi veg og måler er avhengig av referansesystemet. Newton gjekk ut ifrå absolutt tid og rom, men i relativitetsteorien er det også relativt. Men teoriane er likningar og formlar og dei er ikkje relative. Ettersom det skjer framsteg på forskingsfronten, kan teoriane framleis verte endra, men det betyr ikkje at dei er relative. 

I vår tid er det noko som vert kalla kunnskapsrelativisme, det er postmoderne. Men ekte vitskapsfolk, særleg realistar, åtvarar mot det, det er ikkje ekte vitskap. 

Men det vesentlege for oss er at ved Jesu kors finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss. Denne kjærleiken skal vere mellom oss. Jesus er sanninga som set oss fri, han er vår frelsar og Herre, han stod oppatt frå dei døde og vi får kjenne kreftene av hans oppstode i våre liv og i hans kyrkjelyd.

Advertisements


Categories:Kristendom, Kristne møte, Kristne møte 2019

3 replies

Trackbacks

  1. Kristen populisme eller øydande styggedom? | Trua & entropien.
  2. Jesus velsigna småbarna – Guds rike høyrer slike til. Bileams villfaring, profet som ganske riktig velsigna, men som var korrupt og stilte seg på feil side. | Trua & entropien.
  3. Jesus er Guds elska Son, han er kjærleikens konge, Gud har salva han til å vere vår frelseskonge. Hans kyrkje er hans brud, han elskar henne med kjærleiken frå Gud. Vere kanal for Guds velsigning. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: