2019.07. Maranata Landsstevne Seljord 1-3. Taler ved Borge, Kristiansen, Omdal.

Møte med Johnny Borge.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8744707/videos/193581027?fbclid=IwAR3qlmzY5doVf-K5TNb7baA0kW3iLcB8t6cT5kWzHzNbhpyDqVbkVJ8Ccp0

Innleiing ved søster Mella.

1PE 2,9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.

Tale ved Johnny Borge.

JOS 14,6 – JOS 14,13 {KALEB FÅR HEBRON}  Då kom Juda-sønene til Josva i Gilgal, og Kaleb Jefunneson av Kenas-ætta sa til han: Du veit kva Herren sa til gudsmannen Moses om deg og meg då vi var i Kadesj-Barnea. 7 Eg var førti år gamal den gongen Moses, Herrens tenar, sende meg frå Kadesj-Barnea for å speida ut landet, og eg kom attende og sa frå etter beste skjøn. 8 Frendane mine som fylgde meg dit opp, tok reint motet frå folket. Men eg heldt meg trufast til Herren min Gud. 9 Den dagen svor Moses: “Det landet du set foten din i, skal sanneleg høyra deg og borna dine til for alltid, fordi du heldt deg så trufast til Herren din Gud.” 10 Og no ser du at Herren har halde lovnaden sin. Han har late meg leva dei førtifem åra som har gått sidan han tala dette til Moses, all den tid Israel ferdast i øydemarka. Og no er eg, som du ser, åttifem år gamal. 11 Framleis er eg like sterk som den dagen Moses sende meg ut. Krafta er den same som då, både i krig og i det daglege yrket. 12 Så lat meg no få denne fjellbygda som Herren tala om den dagen. Du høyrde då sjølv den gongen at det bur anakittar der, og at dei har store, sterke byar. Men Herren vil vel vera med meg, som han har sagt, så eg får drive dei ut. 13   Då velsigna Josva Kaleb, son til Jefunne, og gav han Hebron til odel og eige.

”Hebron” betyr samfunn, fellesskap. Der hadde Abraham møtt Gud og fått lovnaden om å få ein son, Isak. ”Abraham”, betyr mange folks far. Men Sara var etter naturen for gammal til å få born, likevel vart ho gravid.

Kaleb skulle innta det landet han hadde sett sin fot på, innta ”Hebron”, innta samfunnet. Slik skal vi innta samfunnet med Gud, innta det lova landet. Du får innta det området som er ditt.

Så minna han om Anna Fanuelsdotter.

LUK 2,36 – LUK 2,38   Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta. Ho var langt oppi åra. I sin ungdom var ho gift i sju år, 37 og sidan hadde ho vore enkje; og no var ho åttifire år. Ho var aldri borte frå templet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. 38 I denne stunda kom ho fram og lova Gud; og ho tala om barnet til alle som venta på frelse for Jerusalem.

Møte med Tore Kristiansen.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8744751/videos/193594261?fbclid=IwAR3gTyK-jZPNuYZJrWEwTLD_rqrrK9faExyNog4cAblqockWGJZaQ1etrfw

Innleiing ved Merete.

LUK 17,3 – LUK 17,4 Ta dykk i vare!  Syndar bror din, så tal han til rettes, og angrar han, så tilgjev han. 4 Ja, om han syndar mot deg sju gonger same dagen og sju gonger kjem til deg og seier: Eg angrar, så tilgjev han.”   

Tale ved Tore Kristiansen.

JBS 14,14 – JBS 14,15   Kunne ein som er død, få liv,  då ville eg halda ut i striden  til det kom avløysing for meg. 15   Då skulle du ropa på meg og få svar,  du skulle lengta etter din skapning.

Vi ventar på avløysinga når Jesus kjem att.

JES 40,31   Men dei som ventar på Herren, får ny kraft;  dei lyfter vengene som ørnar,  dei spring og trøytnar ikkje,  dei går og mødest ikkje.

LUK 2,25 – LUK 2,34   I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudleg mann som venta på Israels trøyst. Den Heilage Ande var over han, 26 og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle døy før han hadde fått sjå den Herren hadde salva. 27 No kom han opp til templet; det var Anden som dreiv han. Og då foreldra kom med Jesus-barnet for å gjera med det som skikk og bruk var etter lova, 28 tok Simeon barnet i armane sine, lova Gud og sa: 29   Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,  etter ditt ord. 30   For augo mine har sett di frelse, 31   som du har skipa til for alle folks åsyn, 32   eit ljos til openberring for heidningane  og til ære for Israel, folket ditt. 33   Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han. 34 Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: “Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel, og til eit teikn som vert motsagt.

Paulus talte om at han vrat rykka inn i den tredje himmelen.

Jesus kjem att for å hente oss, då skal vi feire Lammets bryllaup i himmelen. Så kjem han igjen til jorda og då skal vi vere med han.

ÅPE 19,11 – ÅPE 19,14 {SIGERHERREN PÅ DEN KVITE HESTEN}  Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter “Trufast og Sannferdig”, for han dømer og strider med rettferd. 12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. 13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er “Guds ord”. 14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint.

JES 22,22 Eg legg nykelen til Davids hus på aksla hans. Når han lèt opp, skal ingen lata att, og når han lèt att, skal ingen lata opp.

JBS 19,25 – JBS 19,26   Men eg veit at min utløysar lever,  og som den siste skal han stå fram på molda. [utløysar: eig. løysingsmann.] 26   Når det ikkje er noko att av mi hud  og mitt kjøt er borttært,  då skal eg skoda Gud.

Møte med Turid Omdal.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8744750/videos/193586509?fbclid=IwAR32sGJboO4t7Hh1LSGiapl4CJeoO33wmjKKHG9nXDTBonFQuChs2yEW8I8

Innleiing ved Arne Andersen.

HSA 2,3   Som ein apal mellom trea i skogen,  så er min ven mellom unge menn.  I hans skugge er det hugnad å sitja,  hans frukt er søt i min munn.

2KO 8,9 De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.

Tale ved Turid Omdal.

1.Mos.2-3. Adam og Eva vart redde og gøymde seg for Gud.

Slik er det framleis mange som trekker seg unna, fordi dei er redde, for dei kjenner ikkje Gud.

Gud sende Samuel til Isai for å salve ein av sønene hans til konge. Den yngste vart ikkje invitert til møtet, men Samuel spurde om han ikkje hadde fleire søner. Ja, dei måtte få inn David også og så vart han salva til konge. Sidan viste det seg at David var fryktlaus.

Når Jesus gjekk på vatnet, vart disiplane først redde, men så sa Jesus til dei at dei ikkje skulle vere redde. Så snakka Peter med Jesus og så gjekk han også på vatnet. Han byrja å synke, men Jesus berga han og så gjekk han tilbake til båten saman med Jesus.

Seinare vart Peter redd og nekta for at han kjende Jesus. Men etter at den Heilage Ande fall over dei på pinsedag, vart dei fryktlause og gjekk ut og vitna om Jesus.

Ikkje vere redde, som Adam og Eva etter syndefallet, men krype inn i samfunnet med Gud.

Vi er Jesu stedfortredarar på jorda.

Turid fortalde at ein gong når ho hadde lagt seg, fekk ho ein draum eller eit syn. I draumesynet såg ho eit hus i Israel fullt av folk, Jesus sat midt i huset og la henden på dei så dei vart læke. Dei gjekk ut att friske, men nye sjuke kom inn. Men brått var han borte, stolen var tom. Men så sat ho der og så fortsette det likevel.

Turid talte om lækjedom ved bønn og det var så tydeleg med bønn til Gud om lækjedom for folk.

Tyding av tungetale ved Turid:

  1. ”Du har lese i mitt Ord der det står; eg skal utgyte min Ande over alt kjøt. Og her er utgytt med min Ande, men eg skal utgyte min Ande på ein sterkare måte enn før. Du har no lese der står i dei siste dagar skal det igjen gå an å sjå skilnad på dei som kjenner meg og dei som ikkje gjer det. Skilnaden vil bli stor. Du mitt elska barn, kom nær til meg, så eg kan fylla deg, så eg kan gi deg av mi kraft, så eg kan salva deg. Så eg kan få gi mine tankar inn i dine tankar, for eg veit kva tankar eg har for deg, eg har ikkje tankar til ulykke, men eg har tankar til framtid og til håp. Du mitt barn som trur at eg har tankar til ulykke, du kjenner meg ikkje, mitt barn. Eg vil så inderleg du skal krypa nærmar meg. At du skal ta mitt Ord og spisa det, morgon, middag, kveld.  At du spise Ordet mitt på ein sånn måte at når Ordet mitt blir i deg og du blir i meg, så skal du få be om kva du vil og du skal få det. Så mitt elska barn, kom nær til meg, kom nær til meg, søk meg. Og eg skal la meg finna, i Jesus namn, i Jesu namn.”
  2. ”Eg har høyrt di inderlege bøn om frelse for din familie. Og du skal vita eg har sett dine tårer. Ja, eg har endå samla dine tårer i mine flasker i himmelen. Eg har samla dine bønner i mine skåler i himmelen. Og, mitt barn, der er svar underveis, englar kjem med bod, om det drygjer, så skal du vita, svaret er under vegs. Nærmare enn du trur, nærmare enn du trur. Så berre forhold deg i ro, forhold deg i ro, i min nærleik, la meg få kjempa for deg. La meg få ta kampen din. Du slite deg ut, min son, du slite deg ut. La meg få ta kampen din. Eg er sigersherren ifrå Golgata, la meg få kjempa kampen din. Du skal få kvila, ja, sett deg berre stille ned og kjenn at eg er Herre, i Jesu namn. Amen, amen, amen.”

Aktuelle bibelvers.

JBS 19,25 – JBS 19,29   Men eg veit at min utløysar lever,  og som den siste skal han stå fram på molda. [utløysar: eig. løysingsmann.] 26   Når det ikkje er noko att av mi hud  og mitt kjøt er borttært,  då skal eg skoda Gud. 27   Med eigne augo skal eg sjå han,  eg sjølv og ikkje ein framand.  Å, eg tærest bort av lengsle!  28   Når de seier: “Vi vil jaga han,  rota til ulukka finst hjå han,” 29   då må de reddast for sverdet;  det er straffa for slike synder.  Då skal de sanna at det finst ein domar.

2KO 12,1 – 2KO 12,10 {SYNER OG OPENBERRINGAR}  Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. 6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

LUK 8,43 – LUK 8,48   No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Alt ho åtte hadde ho lagt ut til lækjarar, men ingen hadde greitt å gjera henne frisk att. 44 Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans, og med ein gong stogga blodet. 45 “Kven var det som tok i meg?” spurde Jesus. Ingen ville vedgå det. Då sa Peter: “Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.” 46 Men Jesus sa: “Det var einkvan som tok i meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.” 47 Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde teke i han, og korleis ho hadde vorte frisk att med det same. 48 Då sa Jesus til henne: “Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred!”

JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

JOH 15,1 – JOH 15,17 {DET SANNE VINTREET}  Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar. 9   Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!   

MLK 3,16 – MLK 3,18   Dei som har age for Herren, tala då saman,  og Herren lydde etter og høyrde kva dei sa.  Hjå han vart det skrive ei minnebok  om dei som ottast Herren og ærar hans namn.  17   Den dagen eg gjer mitt verk,  seier Herren, Allhærs Gud,  skal dei vera min eigedom,  og eg vil vera mild mot dei,  liksom ein mann er mild  mot son sin som tener han. 18   Då skal de atter sjå skil  på rettferdige og gudlause,  på dei som dyrkar Gud,  og dei som ikkje dyrkar han.

MLK 4,1 – MLK 4,3   Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn.  Alle frekke og gudlause  skal då vera som halm,  og dagen som kjem, skal brenna dei opp,  seier Herren, Allhærs Gud,  så korkje rot eller grein vert att. [dagen kjem: Herrens dag.]  2   Men for dykk som har age for mitt namn,  skal rettferdssola renna  med lækjedom under sine venger.  De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar  når dei slepp or fjøset. 3   Då skal de trakka ned dei gudlause,  dei skal vera som støv under sólane dykkar  den dagen eg gjer mitt verk,  seier Herren, Allhærs Gud.

JER 29,10 – JER 29,14   Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. 12   Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

Kommentar.

I Job.19,25-29 ser det ut som Job opplever situasjonen som at der er noko som førfølger han som rovdyr og som vil erstatte han, men det går ikkje lenger når Gud vekker opp dei døde. Det er merkeleg kor det liknar på min eigen situasjon, men ser vi det på grunnlag av 2.Tess.2, så er det ikkje lenger så rart.

Eg forstår det slik at bodskap A var først og fremst mynta på henne Virtuella. Bodskap B var fyrst og fremst mynta på meg. Når eg var ein liten gutunge lærde mor mi meg å påkalla Jesus som min frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Ved å be slik for meg sjølv ber eg om frelse for min famile også.  Der er nok ein naturleg samanheng, så fiendskapen eg vert møtt med er fiendskap mot familien min også.

Eg har visst ikkje lagt ut noko på tsivert.com sidan 28.4. sidan det er det siste møtet eg var på og då koim der bodskap gjennom tyding av tungetale, men eg har ikkje hørt slike bodskap i møta som er lagt ut på internett etter det.

I staden har eg skrive større dokumnet på bluehost944.com der er har brukt slike bodskapar som kom lengre tilbake i tid. Der har eg visst referert til møter etter 28.4 også, for eg ser eg har det i notatane mine. eg er klar til å legge ut eit slikt dokument til, der eg vil bruke bodskapen som kom ved Turid Omdal.

Advertisements


Categories:Kristendom, Kristne møte 2019

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: