2019.07. Maranata Landsstevne, Seljord 4-6. Taler ved Saltnes, Wrolsen, Sundar.

4.Møte med Ole Bjørn Saltnes.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8745356?fbclid=IwAR0hASK0I-Yg3LeF_o9BDbm6QBG3F3zMI5U-v1NripYMljIaLW3o8ueXxHs 

Tale ved Ole Bjørn Saltnes.

JES 43,18 – JES 43,21   Tenk ikkje på det som hende før,  gjev ikkje akt på det som eingong var! 19   Sjå, eg skaper noko nytt.  No gror det fram.  Merkar de det ikkje?  Ja, eg legg veg i øydemarka  og stigar i den aude hei. 20   Dyra på marka skal æra meg,  både sjakalar og strutsar.  For eg gjev vatn i øydemarka,  lèt elvar renna i den aude hei,  så mitt utvalde folk kan få drikka. 21   Det folket eg har skapt meg,  skal forkynna min pris.  

Vekkinga  er no.

HEB 13,8   Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.

2KO 6,2 For han seier:  I rette tid bønhøyrde eg deg,  på frelsesdagen hjelpte eg deg. Sjå, no er den rette tid, no er frelsesdagen!

MTT 24,14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.   

MTT 22,4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 

MTT 22,10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

Det kjem vårregn og haustregn og så skal grøda haustast. Slik er det i jordbruket og slik dyrkar Gud verda, men grøda han haustar er menneske. Vårregn: den fyrste kristne tida. Haustregn: denne endetida.

Ein ung gut vart liggande i koma etter ei bilulykke. Foreldra bad for han og der kom ein bodskap der Jesus sa han ville vekke han til live igjen på pinsedag. Så sa han også at han ville vekke det norske kristenfolk opp frå koma. Det var om ei veke og då vart han bevisst. Sidan vart han heilt lækt. No er han leiar for ei sko-kjede.

Tyding av tungetale ved Ole Bjørn.

”Du har kasta bort mange år av ditt liv, mange moglegheiter, dei har berre gått forbi deg, i din passivitet. Men eg, seier Herren, at eg vil gi deg ei ny moglegheit, du skal ikkje tenke meir på det som ligg bak, for eg gjer noko nytt, i ditt liv, eg gjer noko nytt i dette land, mellom mitt folk. Og eg kallar deg på nytt, til ei overgiving til meg,  til å tene meg, på ein ny måte, heilhjarta. La ikkje ditt sinn og dine tankar vere opptekne av det jordiske, det materielle, det nærverande, for dette er berre midlertidig. Men eg kallar deg til å engasjere deg for meg, som ein tenar, som ein disippel, i mitt rike, ein haustarbeidar i denne tid. Hausten er stor, arbeidarane få. Men eg kallar deg til teneste, den som sjølv føler at han og ho ingenting er, det er den eg har utvalt, seier Herren. Og eg kallar deg til å vere frimodig og til å følgje mitt kall. 

Ja, eg kjem meget snart og mi løn er med meg. Og eg ynskjer at du i denne tid skal vere mellom dei kloke, mellom dei med forstand, som forstår tida dei lever i. Og som kan arbeide no, medan det er dag. Fordi natta kjem, då ingen kan arbeide. Men i dag er det dag, i dag er det nådens tid. Og eg kallar deg til å gå inn i ferdiglagde oppgåver, som eg har lagt framfor deg. Du skal ikkje opne dører. Eg har allereie opna dørene for deg. Du skal berre spasere inn. Og eg skal leie deg, steg for steg, inn i oppgaver og tenester. Og eg skal stadfeste det ordet og det kallet eg gav deg, med medfølgjande teikn, seier Herren.”

Aktuelle bibelvers.

JOH 9,4 – JOH 9,5 Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. 5 Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda.”

MTT 25,1 – MTT 25,13 {DEI TI BRURMØYANE}  Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. 2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. 6   Men midt på natta høyrdest eit rop: “Brudgomen kjem! Gå og møt han!” 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: “Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.” 9 “Nei,” svara dei kloke, “vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.” 10   Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: “Herre, herre, lat opp for oss!” 12 Men han svara: “Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.” 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.   

MTT 22,1 – MTT 22,14 {BRYLLAUPET FOR KONGSSONEN}  Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 “Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester. 11   Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.”   

5. Møte med Birger Wrolsen.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8745361/videos/193637204?fbclid=IwAR3_1V2huwcFXhbttgmXNhydncRs_hiYOnm0s_KvtrENvm9lnjnBtJGciIQ 

Tungetale ved ein mann, tyding ved ei kvinne.

(Det er ikkje sikkert dette vert heilt ordrett)

5A. ”Ja, la mitt Ord få høyrast, la mitt Ord bli sett. La mitt Ord komme inn i ditt hjerte. For eg er Herren din Gud som taler i ditt hjerte, som vil openberre mitt Ord for deg, eg vil gjere alle ting nytt for deg. Kvar einaste dag, så søk meg og pris meg, så skal eg la deg fyllast. For eg er Herren din Gud, som (har) sanning, om du vil ta imot mi Sanning

5B. For eg har teke bustad inni ditt hjerte. Eg vil openberre mitt Ord for deg. Eg vil lækje ditt indre. Fordi det er det indre som tel, det er ikkje det ytre. Den stad i ditt hjerte, (den stad i dine tårer, den stad i ditt mørke, det er det som er inni deg, som eg vil ha. Eg vil ikkje ha noko av det som er utanpå, fordi det er ditt hjerte … fordi det er det einaste – som eg vil skrape, eg vil slipe.  Slik at eg kan gjere det eg vil. Og når eg får min vilje, då skal min vilje skje. Og når min vilje skjer, så blir ditt liv forvandla. La det skje, la det skje, for eg, eg er her og eg vil vere nær deg. Alle dagar, inntil verda sin ende.

5C. Frykt ikkje, ver ikkje redd, for eg er med deg. Er der (frykt)? i ditt liv, så har du autoritet – har du sjukdom i ditt liv, så har du autoritet, du må sjølv ta det vekk i mitt namn. For det står i mitt Ord at du skal drive ut alle (vonde) ånder i mitt namn, du skal legge hendene på dei sjuke, så alle menneske kan blir friske. Det er den nådegåve eg har gitt deg, og du skal bruke den, for det er til velsigning for alle menneske, slik at dei kan tru på meg. Eg som er Herren din Gud, Sanningens Gud, og at den som reddar liv i frå all fordervelse og frå den djevelens makt som prøver å ta … menneskers liv. Eg, eg er Sanninga. Tru ikkje på løgna. For eg er den eg er og eg vil vere den eg er,det vil eg vere inntil eg kjem att.”

Innleiing ved Åse Mella.

RMR 8,11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

Tungetale og tyding ved Åse Mella.

5D. ”Eg ser etter eit folk, seier Herren, som er kalla med mitt namn, som har i si ånd ein glød for meg, seier Herren, elden skal komme over deg og du skal bli annleis å sjå til, seier Herren. Du skal vere av dei glade i landet. Og du skal hauste det du har sått. Å eg er ingen karrig Gud, men eg er rik på nåde, eg er rik på barmhjertigheit, eg er rik, seier Herren, så kom fram for meg og ta ut av dine rettigheiter, kled deg i høgtidsskrud, høgtidsskrud då for mitt folk, seier Herren. Amen.”

Tale ved Birger Wrålsen.

LUK 2,36 – LUK 2,38   Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta. Ho var langt oppi åra. I sin ungdom var ho gift i sju år, 37 og sidan hadde ho vore enkje; og no var ho åttifire år. Ho var aldri borte frå templet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. 38 I denne stunda kom ho fram og lova Gud; og ho tala om barnet til alle som venta på frelse for Jerusalem.

Trua på Gud forandrar alt.

Lengselen er trua sitt rotsystem.

Paulus: Det som før var ei vinning for meg, held eg no for skrap, fordi trua på Jesus er så mykje meir verd.

Vi trur med hjertet. Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi Ord.

RMR 10,10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste.

Det hjertet er fyllt med, flyt munnen over med.

RMR 10,17 Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

Israelsfolket måtte sanke manna kvar dag og slik må vi ete Guds Ord kvar dag.

Trua er ei gave (Rom.12).

Birger fortalt at når han var i Makedonia var der ei kvinne som var fødd med celebral parese, ho var rullestolbrukar og kunne ikkje tale, men for 6 år sidan vart ho lækt ved bønn og no var ho professor i matematikk. Begge foreldra var lækjarar og dei sa at dette kunne ikkje ha skjett utan Gud.

Alt er mogleg for den som trur.

HEB 11,1 – HEB 11,6 {VITNEMÅL OM TRU}  Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege. 4   I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død. 5   Fordi Enok trudde, vart han bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han det vitnemålet at han var til hugnad for Gud. 6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

1MO 5,21 – 1MO 5,24   Då Enok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah. 22 Enok ferdast med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer. 23 Heile levetida åt Enok vart 365 år. 24 Enok ferdast med Gud. Så vart han borte, for Gud tok han til seg.

Enoks liv på jorda og bortrykking er førebilete på Jesu kyrkje.

Vi må gripe Ordet, inntil Ordet grip oss.

FIL 4,13 Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.

Har du problem, så bruk Guds Ord, td. Fil.4,13, som ein antibiotikakur (Birger er sjukepleiar). Kva seier Guds Ord, Guds lovnadar, kva svar gir det på dine problem? Et det Guds Ord til frukost, middag og kvelds.

HEB 11,6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

Birger vitna om ein pillemissbrukar som vart frelst, frigjort og lækt.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Birger.

5.E. ”Eg har lagt min Ande i ditt hjerte, eg har født deg på nytt, til eit levande håp. Du er ikkje kva du ser, men du er kva eg har gjort deg til, seier Herren. Du er ein ny skapning, du er født på ny, du er oppreist i meg. Du er satt med meg i det himmelske. Min Ande og mitt liv er i ditt hjerte og eg ynskjer å fylle deg på nytt, med min Ande. Eg vil fylle deg så det flyt over. Eg vil fylle deg så det livet som er lagt der, det vil flyte og forløyse liv i og gjennom deg. For den som har Sonen, har livet, den som har Sonen, har livet. 

5F. Eg kallar deg i tida som kjem til å gå avsides og mate ditt indre med mine lovnadar, å mate ditt indre med mitt Ord, seier Herren, og eg vil reise deg opp til den Guds mann og Guds kvinne som eg har kalla deg til å vere. Sjå ikkje på deg sjølv, sjå ikkje på dine eigne evner, men eg vil reise deg opp i mi kraft. Eg vil reise deg opp i min styrke og mi salving og min Ande vil komme over deg og du vil få sjå; du blir som eit anna menneske, når min Ande kjem over deg, når min Ande får spelerom, når du får reinsa det reine frå det ureine, så skal du få sjå min Ande skal flyte med ny kraft og ny styrke gjennom deg, seier Herren. Men la deg reinse, søk mitt ansikt, omvend deg frå deg sjølv og du skal få sjå min Ande velle fram til nytt liv.”

Aktuelle bibelvers.

HEB 4,12 – HEB 4,13   For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.  

JES 43,18 – JES 43,21   Tenk ikkje på det som hende før,  gjev ikkje akt på det som eingong var! 19   Sjå, eg skaper noko nytt.  No gror det fram.  Merkar de det ikkje?  Ja, eg legg veg i øydemarka  og stigar i den aude hei. 20   Dyra på marka skal æra meg,  både sjakalar og strutsar.  For eg gjev vatn i øydemarka,  lèt elvar renna i den aude hei,  så mitt utvalde folk kan få drikka. 21   Det folket eg har skapt meg,  skal forkynna min pris.  JES 48,6   Du har høyrt og sett det alt.  Må de ikkje sanna det?  Men no forkynner eg noko nytt,  dulde ting som du ikkje veit om. 

JES 48,5 – JES 48,11   Så kunngjorde eg det føreåt,  lét deg vita det før det hende,  så du ikkje skulle seia:  “Dette har mitt gudebilete gjort,  min gud av tre og metall har laga det så.” 6   Du har høyrt og sett det alt.  Må de ikkje sanna det?  Men no forkynner eg noko nytt,  dulde ting som du ikkje veit om. 7   No vert det skapt og ikkje før,  du har ikkje høyrt om det før i dag,  så du ikkje skulle seia:  “Det visste eg!” 8   Du har korkje høyrt eller visst det,  eller før fått øyra opp for det.   Eg visste då vel kor trulaus du er,  frå mors liv har du heitt ein svikar. 9   For mitt namn skuld døyver eg min harme,  for mi ære skuld tøymer eg meg  og rydjar deg ikkje ut. 10   Eg har reinsa deg, men ikkje som sølv,  eg har prøvt deg i lidingsomnen. 11   For mi eiga skuld grip eg no inn.  Kor ville eg elles verta vanæra!  Mi ære gjev eg ingen annan.  

JER 31,21 – JER 31,23 {KOM HEIM ATT!}  Reis vardar som viser veg,  set opp merkesteinar for deg!  Legg nøye merke til den vegen du gjekk!  Kom heim att, Israel, du unge møy,  kom heim att til byane dine! 22   Kor lenge vil du snu deg hit og dit,  du fråfalne dotter?  No vil Herren skapa noko nytt i landet;  då kan ei kvinne verja ein mann.  23   Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei seia i Juda og i byane der, når eg vender lagnaden deira: “Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.” 

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.  

JOH 3,36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.”  

JOH 5,26 For liksom Faderen har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv; 

1JO 5,12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.  

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.  

6.Israels-møte med Eva Olsrud Sundar.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8746331/videos/193660776?fbclid=IwAR1rEcNBgumjZxA5SwCpjV2itNFK9bxrueGjmD3dtIpcPavV3HIA9wL-rAw

Ein pinsepredikant som talte til FN’hovudforsamling i 1947.

Møteleiaren fortalde at på eit pinsemøte i 1947, kom Åge Samuelsen med ei tungetale som ein pinsehøvding, Rein Sehus, tyda.  Bodskapen var omtrent slik: ”Sjå, seier Herren, eg kallar deg, min tenar, til å reise til Amerika, til New York, til FN’s hovudforsamling, der Israels-spørsmålet skal debatterast og du skal forkynne mitt ord til delegatane.”

 Rein Sehus forstod etter kvart at det var til seg sjølv, han dreiv eit magasin og fekk tilgang til FN’s hovudforsamling som presse-mann. Nordmannen Trygve Lie var generalsekretær i FN, Rein Sehus møtte han på gata og fortalede han profetien om at jødane skulle få komme tilbake til landet sitt, så fekk han tale til Forsamlinga. Og i november 1947 vart det vedteke i FN at jødane skulle få sin eigen stat.

Innleiing ved Israels-misjonær Sigrid Ellevstjønn.

Ho er misjonær mellom jødar og muslimar i Israel. Der er ei vekking mellom arabarar i Israel og då er det ofte ved at Jesus openberrar seg for dei, så det kjem som oppfylling av Jes 65,1.

JES 65,1 {HERREN STRAFFAR OG GJEV NÅDE}  Eg hadde svar til dei som ikkje spurde,  eg var å finna for dei som ikkje søkte meg.  Til eit folk som ikkje kalla på meg,  sa eg: “Her er eg, her er eg!”

Arabiske ungar oppdagar at Allah er ikkje den same som Israels Gud, så dei spør etter kva som er skilnaden, dei svarar at skilnaden er Jesus.

Tale ved Eva Olsrud Sundar, frå den kristne Ambasade i Jerusalem (ICEJ).

ICAJ er representert i 90 nasjonar, men arbeider og informerer i fleire.

JES 40,1 – JES 40,2 {GLEDEBOD TIL JERUSALEM}  Trøysta, trøysta mitt folk,  seier dykkar Gud. 2   Tala mildt til Jerusalem  og ropa til henne  at striden hennar er enda,  at skulda hennar er kvitta,  at ho har fått av Herrens hand  dobbelt for alle sine synder.  

ÅPE 19,11 – ÅPE 19,16 {SIGERHERREN PÅ DEN KVITE HESTEN}  Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter “Trufast og Sannferdig”, for han dømer og strider med rettferd. 12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. 13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er “Guds ord”. 14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. 16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

Gud er den same, han har har ikkje endra seg, sjølv om han har oppretta ei ny pakt. Nåden er evig, men det er over Jesu kyrkje. 

Jesus kom med bodskap om eit nådens år, men det er i ferd med å renne ut, for verda altså, men ikkje for Jesu kyrkje.

Jesus sa til jødane at dei for vilt, fordi dei ikkje kjende skriftene og då var det skriftene i det gamle testamentet han tala om.

Jødane venta seg ein annan slags Messias. Endåtil døyparen Johannes sende spørsmål til han om han verkeleg var den som dei venta på.

JES 53,1 – JES 53,5   Kven trudde det bodet vi høyrde,  og kven fekk sjå Herrens makt? 2   Han rann som ein kvist for Guds åsyn,  som ein renning or turr jord.  Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,  det var ingen hugnad å sjå han. 3   Vanvørd var han, folk heldt seg unna,  ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,  ein svivørd mann som ingen ville sjå på;  vi rekna han for inkje.  4   Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,  og våre pinsler bar han.  Vi trudde han var heimsøkt,  slegen av Gud og ille plaga. 5   Men han vart såra for våre brot  og sundbroten for våre synder.  Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,  og ved hans sår har vi fått lækjedom.   

Men profetordet gjekk i oppfylling ved at Ordet vart kjøt!

JES 61,1 – JES 61,3 {EIT NÅDEÅR FRÅ HERREN}  Herrens Ande er over meg;  for Herren Gud har salva meg.  Han har sendt meg til å forkynna  ein gledebodskap for armingar,  til å lækja dei som har eit knust hjarta,  til å ropa ut fridom for fangar  og frigjering for dei bundne. 2   Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,  ein dag med straff frå vår Gud.  Eg skal trøysta alle som syrgjer, 3   og gje dei syrgjande i Sion  hovudprydnad i staden for oske,  gledeolje i staden for syrgjeklede  og lovsong i staden for motløyse.  Dei skal kallast rettferds mektige tre,  som Herren har planta  for å syna sin herlegdom.

LUK 4,16 – LUK 4,21   Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, 17 gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står: 18   Herrens Ande er over meg,  for han har salva meg til å forkynna  ein gledebodskap for fattige.  Han har sendt meg for å ropa ut  at fangar skal få fridom,  og at blinde skal få sjå,  for å løysa dei trælka or tvang 19   og ropa ut eit nådeår frå Herren. 20   Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja såleis: “I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.”

Jesus stoppa midt i profetien, så oppfyllinga av den fekk altså vere til ein annan gang. Jesus skal likevel gi dei hovudpryd i staden for aske. 

Ho refererte til:

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  

JOE 3,14 – JOE 3,19   Rop dette ut mellom folka:  Bu dykk til heilag krig, vekk krigarane!  Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut! 15   Smid plogjerna om til sverd  og vingardsknivane til spyd!  Den veike skal seia: “Eg er ei kjempe.” 16   Skunda dykk og kom!  Kom saman, alle de folkeslag rundt ikring!  Herre, før dine krigarar dit!  17   Folkeslaga skal ta ut  og fara til Josjafat-dalen.  For der vil eg sitja til doms  over folk frå alle kantar. 18   Sving sigden, for grøda er mogen!  Kom og trakk, for vinpressa er full,  pressekummane fløymer over!  For vondskapen åt folka er stor. 19   Det er eit mylder og ståk i avgjerdsdalen,  Herrens dag er nær i avgjerdsdalen. [avgjerdsdalen: Josjafat-dalen. -> v. 7.]

SLM 2,1 – SLM 2,12 {HERREN OG DEN HAN HAR SALVA}  Kvifor ståkar folkeslaga,  kvifor legg folka gagnlause planar? 2   Kongane på jorda reiser seg,  fyrstane legg råd i lag  mot Herren og den han har salva: [den Herren har salva: kongen i Israel, her skildra som frelsarkonge (Messias). Sml. 1 Sam 10, 1.] 3   “Lat oss slita sund deira lekkjer  og kasta deira reip av oss!”  4   Han som tronar i himmelen, ler,  Herren spottar dei. 5   Så talar han til dei i sin vreide,  med brennande harme skræmer han dei: 6   “Det er eg som har sett inn min konge  på Sion, mitt heilage fjell.”  7   Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.  Han sa til meg: “Du er son min,  eg har født deg i dag. [det Herren har fastsett: kanskje eit ord frå Gud til kongen på kroningsdagen. Sml. 2 Kong 11, 12.] [født: Kongen har fått stilling som son, med fullmakt til å styra på Guds vegner.] 8   Bed meg, så gjev eg deg folka til arv  og heile jorda til eige. 9   Du skal knusa dei med jernstav  og slå dei sund som leirkar.” [jernstav: styrarstav av jern.]  10   Og no, de kongar, far visleg fram,  ta imot åtvaring, de styrarar på jord! 11   Ten Herren med age og glede, 12   kyss skjelvande jorda for hans føter,  så han ikkje skal verta vreid  og de gå til grunne på vegen.  For lett kan hans vreide kveikjast.   Sæle er alle som flyr til han.  

JES 59,15 – JES 59,20   Truskapen er borte,  og den som held seg frå vondskap, vert plyndra.   Herren såg – og det var vondt i hans augo –  at det ikkje var retten som rådde. 16   Han såg at ikkje ein steig fram,  og undra seg over  at ingen førte hans sak.  Då kom hans arm han til hjelp,  hans rettferd stødde han. 17   Han tok rettferd på seg til brynje  og sette frelseshjelm på sitt hovud.  Så kledde han seg i hemnens klednad  og sveipte om seg brennhug til kappe.  18   Han løner folk etter det dei har gjort,  med harme mot uvener, hemn over fiendar;  jamvel mot øyar og strender gjer han attergjeld. 19   Dei skal ottast Herrens namn i vest  og hans herlegdom i aust.  For han kjem som ein veldig flaum,  som Herrens storm driv fram. 20   Han kjem som utløysar for Sion, for dei som snur om frå synd i Jakob,  lyder ordet frå Herren.  

Tyding av tungetale ved ei kvinne:

6. ”….., det angrar eg ikkje på. Eg kalla det minste, eg kalla det ringaste. Ja, eg vart født i ein stall, mellom oksar, eg vart født i det som ingen ting er og ei stjerne vart stegen opp i Jakob og profetordet som hadde vorte talt i århundrer, vart oppfylt. Eg er morgonstjerna, eg er alfa og eg er omega, eg følgjer nøye med mitt eigedomsfolk og eg følgjer nøye med mitt folk som eg kjøpte med mitt blod,  som eg kalla med namn og som er eitt folk, av alle tunger, alle folk og alle ætter. Eg er den som våker over mitt ord, så eg fullfører det. For det er eg sjølv som er Ordet. Derfor skal ikkje ein tøddel av det gå til skamme og til spille, for eg er sjølve Ordet, som i denne tida vert kjøt. Derfor forakt ikkje mitt folk, Israel, forakt ikkje jødane, for frelsa kjem ifrå jødane. Og eg har sett meg på trona og du skal ikkje skamme deg for din eigen familie, for eg er ein jøde, eg er din bror, men eg er også din frelsar, eg er også din brudgom, eg er din venn.”

Aktuelle bibelvers.

MTT 5,17 – MTT 5,20 {LOV OG OPPFYLLING}  Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. 18 Sanneleg, det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt. 19 Om då nokon opphevar eit einaste av desse minste boda, og lærer menneska såleis, skal han reknast for den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre det, han skal vera stor i himmelriket. 20 Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda åt dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.   

RMR 8,11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

1JO 4,1 – 1JO 4,6 {PRØV ÅNDENE!}  De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4   Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda.  

2JO 1,7 – 2JO 1,9 {FALSKE LÆRARAR}  For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Det er forføraren, det er Antikrist! 8 Ta dykk i vare, så de ikkje misser det de har vunne med arbeidet dykkar, men får full løn. 9   Den som ikkje held seg til Kristi lære, men går ut over den, har ikkje samfunn med Gud. Den som held fast ved læra, han har samfunn med Faderen og Sonen.

Kommentar.

For vel 10 år sidan sende Jesus meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, for Jesus er Sanninga som set oss fri, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Eg skulle gå med ein bodskap om gjenoppretting, for på evaneliets grunnvoll får vi komme inn i eit slikt samfunn med Gud som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livegivande ånd. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no.

Dette har ikkje fungert skikkeleg, kvinnerørsla og mange prestar, politikarar og kristne  leiarar har tvert om protestert mot det. Eg byrja å studere realfag i Oslo hausten 1984 og Jesus sa til meg at der var ein sjukdom mellom Guds folk og eg hadde fått kjenne noko av den sjukdomen i meg, men Jesus ville lækje den. Sidan har eg samanlikna det med profeten Jeremias som talte om Israels fråfall som ein sjukdom og ei skade i folket og det var noko som han sjølv kjend og opplevde som ein sjukdom og ei skade.

Men Gud er den samen, hans Ord er det same, Jesus er den same. Han ville gjere meg til kanal for si velsigning, javel, då gjer han meg i alle fall til kanal for si velsigning til henne som han gir meg til kone. Jesus er Guds Ord, han er hovudet mitt, han talar til meg ved at eg lese i Bibelen og at predikantar les ifrå Bibelen og forklarar tekstane og så talar han til meg gjennom tyding av tungetale. Slik vil han også tale til henne som han vil gi meg til kone og då tale til henen gjennom meg. Den Heilage Ande openberrar Ordet for meg, så eg skal forstå det med hjertet og med hjerna, så eg forstår at det er den galde og frigjerande bodskapen til både meg og henne, Jesus er Sanninga som set både meg og henne fri. 

Mi sak er at eg har bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone og eg skal la han ta seg av den. I bodskap 2B sa han til meg:” Så berre forhold deg i ro, forhold deg i ro, i min nærleik, la meg få kjempa for deg. La meg få ta kampen din. Du slite deg ut, min son, du slite deg ut. La meg få ta kampen din. Eg er sigersherren ifrå Golgata, la meg få kjempa kampen din. Du skal få kvila, ja, sett deg berre stille ned og kjenn at eg er Herre, i Jesu namn.” 

 Så for tida held eg meg i ro heime på Sunnmøre.

I bodskap 5B sa Jesus: ”Eg vil ikkje ha noko av det som er utanpå, fordi det er ditt hjerte … fordi det er det einaste – som eg vil skrape, eg vil slipe.  Slik at eg kan gjere det eg vil. Og når eg får min vilje, då skal min vilje skje.”

Jesus vil frelse vår sjel for æva og gi oss evig liv. Det er det som er verdifullt for Gud og det er det som er verdifullt for oss også. Det er eit verk han gjer i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande. Derfor er det så viktig for han og for oss at vi av hjertet vender oss til han. Så han ser til hjertet. Ja, hans auge fær utover heile jorda, så han med si kraft kan komme dei til hjelp, som heilhjarta held seg til han. Får han hjertet vårt, så får han kroppen vår også.

I bodskap 2B sa han at det som er utanpå vil han ikkje ha. Kva er det? Kleda? Smykke og sminke? Frå først av gjekk Adam og Eva nakne i Edens hage og blygdest ikkje. Etter syndefallet såg dei at dei var nakne, så dei vart redde og gøymde seg for Gud med dårleg samvit. Derfor gav Gud ei klede av skinn.

”Mor Israel” var Guds kone. Men dersom han skulle få berre det ytre, berre kleda hannar, så ville det vere temmeleg stusseleg. Kvar vart det av det som tidlegare var inni kleda? Kven for med det? Dersom bruda forsvann og brudgom sat igjen med berre brudekjolen, ville det verte ei stusseleg bryllaupsnatt for brudgomen, det ville vere temmeleg stusseleg for ein mann om kona hans kledde av seg på soveromet, som om det var berre dette som var hans og så stakk ho over til naboen. 

”Mor Israel” vart ei hore som dreiv hor med gudane til nabofolka. Men etter kvart tok Gud tilbake det som han hadde gitt henne, det fine linet som ho hadde å kle seg med, kornet, vinen og oljen. Men då vart ho visst ikkje så attraktiv for naboane lengre. Dei som ho dreiv hor med, vart hennar dommarar som dømde henne og straffa henne.

Men den klednaden Jesus gir oss er han sjølv. Han er det sanne vintreet, vi er greinene. Vi må vere i han (Efesarbrevet), som ei grein på vintreet, for å bere frukt (Joh.15,1…).  Vi må vere i Anden som han gav oss av berre nåde. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Han brud kler seg i fint lin og det er gjerningane til dei heilage, det er trua sine gjerningar.

ÅPE 19,6 – ÅPE 19,9   Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:  Halleluja!  Herren vår Gud, Den Allmektige, har vorte konge! 7   Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!  Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!  Brura har butt seg; 8   ho har fått ein bunad av skinande reint lin. – Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage. 9   Og han seier til meg: “Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.” Og han la til: “Dette er Guds sanne ord.”

———

Eva Olsrud Sundar tolka Joel.3,15 slik at ”Den veike skal seia: Eg er ei kjempe” er spott mot heidningfolka som kjem og vil ta jødane. Men i bodskap som er komne gjennom tyding av tungetale, har dette vorte brukt om at når vi vert fyllte av den Heilage Ande og styrka ved Guds kraft, så skal den svake seia at han er ei kjempe. Så det høver med Paulus sine ord om at han helst vil rosa seg av si vanmakt, så Kristi kraft kan bu i han.

Advertisements


Categories:Kristendom, Kristne møte

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: