2019.07. Maranata landsstevne, Seljord. 7-9. Taler ved Langerud, Martinsen, Kristiansen.

Møte med John Langerud.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8746339/videos/193667517?fbclid=IwAR2SMV8ruMKrGlaXjaRIaiDQoS4RHQeYO41l_jfP88mpicso_sSvaS5DwY8 

Innleiing ved Karsten Parr.

Karsten ville seie noko om at den fullkomne kjærleiken driv angsten ut. 

1JO 4,18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda.

SLM 27,1 {HERREN ER MITT LJOS OG MI FRELSE}  Av David.   Herren er mitt ljos og mi frelse,  kven skulle eg ottast?  Herren er eit vern for mitt liv,  kven skulle eg skjelva for?  

JOH 17,3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.

Han minna også om dei tre som vart kasta i eldomnen, men Jesus var med dei og berga dei.

DNL 3,19 – DNL 3,25   Då rann det slikt sinne i Nebukadnesar mot Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego at han reint skaptest om i andletet. Han sa frå at dei skulle gjera omnen sju gonger så heit som vanleg. 20 Og han sette nokre handfaste karar i hæren til å binda Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego og kasta dei i omnen med logande eld. 21 Så vart mennene bundne og kasta i den glødande omnen, med kappene, buksene, huene og dei andre kleda på seg. 22 Sidan kongsbodet var så strengt, og omnen difor så sterkt oppheta, vart dei som førte Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego opp, drepne av logane. 23 Dei andre tre, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, fall bundne ned i den glødande omnen. 24   Då vart kong Nebukadnesar forfærd. Han reiste seg brått og sa til rådsherrane sine: “Var det ikkje tre menn vi kasta bundne ned i elden?” “Jau visst, konge,” svara dei. 25 Då sa han: “Men eg ser fire menn gå fritt ikring i elden, og det finst ikkje mein på dei. Den fjerde ser ut som ein gudeson.” [gudeson: engelen i v. 28.]

Innlegg ved Nils Andre Draugedal.

ÅPE 4,1 – ÅPE 4,11 {TILBEDING I HIMMELEN}  Deretter hadde eg eit syn: Eg såg at det var opna ei dør inn til himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: “Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.” 2   I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen. 3 Han som sat der, var å sjå til som jaspis og karneol, og kring kongsstolen var ein regnboge; han var som smaragd. [jaspis, karneol, smaragd: namn på edelsteinar. Sjå 21, 18 ff.] 4 I ein ring kring kongsstolen såg eg tjuefire andre stolar, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede og med gullkransar på hovudet. 5 Frå kongsstolen gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor stolen brann det sju faklar; det er dei sju Guds ånder. 6 Framfor kongsstolen var det som eit glashav, likt krystall. Og kringom kongsstolen, midt på kvar side, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av augo framme og bak. 7   Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg. 8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:  Heilag, heilag, heilag  er Herren Gud, Den Allmektige,  han som var og som er og som kjem. 9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar: 11   Verdig er du, vår Herre og Gud,  til å få all pris og ære og makt.  For du har skapt alle ting;  du ville det, og dei vart til, skapte av deg.  

Tale ved John Langerud: ”Sendebod i staden for Kristus”.

John var alkoholikar, men gjekk på kristne møter og gjekk til forbønn. Då var der nokon som i trua på Jesus tok autoritet, for å frigjere han.

Jesus sat i lag med tollarar og syndarar og det vil John også gjere.

Tjuven er komen for å stele, slakte og øyde, men Jesus er komen for å gi ånd og liv og liv i overflod.

Lasarus var død, men Jesus sa dei skulle ta bort steinen. Så sa han til Lasarus at han skulle komme ut. Så sa han at dei skulle løyse han og la han gå.

Jesus er Sanninga som set oss fri.

RMR 8,1 – RMR 8,2 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.

Peter og Johannes var sendebod i staden for Kristus:

APG 3,1 – APG 3,8 {PETER LÆKJER OG FORKYNNER}  Ein dag då det leid til bønetimen, som er den niande timen, gjekk Peter og Johannes opp til templet. 2 Då kom det nokre berande med ein mann som hadde vore lam all si tid. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som kallast Fagerporten, så han kunne be dei som gjekk inn i templet, om ei sælebotsgåve. 3 Som han fekk auga på Peter og Johannes på veg inn, bad han dei òg om ei gåve. 4 Dei feste augo på han, og Peter sa: “Sjå på oss!” 5 Han så gjorde, for han vona dei ville gje han noko. 6 Men Peter sa: “Sølv og gull eig eg ikkje; men det eg har, det gjev eg deg. I namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, byd eg deg: Stå opp og gå!” 7 Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og okla. 8 Han spratt opp, stod på føtene og tok til å gå ikring. Så fylgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han og snart sprang han, alt medan han lova Gud.

John samanlikna det med korleis Jesu sendebod kom til han.

John ynskjer at evangeliet skal verte forkynnt slik at der det er sorg i heimane og kyrkjelydane, i bygdene og byane, der vert det glede.

Møte med Håkon Martinsen.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8746342/videos/193676186?fbclid=IwAR1FHWqR9MP_s-Uetr3NEZ7VabR5KMnciNtIOHfHF5hM5GM5-2JR0ii_ZEw

Innleiing ved Hjalmar.

SLM 84,12 – SLM 84,13   For Herren vår Gud er sol og skjold,  Herren gjev nåde og ære.  Den som er ærleg i si ferd,  nektar han ikkje noko godt. 13   Herre, Allhærs Gud,  sæl er den som set si lit til deg.  

Tale ved Håkon Martinsen.

EFE 4,27 Lat ikkje djevelen sleppa til!

Når de som er vonde veit å gi borna dykkar gode gaver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gi den Heilage Ande til dei som ber han?

Håkon talte om Josef som vart den nest mektigaste i Egypt og Jakob fekk vite det, då vart Jakobs ånd oppliva, då sa Israel: …. Så Guds folk, reis deg opp i Guds veldige kraft.

2KR 5,7 Så bar prestane Herrens paktkiste og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelromet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.

1PE 2,9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.

Paktkista kom på rett plass i tempelet, slik må vi la Jesus komme på rett plass i oss.

Jesu siger er vår siger.

Det er Guds verk at vi er i Kristus.

JES 38,1 – JES 38,5 {SJUKDOMEN ÅT KONG HISKIA}  På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: “Så seier Herren: No må du ordna opp etter deg, for du skal døy; du får ikkje leva lenger.” 2 Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren. 3 “Å, Herre,” sa han, “kom i hug at eg har ferdast trufast og heilhjarta for ditt åsyn og gjort det som godt er i dine augo.” Og Hiskia gret høgt. 4   Då kom Herrens ord til Jesaja, og det lydde så: 5 “Gå og sei til Hiskia: Så seier Herren, Gud åt David, ættefar din: Eg har høyrt bøna di og sett tårene dine. Sjå, eg legg endå femten år til levetida di.

Liksom Hiskia måtte ordne opp etter seg, må vi sjå til at vårt forhold til Kristus er rett. Det kan så bety at der er nokon som får lækjedom, at lækjedomen får flyte inn i ditt liv. Gud skal lækje deg. Det er Gud det er snakk om, det er Kristi forsoningsverk på Golgata kors. Derfor kan vi komme til han akkurat slik som vi er.

Tyding av tungetale.

8.”Du må vere villig å trekke ditt syn bort ifrå det som uroar deg. Du må vere villig til å la meg få styre dine tankar, dine ord, dine gjerningar og ikkje minst ditt indre liv. (Du må sjå at)? eg er den som tilgir, at eg er den som løftar opp. At eg er den som gir nytt liv, når ditt liv held på å forsvinne. Men eg har talt til min kyrkjelyd, eg har sagt det til min kyrkjelyd. De må vere eitt. Og då ser eg ikkje berre på (det interessante)?, men eg ser at i dag så er det betre å  stå skulder til skulder med kvarandre. For at mitt Ord skal komme inn i dykkar liv og gjere noko nytt. Ja, eg seier, eg vil skape noko nytt i ditt indre. Og eg ser at noko er gått tapt. Men eg vil gjere nye ting. Eg vil openberre meg for den som søker meg. Eg vil gi kraft til den som ber meg. Eg vil at du skal vite at mine auge er fasta på deg. For at du skal få nye moglegheiter til å gjere det eg har kalla deg til. Å gå der eg sender deg til. Du skal gløyme det som er bak og så skal du strekke deg ut i denne tid, for å bringe bodskap om meg til ei verden som er i naud. Ja, den er så nær ein død, men eg har liv og liv i overflod. Ver ikkje redd. Bekymre deg ikkje. For eg vil gi deg av min Ande, den som Faderen har gitt meg, vil eg gi til deg, min kyrkjelyd og til deg og pris meg og lov meg. Fordi di framtid ligger i mine hender. Amen.”

Møte med Tore Kristiansen.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8746349/videos/193699621?fbclid=IwAR02uDorcT7V9KPn-SWMpXtKGVnOLCYRlPZS-D709CHLU3UxyHi3V60ODwo

Innleiing ved Turid Omdal.

JES 53,2 – JES 53,5   Han rann som ein kvist for Guds åsyn,  som ein renning or turr jord.  Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,  det var ingen hugnad å sjå han. 3   Vanvørd var han, folk heldt seg unna,  ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,  ein svivørd mann som ingen ville sjå på;  vi rekna han for inkje.  4   Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,  og våre pinsler bar han.  Vi trudde han var heimsøkt,  slegen av Gud og ille plaga. 5   Men han vart såra for våre brot  og sundbroten for våre synder.  Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,  og ved hans sår har vi fått lækjedom.  

ÅPE 1,12 – ÅPE 1,18   Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft. 17   Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:  Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket.

Turid fortalde ho hadde eit syn, der ein båt gjekk under ogg menneska vart liggande i havet. Der vart ein redningsaksjon med helikopter og det heile. Men så byrja redningsmannskapet å krangle om korleis dei skulle gjere det.

Så la oss ikkje krangle om det, men vere samde om at vi skal redde folket, vi skal redde Noreg. Vi skal sjå Noreg på kne for Gud.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Turid.

9A. ”Du har lese der det står i mitt ord, at når mitt folk, som er kalla til mitt namn, omvender seg frå sine vonde gjerningar og ber til meg, så skal eg høyra i himmelen og eg komma og lækja dei. Mitt elska folk, eg kallar dykk nærmare meg. Mitt elska folk, eg kallar dykk heilt inn til mitt hjarte. For mitt hjarte, det blør, mitt hjarte det blør for den døyande verda. Mitt hjarte kjenner på nøden og på smerten. Eg ser alle dei som ropar på hjelp, eg ser dei som ligg rundt i konteinarar, eg ser dei som ligg rundt på hospitsa. Eg ser dei som ligg ute på gatene. Eg ber deg, mitt elska barn, kom nær til meg, få tak i mitt hjarte, få tak i min kjærleik, få tak i det som er hos meg, for alle ting du treng til, det finst hos meg.” 

9B. ”Frykt ikkje, når du går ut, for eg er med deg. Sjå deg ikkje engsteleg omkring, når du går ut, for eg er din Gud, eg skal styrka deg, eg skal hjelpa deg. Eg skal halda deg oppe med mi rettferds høgre hand. Så kryp nær til meg, endå nærmare enn før. Få fatt i mitt hjarte, få fatt i min nød, få fatt i mine tårer, for dei som er på veg til fortapinga. I Jesu namn. Amen.”

Tale ved Tore Kristiansen.

ESK 8,2 Då fekk eg sjå ein skapnad som likna ein mann. Nedover frå hoftene såg han ut som eld, og frå hoftene og oppover var det liksom ein glans, som skinande metall å sjå til. [ein mann: etter den gr. oms.; på hebr.: “ein eld”.]

Her er det tale om Jesus og det er han det er tale om i Esekiel.9,1 også.

ESK 9,1 – ESK 9,11 {JERUSALEMS SYND OG STRAFF}  Så høyrde eg han ropa med høg røyst: “Kom hit og lat byen få si straff! Kvar og ein må ha sitt øydeleggingsvåpen i handa.” [han: skapnaden som er skildra i 8, 2.] 2 Og sjå, frå den øvre porten, den som vender mot nord, kom seks mann, kvar med sitt øydeleggingsvåpen i handa. Og mellom dei var det ein mann som var kledd i lin og hadde skrivesaker hangande i beltet. Dei kom og vart ståande attmed bronsealtaret. 3   Då lyfte herlegdomen åt Israels Gud seg opp frå kjerubane, som han hadde vore over, og lyfte seg til dørstokken i templet. Herren ropa til mannen som var kledd i lin og hadde skrivesaker i beltet, 4 og han sa til han: “Gå gjennom byen, midt igjennom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over all den styggedomen som går føre seg der.” 5 Og til dei andre sa han så eg høyrde på: “Gå gjennom byen etter mannen og hogg ned for fote! Vis ikkje medkjensle, og spar ingen! 6 Gamle og unge menn, unge jenter, kvinner og born skal de slå i hel og rydja ut. Men de må ikkje røra nokon av dei som har merke på seg. De skal ta til ved min heilagdom.” Og dei tok til med dei gamle mennene som stod framfor Herrens hus. 7 Då sa han til dei: “Gjer huset ureint, fyll tempelgardane med drepne! Far av stad!” Så fór dei av stad og slo ned folk i byen. 8   Medan dei heldt på med det, vart eg åleine att. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda og ropa: “Å, Herre Gud, vil du tyna alt som er att av Israel, sidan du lèt din harme gå ut over Jerusalem?” 9 Han svara: “Israels og Judas skuld er umåteleg stor. Landet er fullt av blodskuld, og i byen vert retten stendig krenkt. For dei seier: Herren har fare frå landet; Herren ser ikkje noko. 10 Difor vil heller ikkje eg visa medkjensle eller skånsel. Eg gjev dei att for deira ferd.” 11 Mannen som var kledd i lin og hadde skrivesaker i beltet, kom att og sa frå: “Eg har gjort som du baud meg.”  

Esekiel bad for folket, Tore samanlikna det med Abrahams bøn for Sodoma.

Mykje av folket hadde vorte bortførde til Babylonia. Det kan ver ein grunn til at prestane byrja å tenke som so at Herren hadde forlete landet. Så dei tilbad sola, Astarte og egyptiske gudar. Dei vende ryggen til alteret og vende seg mot aust for å tilbe sola.

Tore samanlikna det med korleis folket i vår tid vender ryggen til Kristus.

Ein av mennene var kledd i lin og hadde skrivereiskap. Han skreiv eit merke i panna på dei som vende seg til Gud. Tore samalikna det blodet som vart stroke på dør-skidene og Jesu blod som reinser frå all synd. Så mannen i linkleda også er Jesus. 

2MO 12,7 Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det. 

2MO 12,12 – 2MO 12,13 For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren. 13 Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt. [fara framom: På hebr. minner dette ordlaget om ordet for påske. På den måten tolkar ein då namnet på høgtida.] 

2MO 12,22 – 2MO 12,23 Så skal de ta ein isopkvast, duppa han i blodet som er i skåla, og stryka noko av blodet på dørbjelken og dørstolpane. Og ingen av dykk må gå ut gjennom husdøra si før om morgonen. 23 For Herren vil fara gjennom landet og slå egyptarane med ulukke. Og når han ser blodet på dørbjelken og dørstolpane, skal han fara framom døra og ikkje la tynaren sleppa inn i husa dykkar og drepa. [tynaren: ein straffande engel. Sml. 2 Sam 24, 16; 2 Kong 19, 35.]

Vi treng forløysinga i Jesu blod.

1KO 1,17 – 1KO 1,18 {GUDS VISDOM OG MENNESKEVISDOM}  Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

KOL 2,14 – KOL 2,15 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.  

FIL 1,21 For meg er livet Kristus og døden ei vinning.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Tore.

9C.        ”Gå ikkje nedbøygd omkring, men rett ryggen, løft blikket, sjå opp på meg, eg som veit om deg. Og når du ser opp til meg, eg som forstår alle ting, så skal eg styrke deg og løfte deg og befri deg. For det verk eg har gjort for deg, det består framleis. Og krafta i det verket, skal ikkje avta, men det skal tilta. Skjul deg derfor i mine sår og du skal kjenne krafta frå lækjedomen.”

9D.  Om domsprofetane i dag forkynner at dersom de ikkje snur, så vil det gå gale, så skal de vite, de skal få ein ny himmel og de skal få ei ny jord. Og de skal få sjå min herlegdom. Når desse menneska her nede ikkje lengre klarar å styre kursen, så skal eg, Herren, openberre meg i herlegdom. Og eg skal ta taumane og eg skal styre alt inn i min fullkommenheit. Halleluja. Halleluja.”

Kommentar.

I bodskap 9A er det tale om nokon som ligg i konteinarar, på hospits og på gatene. Det får meg til å tenke på menneskesmugling, asylmottak, menneske vert uteliggarar. Menneske vert gjort til salsvare, som trælar, slik vi ser i Joel.3,8, Sakarja.11, Joh.Op.18,13. vi forstår vel at det er ein falsk religion og ein feilslått politikk som er årsaka til mykje av nøden og problema (Joh.Op.17-18).

I 9d er det tale om dagens dommedagsprofetar og vi forstår vel at det er falske profetar. Med tida vert det nok tydelegare og tydelegare at verda er forførd med falsk religion, som resulterer i feilslått politikk.

Naturvitskapen med utviklingslæra, gologien og paleontologien, fortel om store masseutryddingar, gjerne ved naturkatastrofer som astroide-nedslag. Mange livsformar har vorte utrydda, men nye har vorte utvikla. Det er noko som har skjett utan naturkatastrofer også. Så slik er naturen. Og astronomane seier at om det skal komme eit nytt astroidenedslag er eigentleg ikkje så mykje eit spørsmål om det skjer, men når det skjer. Det er nok nettopp noko slikt Bibelen profeterer om, som at stjernene skal alle ned på jorda. I tillegg vert stjerne brukt symbolsk om ein ”engel”, ein som forkynner ein bodskap altså. At stjerna fell ned, kan bety at det viser seg at bodskapen vert avsanna og avslørt som vranglære. 

Men eg trur Gud har skapt det alt saman likevel, han skaper både med momentane underverk og gjennom langvarig utvikling, då kan det sjå ut som naturen er overleten til seg sjølv, så det som skjer er tilfeldig. Ja, tilfeldigheita er fundamental i naturen og Gud overlet naturen til seg sjølv, så det som skjer er ganske riktig tilfeldig. Likevel er det no han som har skapt alle ting ved sitt Ord og held det alt saman oppe med sitt Ord og han overvåker det. Han våker over sitt Ord og let det gå slik som han vil. 

Der kjem ein dommedag med at sjernene fell ned på jorda (astroidenedslag eller noko liknande), men før det kjem domedagen i form av krig og spetakkel og det er nok allereie i gang. Uansett skal vi satse på den nåden Gud gir oss i Kristus, vende oss til han og ta imot den frelsa Gud gir oss i Kristus av berre nåde. Det er frelse frå domen. Den skal vi forkynne for menneska. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Og det vert nok tydelegare og tydelegare at den er eit Guds under.

Advertisements


Categories:Kristendom, Kristne møte, Kristne møte 2019, Uncategorized

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: