2019.07. Maranata landsstevne, Seljord, 12-13. Møte med Filtvet Johannesen. Konsert med Synnøve Ånonsen.

Møte med Randi Filtvet Johansen.

Innleiing ved broder Kurt.

MTT 26,31 – MTT 26,32 Då seier Jesus til dei: “I natt kjem de alle til å venda dykk frå meg. For det står skrive: Hyrdingen slår eg, og saueflokken skal spreiast. 32 Men når eg har stått opp att, skal eg fara føre dykk til Galilea.”

MTT 28,5 – MTT 28,10 Men engelen tala til kvinnene og sa: “Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. 6 Han er ikkje her; han er oppstaden, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7 Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han. No har eg sagt dykk det.” 8   Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad og ville fortelja det til læresveinane. 9 Men best det var, kom Jesus imot dei og sa: “Ver helsa!” Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10 Og Jesus sa til dei: “Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.”   

JOH 21,6 “Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,” sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått.

MTT 4,19 Han sa til dei: “Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!”

Tale ved Randi Filtvet Johansen.

LUK 4,18   Herrens Ande er over meg,  for han har salva meg til å forkynna  ein gledebodskap for fattige.  Han har sendt meg for å ropa ut  at fangar skal få fridom,  og at blinde skal få sjå,  for å løysa dei trælka or tvang

Jesu vil gi oss liv og overflod. Kva skal vi med overfloda? Vi skal ha noko til dei andre også.

Frå våre liv skal det renne straumar av levande vatn.

SLM 23,5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  

Vi er Jesu brud. 

Vi merkar nye tankar i tida som tydeleg strir mot Jesu brud.

Josef vart kasta i fengsel på grunn av falske skuldingar.

Randi såg Josef som førebilete på Jesus.

1MO 40,1 – 1MO 40,23 {JOSEF TYDER DRAUMANE ÅT HOFFMENNENE}  Ei tid etter hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt forsåg seg mot herren sin, egyptarkongen. 2 Då vart farao harm på dei to hoffmennene sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren. 3 Og han sette dei fast hjå hovdingen over livvakta, i fengslet der Josef var fange. 4 Hovdingen over livvakta sette Josef til å sjå etter dei, og han var ein trufast tenar for dei. Dei vart sitjande der i fengslet ei tid. 5   Ein gong hadde dei kvar sin draum, dei to, skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt, der dei sat innestengde i fengslet. Ei og same natta drøymde dei, og draumane deira hadde kvar si meining. 6 Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han det på dei at dei var i ulag. 7 Då tala han med hoffmennene åt farao, som sat i varetekt saman med han hjå herren hans, og spurde: “Kvifor er de så sturne i dag?” 8 Dei svara: “Vi har drøymt, og her er ingen som kan tyda draumane våre.” Då sa Josef til dei: “Det er Gud som rår for tyding av draumar. Sei meg kva de har drøymt!” 9   Så fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin. Han sa: “Eg såg så klårt eit vintre framfor meg. 10 Det var tre greiner på det, og så snart det tok til å skyta knuppar, spratt blomane, og klasane mogna til druer. 11 Eg heldt staupet åt farao i handa. Så tok eg druene, pressa utor dei opp i staupet og rette det til farao.” 12 Då sa Josef: “Dette er så å tyda: Dei tre greinene er tre dagar. 13 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og setja deg inn att i stillinga di. Du skal retta staupet til farao, som du gjorde før, då du var skjenkjaren hans. 14 Gjev du ville koma meg i hug, når det går deg godt! Gjer vel og tal om meg til farao, så eg kan koma ut or dette huset! 15 For eg er stolen frå Hebrear-landet, og her har eg ikkje gjort noko som dei skulle setja meg i fengsel for.” 16   Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve så god ei tyding, sa han til han: “Eg òg hadde ein draum. Eg tykte eg bar tre korger med kveitebrød på hovudet. 17 I den øvste korga var det allslags kaker, som var baka åt farao. Men fuglane åt dei or korga på hovudet mitt.” 18 Josef svara: “Dette er så å tyda: Dei tre korgene er tre dagar. 19 Om tre dagar skal farao opphøgja deg; han skal hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av kroppen din.” 20   Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt han eit gjestebod for alle mennene sine. Då opphøgde han skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren midt imellom mennene sine. 21 Skjenkjarmeisteren sette han inn att i stillinga hans, så han fekk retta staupet til farao, 22 og bakarmeisteren hengde han. Det gjekk som Josef hadde sagt då han tydde draumane deira. 23 Men skjenkjarmeisteren tenkte ikkje meir på Josef; han gløymde han.  

Bakaren tykte han hadde tre korger med kveitebrød på hovudet. Randi tok det som symbol på å ha Ordet i hovudet, utan å ha det i hjartet. Så tok ho munnsjenken som førebilete på dei som forkynner eit fullt evangelium.

1MO 41,1 – 1MO 41,36 {JOSEF TYDER DRAUMANE ÅT FARAO}  To år etter hende det at farao hadde ein draum. Han tykte han stod nedmed Nilen. 2 Då steig det opp or elva sju kyr, fine å sjå til og godt i hold, og dei gav seg til å beita i elvegraset. 3 Etter dei kom det sju andre kyr opp or elva, stygge å sjå til og ringt i hold. Dei vart ståande attmed dei fyrste kyrne på elvebakken. 4 Og dei stygge, magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao. 5   Men så sovna han att og hadde ein draum til. No såg han sju tjukke, gode aks som voks på eitt og same strået. 6 Etter dei skaut det opp sju andre aks, som var tynne og svidne av austavinden. 7 Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke, fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum. 8   Men om morgonen hadde han slik uro i seg. Han sende bod etter alle spåmenn og vismenn i Egypt. Og farao fortalde dei draumane sine; men det var ingen som kunne tyda dei for han. [spåmenn og vismenn: Egypt var kjent for sine vismenn; her stig dei fram som spåmenn og trollmenn. Sml. 2 Mos 7, 11. 22; Jes 19, 11 f.] 9 Då tok skjenkjarmeisteren åt farao til ords og sa: “Eg må minna om syndene mine i dag. 10 Farao vart ein gong harm på tenarane sine, meg og bakarmeisteren, og sette oss i varetekt hjå hovdingen over livvakta. 11 Ei natt drøymde vi, eg og han, og draumane våre hadde kvar si meining. 12 Der var vi saman med ein hebreargut, som tente hjå hovdingen over livvakta. Han fortalde vi draumane våre, og han tydde dei for oss; etter som kvar av oss hadde drøymt, tydde han dei. 13 Og så som han tydde dei for oss, så gjekk det. Eg fekk att stillinga mi, og bakaren vart hengd.” 14   Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og sleppte han ut or fengslet. Han raka seg og bytte klede, og så steig han fram for farao. 15 Då sa farao til Josef: “Eg har hatt ein draum, og det er ingen som kan tyda han. Men no har eg høyrt om deg at berre du høyrer ein draum, tyder du han med det same.” 16 Josef svara: “Eg rår ikkje for det. Gud vil nok gje eit svar som spår lukke for farao.” 17 Så sa farao til Josef: “Eg drøymde at eg stod nedmed Nilen. 18 Då kom det opp or elva sju kyr, feite og fine å sjå til; og dei gav seg til å beita i elvegraset. 19 Etter dei kom det opp sju andre kyr, som var tynne og magre og fælande stygge på skap. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt. 20 Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei sju fyrste, feite kyrne. 21 Men då dei hadde sett dei til livs, synte det ikkje på dei; dei var like stygge å sjå til som før. Då vakna eg. 22 Men eg sovna att, og drøymde at eg såg sju fulle og gode aks som voks på eitt og same strået. 23 Etter dei skaut det opp sju andre aks, turre og tynne og svidne av austavinden. 24 Dei tynne aksa slukte dei sju gode aksa. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne greia det ut for meg.” 25   Då sa Josef til farao: “Draumane åt farao har ei og same meining. Det Gud vil gjera, har han kunngjort for farao. 26 Dei sju gode kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksa, det òg er sju år. Det er ein og same draumen. 27 Dei sju magre, stygge kyrne som kom opp etter hine, er sju år. Og det er dei sju tynne aksa òg, dei som var svidne av austavinden; det er sju uår som skal koma. 28 Det var det eg meinte då eg sa til farao: Det Gud vil gjera, har han synt farao. 29 No kjem det sju gode år i heile Egypt. 30 Men etter dei skal det koma sju uår, så all overfloda vert gløymd i Egypt, og uåra skal arma ut landet. 31 Ingen skal minnast overfloda i landet for den nauda som fylgjer; for ho vert ovhard. 32 Men når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud er fast rådd på dette, og at han vil gjera det snart. 33 No skulle farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt. 34 Og så skulle han setja inn tilsynsmenn utover landet til å krevja inn femteparten av grøda i Egypt i dei sju åra det er overflod. 35 Dei skal samla alle matvarene i desse gode åra som kjem, og lagra matkorn i byane og ta vare på det for farao. 36 Kornet skal vera til livberging for landet i dei sju uåra som kjem over Egypt, så folket ikkje går til grunne av svolt.”  

Randi tenkte seg at dei tynne aksa mangla korn, dei var ikkje så rike på korn som dei tjukke aksa. I Bibelen er korn brukt som symbol på Guds Ord, så Randi brukte det symbolsk på om nokon har Ordet eller ikkje.

Frelseverket er fullført. Forrådskammeret er fullt, det er berre å komme og forsyne seg.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Randi.

12A. ”Ja, eg Herren, eg er Anden, eg er vinden, eg er det levande vatnet, eg er styrken, eg vil gjenopplive mitt folk, så det trur på meg. Eg vil gjenopplive din skrøpelege lekam. Du skal på nytt reise deg opp. Ja, du skal få riste støvet av deg og innta ditt sete. Derfor opnar eg dykkar auge i denne tida, for at de skal sjå, at det eg gjorde på korset, det er det alt dreier seg om. For det var der eg sa:” Det er fullført.” Og det var der eg vann over ei kvar makt og myndighet og herrevelde. Sjå, de har ikkje kamp imot kjøt eller blod, de har ikkje kamp mot den eine eller den andre, men de har kamp imot ein slagen fienden. Derfor skal de gå i mi kraft og vedkjenne min siger på ein kvar stad de set dykkar fot.”

12B. ”Ja, du skal på nytt opne din munn med salmar og sangar og åndelege viser og spele og synge for meg i ditt hjerte. Du skal på nytt opne din munn og vitne frimodig om meg og ikkje vere bekymra eller skamfull over di fortid, for det gamle er forganget og alt er blitt nytt. Så derfor fest dine auge … på meg, seier Herren, og du skal verte fylt av meg. Og det er eg som verkar igjennom deg.”

12C. ”Ja, det er vekking ifrå avgrunnen i denne tida, der elden ifrå avgrunnen set kjøtet i brann. Og det brenner og det brenner og det skaper unaturlege lyster og forderving. Derfor tender eg ein moteld i denne tida. Og eg sender ein Ande inn i mitt folk, i dykk og de skal sigre over denne djevelske ånda som fær over jorda. De skal få sigre i den Heilage Ande. Derfor fyller eg dykk, så det flyt over. Og de skal seie: Rette og sanne er mine vegar og de skal sjølve gå på dei.”

12D. ”Ja, eg prisar deg Herre, midt i forsamlinga, eg jublar og eg lovsyng ditt namn, for eg er kalla med ditt namn og eg er kjøpt med ditt blod og mine føter står på fjell. Ja, eg fryder og eg gleder meg og eg let ikkje mitt hjerte verte grepe av frykt og angst i denne tida. For eg ser inn i ditt ansikts lys og der ser eg liv og sæle. Herre, eg løfter mitt ansikt til deg, du som er god og du som gjer godt og di miskunn, som varer ifrå slekt og til slekt.”

12E. ”Takk Jesus, at du kjem snart, takk Jesus, at eg er di brud og du er min brudgom. Takk Jesus, at forløysinga stundar til. Ja, eg prisar deg Herre, om mørket dekker jorda og belgmørket er over oss, så prisar eg deg, at i ditt rike er det alltid lys, i ditt rike er det alltid fred, i ditt rike er det alltid rettferd. Derfor vel eg, Herre, å vere og leve og bu i ditt rike.”

12F. ”Ja, ein bustad er den evige Gud og her er evige armar, derfor skal aldri tvile på naglemerka i mine hender, du skal aldri tvile på, at eg held rundt deg, forfra og bakfra og så omsluttar eg deg, ja, eg tek deg inni min famn. Og du skal få kjenne mine hjarteslag for deg. Frykt ikkje, mitt elska barn, eg vil bevare deg i min fred og i mi glede.”

Aktuelle bibelvers.

ÅPE 11,1 – ÅPE 11,14 {TEMPLET OG DEI TO VITNA}  Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: “Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. 3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1.260 dagar.” 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda. 5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. 6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil. 7   Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda. 11   Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: “Stig opp her!” Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære. 14   Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.  

ÅPE 13,1 {DRAKEN OG DEI TO DYRA}  Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud.

ÅPE 17,1 {DEN STORE SKJØKJA}  Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: “Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn. [den store skjøkja: eit bilete på Roma.] 

ÅPE 17,8 Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att. 

ÅPE 18,2 Han ropa med veldig røyst: “Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. [Babylon: dekknamn for Roma. Sjå 1 Pet 5, 13.]

Konsert med Synnøve Ånonsen.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8746360/videos/193734912?fbclid=IwAR3RElU60EvP5EPKzW-ylsv-aEyY3E7iIzinfzwj5lB0DGR6gm4QTTwMMMs

Advertisements


Categories:Kristendom, Kristne møte 2019

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: