2019.08.11. Sion Åheim. ”Du har lite kraft, men har ikkje vendt deg bort frå din første kjærleik”. 

Innleiing ved Olav Harald Vik.

JOH 1,18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.  

Tale ved Oddleif Wahl.

LUK 4,18 – LUK 4,19   Herrens Ande er over meg,  for han har salva meg til å forkynna  ein gledebodskap for fattige.  Han har sendt meg for å ropa ut  at fangar skal få fridom,  og at blinde skal få sjå,  for å løysa dei trælka or tvang 19   og ropa ut eit nådeår frå Herren. Jesus las ifrå profeten Jesajas:

JES 61,1 – JES 61,4 {EIT NÅDEÅR FRÅ HERREN}  Herrens Ande er over meg;  for Herren Gud har salva meg.  Han har sendt meg til å forkynna  ein gledebodskap for armingar,  til å lækja dei som har eit knust hjarta,  til å ropa ut fridom for fangar  og frigjering for dei bundne. 2   Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,  ein dag med straff frå vår Gud.  Eg skal trøysta alle som syrgjer, 3   og gje dei syrgjande i Sion  hovudprydnad i staden for oske,  gledeolje i staden for syrgjeklede  og lovsong i staden for motløyse.  Dei skal kallast rettferds mektige tre,  som Herren har planta  for å syna sin herlegdom. 4   Dei skal byggja opp att gamle ruinar,  reisa det som før vart lagt i øyde,  byggja på nytt dei nedbrotne byar,  som låg der aude frå ætt til ætt.  

Men han stoppa midt i ei setning og tok ikkje med alt, han tok ikkje med det som er sagt om straff.

Oddleiv fortalde at der har vore tre store kristne stevner i sommar, i Sarons Dal, på Hedemarkstoppen og Oase. På Oase var der ein forkynnar frå Skottland som forkynte den  kjærleiken som Gud viste oss ved at han let Son sin døy på eit kors i staden for oss. Men der var dei som kritiserte han fordi han forkynte dette berre som Guds kjærleik og ikkje forkynte det som Guds straff. Dei viste til at Gud straffa menneska ved at han stengde dei ute frå Edens hage. Men Oddleiv sa at det var menneska som sjølve vende ryggen til han og gøymde seg for han, medan han stod med opne armar for å ta imot dei.

Oddleiv minna oss om at i det gamle testamentet er det ganske riktig fortalt at Gud er vreid på menneska for deira synd og vondskap og at han vil hevne seg på dei for deira missgjerning. Men det må gå an å ha to tankar i hovudet samtidig.

Gud skipa ei ny og betre pakt ved Kristus.

JOH 3,16 – JOH 3,17 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Lova var vår tuktemeister inntil Kristus kom.

Det er ikkje frykt i kjærleiken.

1JO 4,17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken.

Lova tukta oss inntil Kristus. Det betyr ikkje at vi no ikkje lenger vert tukta og oppseda, men nåden oppseder oss og Kristi kjærleik tvinger oss. Vende tilbake til sin første kjærleik. Det er at Jesus elska oss fyrst og elskar oss slik som vi er. Derfor elskar vi han. Og det er det som får oss til å gjere rett og leve rett.

2KO 5,14 For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt. 

2KO 5,17 – 2KO 5,18 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta.

Om nokon syndar, har vi ein talsmann hos Faderen, Jesus. Det er som ein livbåt. Han er vår forsvarsadvokat.

Når disiplane var samla på ”øvre sal” i Jerusalem, var det ein gøymestad og tilfluktsstad, men når Anden kom over dei på pinsedag, gjorde nok Gud samtidig noko med folket i Jerusalem, disiplane gjekk berre ut og vitna om Jesus og mange tok imot bodskapen og kom til tru.

Ein predikant sa at når den Heilage Ande kjem over oss, då går vi. Mange vil vel tenke på at då er det mange som trekker seg unna, men han la i staden den meininga i det, at då går vi ut og snakkar med folk.

Tungetale ved Inge-Lill, tyding ved Oddleif.

”Eg kjenner deg, seier Herren, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min. Eg kjenner dine gjerningar og eg veit at du har lita kraft. Eg veit at du føler deg tilkortkommen og skrøpeleg og fattig. Eg veit at du føler du ikkje strekk til, men det er ikkje heile sanninga. For sjå, seier Herren, eg har sett foran deg ei opa dør. Ei opa dør som berre eg kan opne. Ei opa dør som ikkje du treng å presse deg gjennom. Men ei opa dør som eg seier velkommen gjennom. Velkommen, gå inn i den opne døra og du skal sjå at eg har førebutt gode gjerningar for deg. Du treng ikkje å – å minne meg om din eigen fattigdom, men eg vil at du skal påkalle meg av heile ditt hjerte. Eg vil at du skal opphøgje namnet mitt, for eg er rik nok, eg er sterk nok, seier Herren. Eg er frimodig nok og eg bur i ditt hjerte. Eg sende talsmannen, den Heilage Ande, for at du skulle kjenne og vite, at eg lever i deg. Og eg sende også talsmannen for å førebu ein veg, midt i øydemarka, for å skape liv, der som ingen andre kunne tru at det var mogleg. Eg har sendt den Heilage Ande, for å førebu menneske på denne stad, for å ta imot evangeliet. Og de skal få sjå ting som de ikkje trudde var mogleg. Fordi eg førebur, eg førebur nytt liv, eg førebur nye menneske. Og eg ynskjer å bruke deg, på tross av din skrøpelegdom. Eg veit at du har lita kraft, men du har ikkje forlete den første kjærleik. Eg veit at du kan seie frå djupet av ditt hjarte: Eg elskar deg, Jesus. Og det er nok for meg, seier, Herren, eg elska deg først og så elskar du meg tilbake. Derfor skal du legge deg trygt i natt, utan fordømming, utan nederlagsføling og du skal få vakne opp til ein ny dag og kjenne at: dette er den første dag i resten av mitt liv. Ein ny dag med nye moglegheiter, sjå, det gamle er forbi, sjå, alt har vorte nytt. Og du skal få vere med meg inn i noko nytt, seier Herren. Du skal få vere med meg og sjå at eg gjer nye ting i ditt liv og at eg gjer nye ting i din familie. Du skal få vere med å sjå at eg gjer nye ting i bygder og byar, som mange trudde var umogleg, som mange trudde det var forbi, men sjå, eg gjer noko nytt, seier Herren. Skal de ikkje oppleve det? Skal de ikkje vere med på det som eg har førebudt? For eg har førebudt ei innhausting i dei siste dagar og eg veit at markane er kvite til haust. Og eg ynskjer å invitere deg med, slik at du kan få sjå det, du kan få oppleve det, du kan få delta i det. Og alt dette gjer eg, ikkje på grunn av deg, men på grunn av at eg elskar verda så høgt og eg elskar deg, på tross av dine feil, seier Herren. Og eg ynskjer at du vil opne ditt hjerte og seie: Herre, her er eg, send meg. Amen.”

Aktuelle bibelvers.

HEB 8,6 – HEB 8,13 {JESUS ER MELLOMMANN FOR EI NY PAKT}  Men no har Kristus fått ei mykje større presteteneste; for han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader. 7 For hadde det ikkje vore noko å utsetja på den fyrste pakta, hadde det ikkje vore grunn til å setja ei anna i staden. 8 Men Gud har noko å utsetja på henne når han seier til folket:  Sjå, dagar skal koma, seier Herren,  då eg gjer ei ny pakt  med Israels ætt og Judas ætt, 9   ei pakt som er annleis  enn den eg gjorde med fedrane deira  den gongen eg tok dei i handa  og førte dei ut or Egypt.  For dei vart ikkje ståande i mi pakt,  og eg brydde meg ikkje om dei, seier Herren. 10   Nei, såleis er den pakta eg vil gjera  med Israels folk i dagar som kjem, seier Herren:  Eg vil leggja mine bod i hugen deira  og skriva dei i hjarto deira.  Eg vil vera deira Gud,  og dei skal vera mitt folk. 11   Då skal ingen lenger læra  sin landsmann og sin bror og seia: “Kjenn Herren!”  For dei skal alle kjenna meg,  både små og store. 12   For eg vil sjå på deira urett med miskunn  og aldri meir koma deira synder i hug. 13   Når Gud talar om ei ny pakt, har han dermed sagt at den fyrste er forelda. Men det som vert gamalt og forelda, vert snart borte.  

HEB 9,15   Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova. 

HEB 12,24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

GLT 3,23 – GLT 3,25 Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde til dess ho vart openberra, den trua som skulle koma. 24 På den måten var lova vaktaren vår fram til Kristus, for at vi skulle seiast rettferdige ved trua. 25 Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren.

1JO 4,15 – 1JO 4,21 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.  

ÅPE 2,1 – ÅPE 2,7 {TIL EFESOS}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos:  Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane: 2 Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar. 3 Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt. 4   Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om. 6 Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane åt nikolaittane, som eg sjølv gjer.  [nikolaittane: vranglærarar i kyrkjelydane. Sjå v. 15.] 7   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.   

JOH 10,1 – JOH 10,18 {EG ER DØRA}  Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.   11 {DEN GODE HYRDINGEN}  Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding. 17   Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.”

2KO 5,11 – 2KO 5,21 {FORSONINGSTENESTA}  Fordi vi kjenner otten for Herren, prøver vi å vinna menneske, medan livet vårt ligg ope for Gud. Eg vonar òg at det ligg ope for dykkar samvit. 12 Vi kjem ikkje atter til dykk med lovord om oss sjølve, men vi gjev dykk høve til å rosa dykk av oss, så de kan ha noko å svara dei som skryter av det dei er i det ytre og ikkje i hjarta. 13 For har vi vore frå vitet, så var det for Gud. Og er vi med sans og samling, så er det for dykk. 14 For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt. 15 Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei. 16   Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger. 17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud! 21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.  

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,13 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12   Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!   

1JO 1,9 – 1JO 1,10 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss. 

1JO 2,1 – 1JO 2,2   Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. 2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.  

JES 6,1 – JES 6,13 {GUD KALLAR JESAJA TIL PROFET}  I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg, høg kongsstol, og slepet på kappa hans fylte templet. 2 Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to gøymde dei andletet, med to gøymde dei føtene, og med to flaug dei. [Serafar: himmelske skapningar som tener Gud. Ordet seraf tyder “brennande”.] 3 Dei ropa til kvarandre:  “Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.  All jorda er full av hans herlegdom.” [Herren Sebaot: elles omsett “Herren, Allhærs Gud”.] 4 Boltane i dørstokkane riste når ropet ljoma, og huset vart fylt med røyk. [Boltane: truleg boltar i vengedørene i templet, slike som ein kunne festa i dørstokkane. Sjå 1 Kong 6, 33 f.] 5 Då sa eg:  “Ve meg! Det er ute med meg.  For eg er ein mann med ureine lipper,  og eg bur mellom eit folk med ureine lipper,  og augo mine har sett Kongen,  Herren, Allhærs Gud.”  6 Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo, som han hadde teke med ei tong frå altaret. 7 Med den rørte han ved munnen min og sa:  “Sjå, denne har rørt ved lippene dine.  Di skuld er borte, di synd er sona.” 8 Så høyrde eg Herrens røyst:  “Kven skal eg senda,  og kven vil gå for oss?” Då sa eg: “Sjå, her er eg, send meg!” 9 Og han sa:  “Gå og sei til dette folket:  Høyr og høyr, men håtta ikkje!  Sjå og sjå, men skjøna ikkje! 10   Gjer hjarta hardt på dette folket,  gjer øyro tunghøyrde, klin augo att,  så det ikkje ser med augo  eller høyrer med øyro  eller skjønar med hjarta  og vender om og vert lækt!” 11 Då spurde eg: “Kor lenge, Herre?” Han svara:  “Til byane er aude og folketome,  til husa står utan folk,  og landet ligg som ei øydemark.” 12   Langt bort skal Herren senda folket,  audt og tomt skal det verta i landet. 13   Og finst det enno att ein tiandepart,  skal den òg øydast ut,  som når ei eik eller terebinte vert felt,  og berre ein stuv står att.  Stuven skal vera eit heilagt sæde. [eit heilagt sæde: opphavet til eit nytt Guds folk.]  

LUK 4,20 – LUK 4,30   Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja såleis: “I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.” 22 Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. “Er ikkje dette son til Josef?” spurde dei. 23   Då sa Jesus til dei: “De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!” 24 Og han heldt fram: “Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. 25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. 26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27 Og det var mange spedalske i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Na’aman.” 28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagoga og høyrde dette. 29 Dei fór opp og dreiv han ut or byen og bort på stupet av det fjellet som byen deira var bygd på; der ville dei støyta han utfor. 30 Men han gjekk midt igjennom flokken og fór sin veg.  

MTT 23,13 – MTT 23,36 {VE-ROP OVER DEI SKRIFTLÆRDE OG FARISEARANE}  Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de. 14   Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De slår til dykk husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Mark 12, 40; Luk 20, 47.] 15   Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand for å vinna ein einaste tilhengjar, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvetet dobbelt så mykje som de sjølve.  [tilhengjar: på gresk proselytt, ein som ikkje er jøde, men har gått over til jødedommen.] 16   Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: Sver du ved templet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i templet, då er du bunden. 17 Blinde dårar! Kva er størst, gullet eller templet som gjer gullet heilagt? 18 Og like eins: Sver du ved altaret, har det ikkje noko å seia; men sver du ved offergåva som ligg på altaret, då er du bunden. 19 Kor blinde de er! Kva er størst, offergåva eller altaret som gjer gåva heilag? 20 Den som sver ved altaret, sver både ved det og alt som ligg på det. 21 Og den som sver ved templet, sver både ved det og han som bur i det. 22 Og den som sver ved himmelen, sver ved Guds kongsstol og ved han som sit på stolen. 23   Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Dette skulle gjerast og det andre ikkje latast ugjort. 24 Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen. 25   Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av havesykje og lyster. 26 Blinde farisearar! Gjer fyrst skåla rein inni, så vert ho rein utanpå òg! 27   Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap. 28 Så er det med dykk òg: I det ytre, det folk ser, er de rettferdige; men inni er de fulle av hyklarskap og urett. 29   Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravmæle over profetane og pryder gravene åt heilage menn og seier: 30 Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje vore med på å drepa profetane. 31 Så vitnar de sjølve at de er born åt dei som slo profetane i hel. 32 Hald fram som fedrane dykkar til målet er fullt. 33 Slangar og ormeyngel! Korleis kan de sleppa å verta dømde til helvete? 34   Difor sender eg til dykk profetar og vismenn og skriftlærde. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogene og forfylgja frå by til by. 35 Såleis skal straffa koma over dykk for alt det skuldlause blodet som har runne på jorda, heilt frå drapet på den rettferdige Abel til drapet på Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom templet og altaret. 36 Sanneleg, det seier eg dykk: Over denne ætta skal det koma alt saman.   

LUK 10,1 – LUK 10,20 {JESUS SENDER UT DEI SYTTI}  Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til. [Nokre av dei eldste handskriftene har syttito, både her og i v. 17.] 2 Og han sa til dei:  Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si. 3 Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar. 4 Ta ikkje med dykk pung, ikkje skreppe og ikkje skor, og stogga ikkje på vegen for å helsa på folk. 5 Men når de kjem inn i eit hus, skal de seia: “Fred vere med denne heimen!” 6 Vil han som bur der, ta imot fred, skal freden de kjem med, kvila over han. Dersom ikkje, skal han venda attende til dykk sjølve. 7 Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er si løn verd. Flytt ikkje frå hus til hus! 8 Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk! 9 Læk dei sjuke som er der, og sei: “Guds rike er kome nær til dykk.” 10 Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje vil ta imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia: 11 “Jamvel støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha; vi stryk det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!”  [støvet vi har fått på føtene: -> Matt 10, 14.] 12 Eg seier dykk: På domedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen. 13   Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske. 14 Men i domen skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de. 15 Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned! 16   Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg. 17   Dei sytti kom glade attende og sa: “Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!” 18 Då sa han til dei: “Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!”   

JES 59,1 – JES 59,21 {SYND OG FRELSE}  Sjå, Herrens hand er ikkje så kort  at han ikkje kan frelsa,  og hans øyra ikkje så tunghøyrt  at han ikkje kan høyra. 2   Nei, det er misgjerningane dykkar  som skil mellom dykk og dykkar Gud.  Syndene dykkar løyner hans åsyn,  så han ikkje høyrer dykk. 3   Hendene dykkar er tilsølte med blod  og fingrane flekka med skuld,  lippene dykkar talar lygn,  og tunga mumlar svik. 4   Ingen stemner til doms med rette,  og ingen fører sak på ærleg vis.  Dei lit på fåfengd og talar lygn,  dei ber på urett og føder vondskap. 5   Dei klekkjer ut ormeegg  og vev spindelvev.  Den som et deira egg, må døy,  og knuser du eit, kjem det fram ein orm. 6   Deira vevnad duger ikkje til klede,  ingen kan kle seg med det dei lagar.  Det dei gjer, er vondskaps gjerning,  valdsverk kjem frå deira hender. [Deira vevnad: Den moralske livnaden vert stundom samanlikna med klede. Sml. Sal 132, 9; Job 29, 14.] 7   Dei er snare på foten til det som er vondt,  og snøgge til å renna ut skuldlaust blod.  Alle deira tankar er vonde,  der dei fer, er herjing og øyding. 8   Freds veg kjenner dei ikkje,  det finst ingen rett i deira spor.  Dei går på krokete stigar,  og ingen som ferdast der, veit av fred.  9   Difor er retten langt borte frå oss,  rettferda når oss ikkje.  Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt,  på solskin, men ferdast i skugge. 10   Vi trivlar langs veggen som blinde,  vi trivlar som folk utan augo.  Vi snåvar på ljose dagen  som om det var skumring,  i vår beste alder er vi som døde. 11   Vi gryler alle som bjørnar  og klynkar og klagar som duer.  Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje,  på frelse, men ho er langt borte frå oss.  12   Du ser at våre synder er mange,  våre brot vitnar imot oss.  Ja, våre synder veit vi om,  våre misgjerningar kjenner vi: 13   Vi har reist oss mot Herren,  har fornekta han  og gått bort frå vår Gud.  Vi har tala om vald og fråfall  og mumla fram svikefulle ord  som var avla i hjarta. 14   Difor er retten unnatrengd,  rettferda står langt borte.  På torget er sanninga fallen,  og det rette vinn ikkje fram. [På torget: der rettssaker kunne avgjerast.] 15   Truskapen er borte,  og den som held seg frå vondskap, vert plyndra.   Herren såg – og det var vondt i hans augo –  at det ikkje var retten som rådde. 16   Han såg at ikkje ein steig fram,  og undra seg over  at ingen førte hans sak.  Då kom hans arm han til hjelp,  hans rettferd stødde han. 17   Han tok rettferd på seg til brynje  og sette frelseshjelm på sitt hovud.  Så kledde han seg i hemnens klednad  og sveipte om seg brennhug til kappe.  18   Han løner folk etter det dei har gjort,  med harme mot uvener, hemn over fiendar;  jamvel mot øyar og strender gjer han attergjeld. 19   Dei skal ottast Herrens namn i vest  og hans herlegdom i aust.  For han kjem som ein veldig flaum,  som Herrens storm driv fram. 20   Han kjem som utløysar for Sion, for dei som snur om frå synd i Jakob,  lyder ordet frå Herren.  21   Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.  

APG 3,12 – APG 3,26 Då Peter såg det, tok han til å tala til folket:  Kvifor undrast de over dette, israelittar? Kvifor stirer de på oss, som om det var av eiga kraft eller gudsfrykt vi gjorde at denne mannen kan gå? 13 Nei, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, våre fedrars Gud, har teke tenaren sin, Jesus, opp i herlegdom. De sveik han og fornekta han for Pilatus, som hadde sett seg føre å gje han fri. 14 De fornekta Den Heilage og Rettferdige og bad om å få ein mordar frigjeven. 15 Men livsens hovding drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om. 16 Fordi vi trur på Jesu namn, har dette namnet styrkt denne mannen som de ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gav mannen denne fulle førleiken, som de alle kan sjå. 17 Eg veit nok, brør, at det var i vankunne de gjorde dette, nett som rådsherrane dykkar. 18 Men på denne måten oppfylte Gud det han føreåt hadde late alle profetane forkynna, at hans Messias skulle lida. 19 Gjer difor bot og vend om, så syndene dykkar kan verta utstrokne. 20 Då skal det koma tider med lindring og trøyst frå Herren, og han skal senda den Messias som er etla åt dykk, Jesus. 21 Han lyt vera i himmelen til den tid kjem då det skal atterreisast, alt det som Gud har tala om frå eldgamle dagar gjennom dei heilage profetane sine. 22 Moses sa: Herren Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Han skal de høyra på i alt det han seier dykk. 23 Men kvar og ein som ikkje høyrer på den profeten, skal rydjast ut or folket. 24 Alle profetane som har tala, heilt frå Samuel, har forkynt det som hender i desse dagar. 25 De er born åt profetane, og for dykk gjeld den pakta som Gud gjorde med fedrane dykkar då han sa til Abraham: I di ætt skal alle ætter på jorda velsignast. 26 Det var til dykk Gud fyrst sende tenaren sin; han skulle velsigna dykk når kvar og ein vender om frå sine vonde gjerningar.  

KOL 2,6 – KOL 2,15 {KRISTI FULLNAD OG DÅPEN}  De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. [grunnkreftene i verda: -> Gal 4, 3.] 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.  

1KO 2,6 – 1KO 2,12   Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:  Det auga ikkje såg,  det øyra ikkje høyrde,  det som ikkje kom opp  i nokon mennesketanke,  alt det Gud har gjort ferdig  for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.

 JOH 16,7 – JOH 16,15 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd. 12   Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.   

Kommentar.

Har fått Kristi Ande, tilhøyrer han, er frelst, lever for han. Vender seg til han og held seg nær til han.

Eg har fått Kristi Ande, så tilhøyrer han og er frelst. Då skal eg også leva for han. Men det er ikkje på grunnlag av noko som eg presterer, men det er på grunnlag av at Gud forsona verda med seg, ved at han let Son sin døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget får eg oppleve at Jesus gir meg ånd og liv og det er med det livet eg lever for han og det er med den Anden eg tener han.

Slik har eg fått det røyndomssynet, kunnskapsforståinga, menneskesynet og sjølvforståinga at eg lever for han, same enten eg er i praktisk arbeid, studerer eller er i teoretisk arbeid. Eg har den innstillinga og er klar over at eg må halde den ved like ved at eg vel å innstille meg på det, ved at eg søker Herren, søker først Guds rike og hans rettferd.  

Splitt- og hersk-teknikk mellom dei kristne. Men kven vart de døypte til?

Men eg forstår meg ikkje heilt på kristne moralfilosofar som er så opptekne av kor langt kan du gå ut i verda, verte verdsleggjort, utan at du bryt med Herren. Slik prøver dei å definere noko som synd eller umoralsk og noko anna som akseptabelt, men det er då menneskebod! Poenget er at dei med slike menneskebod og generell moralfilosof, prøver å definere seg sjølve som ei lærd elite som skal styre med ein splitt- og hersk-politikk og soleis definere ei lærd overklasse og ei underklasse. Men Jesus og disiplane hans gjorde det klart at noko slikt ikkje er akseptabelt. Behovet for ei slik ”lærd” overklasse var nok meir deira økonomiske behov enn at dei var så mykje meir lærde enn dei andre, at dei andre trengde dei som ei lærd overklasse. Apostlane Paulus og Jakob forklarde dette godt for oss, kvar på sin måte og åtvara mot ein slik klasseskiljepolitikk og mot ein splitt- og hersk-politikk med oppdeling i særgrupper. Når det vart splitting i kyrkjelyden i Korint, spurde Paulus kven dei vart døypte til. Var det Kristus som døde i staden for dei og som stod oppatt, var det han dei vart døypte til, så var det då klart at dei skulle ta pari med han og det er det. Så med splitt- og hersk-politikken prøver nokon å få menneske til å ta parti med nokon annan i staden for han. Då er det for mitt vedkommande ganske klart at slike tullpreikarar kastar eg ikkje vekk tid og pengar på!

Ei naturleg særgruppe, ekteskapet og familien.

Dette har eg skrive om tidlegare og no vil eg argumentere mot det på min måte. Der er ei type særgruppe i den kristne kyrkjelyden og det er ekteskapet og familien. Det er naturleg, også i samfunnet elles. Paulus forklarer dette godt for oss og når det i vår tid er så mange religiøse, økonomiske og politiske interesser som strir mot dette, så viser det seg tydelegare og tydelegare at det strir både mot evangelisk kristendom og den naturfaglege tenkinga.

Den glade bodskapen er at nåden og sanninga kom ved Kristus og Sanninga set oss fri. Herren er komen nær til oss og då er det om å gjere for oss å påkalle han den stund han er nær, søke han og halde oss nær til han. Vi skal gå ut i heile verda med den glade bodskapen og då skal vi få oppleve at Jesus er med oss. Nåden og gleda er ikkje at vi skal prøve å komme oss lengst mogleg vekk frå han berre vi vert aksepterte av samfunnet. Nei, som Kristi brud opplever vi at han elskar oss, derfor elskar vi han og vil vere saman med han og leve for han. Som Guds born opplever vi at Faderen elskar oss og har omsorg for oss, derfor går vi vegen til Faderen og lever heime hos han og ber til han og får oppleve at han elskar oss og tek omsorg for oss og gir oss gode gåver.

Når jødane byrja å bygge oppatt tempelet, fekk dei noko att for det. Det får vi også når vi er med i frie, evangeliske kyrkjelydar.

At Gud vende lagnaden for jødane, så dei fekk vende tilbake til landet sitt, er førebilete på den frelsa som Gud har openberra for oss i Kristus. Herren gjekk føre dei og slik går Jesus føre oss no, han er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Når dei kom inn i landet, gjekk dei i gang med å bygge seg hus og dyrke jorda. Men Herren ville dei skulle komme i gang med å bygge tempelet, for då ville han velsigne, så dei fekk meir att for sitt daglege strev. Slik vert vi velsigna ved å verte med i frie, evangeliske, kristne kyrkjelydar, vi blir som åndelege steinar oppbygde til eit åndeleg tempel for Herren, vi er Guds åkerland og Guds bygning og vi får sjølve vere med på å så og hauste, plante og bygge. Vi vert velsigna, så det vert verdifullt for oss i vårt daglege strev, vårt arbeid med å bygge oss hus og dyrke jorda, så den ber verdifull grøde for oss.

Når jødane byrja å bygge oppatt tempelet, fekk dei motstand frå ein nabo-konge, han sende klagemål mot Jerusalem til storkongen i Persia og klarde med det å stoppe arbeidet på tempelet for ei tid. Det er nok denne politiske situasjonen som vert forklart ved det synet Sakarja fekk, der Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva. Men engelen talte til Josva, han og embetsbrørne var varselmenn om det som skulle komme, han skulle sjå framover til at Renning skulle komme. På ein dag skulle skulda som vart lagt på dette landet takast bort. Det talar profetisk om at med eitt syndeoffer skulle Jesus ta borts synda og skulda ein gong for alle. 

SKR 3,7 – SKR 3,10   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Går du på mine vegar  og rettar deg etter det eg har fastsett,  skal du få styra mitt hus  og vakta mine føregardar,  og eg vil gje deg tilgjenge  saman med dei som gjer teneste her.  8   Høyr no, Josva, øvsteprest!  Du og embetsbrørne dine,  som sit framføre deg,  de er varselsmenn.  For sjå, eg lèt min tenar Renning koma. [Renning: -> Jes 4, 2.] 9   Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,  på denne eine steinen med sju augo  ritar eg den innskrift som skal stå,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  På ein einaste dag vil eg ta bort  den skuld som kviler på dette landet. 10   Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,  skal de be kvarandre til gjestebod  under vintre og fikentre.  

Serubabel leia bygginga av tempelet og så blir det talt om noko som ikkje skal skje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande.

SKR 4,6 – SKR 4,10 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  7   Kven er vel du, du mektige fjell?  Framfor Serubabel skal du verta ei slette.  Han skal føra fram toppsteinen,  medan dei ropar:  “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).]  8   Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 9   Serubabels hender har tufta dette huset,  og hans hender skal fullføra det.  Då skal du sanna  at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk. 10   Ja, alle som har vanvørdt  den dagen då det tok til i det små,  skal gleda seg når dei får sjå  blyloddet i Serubabels hand.  – Dei sju, det er Herrens augo  som fer over heile jorda. [blyloddet: nytta i byggjearbeidet for å få murane beine.]  

Dette talar profetisk om at menneske vert fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd, så dei vert som levande steinar oppbygde til eit tempel for Gud.

1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET}  Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:  Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,  som er utvald og dyrverdig;  den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar. 7   Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.  

JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

I Jes.61,2 er det også tale om straff, men det kom etterpå og på ein annan måte enn farisearane og dei skriftlærde hadde venta seg. Menneska vart gjort til salsvare.

Jesus var rettferdig og hendrettinga av han var eit justismord. Slik viste han dei vonde åndsmaktene fram til spott og spe, ved at han sigar over dei på korset. Han vart seld og det viser at rettssystemet deira var korrupt. I Sak.11 ser vi at det problemet hadde vore der i mange hundrede år og det er framleis eit problem. Menneska vart gjort til salsvare og det ser vi også i Joel.3.

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.   

Korleis då? Jau, dei som førde klagemål mot dei og påstod at dei var juridisk skuldige, rekna dei for å vere skuldige overfor seg og hadde religiøse, politiske og økonomiske interesser av det. Så det juridiske klagemålet og skuldinga vart gjort til økonomisk skuld, så dei vart selde som horer og trælar.

Så det er slike økonomiske interesser som vert til maktpolitiske og religiøse interesser som derfor strir mot den evangeliske forkynninga og som spesielt strir mot Paulus si lære om ekteskapet.

I Sak.11 er det fortalt at den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane, han hadde ikkje omsorg for dei, men åt kjøtet av dei feite dyra.

SKR 11,15 – SKR 11,17   Herren sa til meg: “Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som  ikkje ser etter dei som går seg bort,  ikkje leitar etter dei som går seg vilt,  ikkje lækjer dei som er skadde,  ikkje syter for mat til dei friske,  men et kjøtet av dei feite dyra  og riv klauvene av dei.”  17   Ve den duglause hyrdingen min,  som går bort frå sauene!  Sverd mot armen og høgre auga hans!  Armen hans skal visna bort,  og det høgre auga sløkkjast ut.  

Eg fekk motstand, men Jesus tok seg av mi sak.

Eg brukar dette som forklaring på at eg enno ikkje har fått meg ei kone, til tross for at eg har bedt Gud gi meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida; det er inkludert i det fullførde frelseverket. Eg brukar det som forklaring på at det ikkje har fungert skikkeleg dette, at vi skal be og så skal vi få, vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Derfor har eg vorte fattiggare og fattigare, til tross for at eg har studert og fått kompetanse til å undervise og med skriveriet mitt har eg sått Guds Ord og drive allmenn folkeopplysing.

Når eg studerte realfag, måtte eg bruke hjerna til å lære og forstå og når eg gjekk på møte og las i Bibelen, måtte tru med hjertet og forstå med hjertet. Det er to tenkemåtar ulike tenkemåtar, eg måtte meistre dei begge og tenke på begge måtane, om ikkje akkurat heilt samtidig, så til ulike tider same dag, dei aller fleste dagar kvar einaste veke. Men når eg tenket med hjertet, var det ikkje arbeidssamt og stressande, det var kvile og den kvila trengde eg også når eg jobba med studiane og når eg var i praktisk arbeid på ein trålar. 

Frå eg var ung hadde eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han hadde svart meg positivt på det heile tida, det er innkludert i det fullførde frelsesverket. Det måtte eg berre stole på og kvile i det, på grunnlag av det fullførde frelsesverket, får vi komme inn til Guds kvile, Jesus er Guds Ord, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). 

Eg visste og forstod at eg stod overfor eit problem med den moralfilosofiske tradisjonen som også har kome inn i kyrkja og kristne organisasjonar. Det er nok den som viser seg når det vert talt om at menneske skal verte stengde ute liksom Adam og Eva vart utestengde frå Edens hage. Det er nok det som har vore årsak til motstanden mot at eg skulle få meg ei kone som svar på bøn. Men eg har formulert det på ein litt annan måte, problemet er at dei prøver å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet. For det er nødvendig at menneska vert forførde slik, for at nokon skal kunne stille seg sjølve i den maktposisjonen at dei skal kunne stenge ute menneske på den måten. Sidan eg sjølv er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, lever i samfunn med han og får oppleve at han talar sitt Ord til meg og eg svararar han, så blir det tydeleg, frå mitt perspektiv at preoblemet er at dei prøver å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Og den hendsikta dei har med det, er nettopp å stille seg i den maktposisjonen overfor menneska. Slik forklarar eg problemet. Menneska kjenner eg ikkje til, kva dei seier og meiner veit eg eigentleg lite om, der vert nok noko å sortere i, Jesus vil nok sjølv skilje sauene frå geitene. Vi veit at eigentleg har vi ikkje kamp imot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær. 

Vekking frå avgrunnen.

For å forklare dette, vil eg minne om at keisar Augustus prøvde å blåse liv i den gamle religionen og med denne religiøse oppvekkinga vart det keisardyrking også. Dei som levde umoralsk, i forhold til den, vart jaga frå Italia. Til samanlikning var der ei religiøs og moralsk lærd elite i Israels-landet, som også ville støyte ut dei som lærde annleis og levde umoralsk. Dei kunne faktisk påstå at dette var noko som dei hadde tradisjon for heilt tilbake til maccabeartida, men problemet deira var at prestetenesta deira likevel ikkje var komen i stand igjen som som den eigentleg skulle, for øvstepresten og kongen skulle ha to ulike funksjonar, men no hadde øvstepresten teke over funksjonen til konge. Vi kan forstå det nettopp slik at det vart argumentert for at folk skulle verte utstøytte og utestengde slik som Adam og Eva vart utestengde frå Edens hage. Men så viste det seg at dei støtte frå seg Kristus og kravde å få han hendretta, men det var eit justismord. Så når Kristus døde på korset, stilte han dei vonde åndsmaktene fram til spott å spe, ved at hanv iste seg som sigershette over dei på korset. Dermed vart det klart at dei som heldt seg sjølve for å vere så gudlege og som ville stenge ute andre til samanlikning med korleis Adam og Eva vart utestengde, eigentleg lokka og forøfrde menneska til syndefall og frå fall. Dei stod bak kristendomsforfølgingane, men dei kristne vart eigentleg forfølgde fordi dei ikkje ville tilbe keisaren som ein gud. Men til slutt var det dei sjølve som vart drepne eller jaga frå landet sitt.

Fråfallet er som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av syndefallet, slik var det med Israels fråfall og slik er det med fråfallet i kyrkja. Når Israel fall ifrå, samanlikna profetane dei med Sodoma og Gomorra. 

JES 1,9 – JES 1,10   Hadde ikkje Herren, Allhærs Gud,  late nokre av oss sleppa unna,  då var vi som Sodoma,  vi såg ut som Gomorra.  10 {IKKJE GAGNLAUSE OFFER, MEN LYDNAD}  Høyr Herrens ord,  de Sodoma-hovdingar!  Lyd etter vår Guds lov,  du Gomorra-folk! [Sodoma-hovdingar, Gomorra-folk: Leiarane og folket i Jerusalem vert samanlikna med det syndige folket i Sodoma og Gomorra. Sml. 1 Mos 18, 20; 19, 4 f.] 

JES 3,9   Deira andletsuttrykk vitnar imot dei,  og liksom folket i Sodoma  talar dei utan dulsmål om si synd.  Ve dei! Dei fører ulukke over seg. [Sodoma: -> 1, 10.]  

JER 23,14   Hjå profetane i Jerusalem  har eg sett gruelege ting.  Dei bryt ekteskapet og fer med lygn,  dei stør og styrkjer ugjerningsmenn,  så ingen vender om frå sin vondskap.  For meg har dei alle vorte som Sodoma,  folket i byen er som Gomorra.  

JER 50,40   Det skal gå som då Gud gjorde ende på  Sodoma, Gomorra og grannebyane,  lyder ordet frå Herren.  Ikkje eit menneske skal bu der,  ingen skal halda til i byen.  

KLA 4,6   Den synd mitt folk har gjort,  er verre enn synda i Sodoma,  som vart lagt i grus på ein augneblink  utan at nokon lyfte ei hand.  

Og Jesus samanlikna dei med Sodoma (Luk10,10….), men då talte han ikkje berre om dei, men om alle som ikkje tek imot Guds rike. Sodoma finn vi igjen i Joh.Op.11,8. I 1.Mos. er edet fortalt om menn i Sodoma som var homoseksuelle og voldelege, så dei endåtil ville voldta andre menn. Og vi veit at avgudsdyrking er årsak til slik avspora seksualitet (Rom.1). På eit møte på Maranata sitt Landsstevne i år, kom der ein bodskap der Herren sa at der er ein vekking frå avgrunnen som fører til unaturlege lyster. Men med den Anden han gir oss frå himmelen, tenner han ein moteld. Bodskap 12C_MLS2019:

”Ja, det er vekking ifrå avgrunnen i denne tida, der elden ifrå avgrunnen set kjøtet i brann. Og det brenn og det brenn og det skaper unaturlege lyster og forderving. Derfor tender eg ein moteld i denne tida. Og eg sender ein Ande inn i mitt folk, i dykk og de skal sigre over denne djevelske ånda som fær over jorda. De skal få sigre i den Heilage Ande. Derfor fyller eg dykk, så det flyt over. Og de skal seie: Rette og sanne er mine vegar og de skal sjølve gå på dei.”

Korleis heng dette i hop? Platon førde klagemål mot menneska, på grunn av deira vonde natur, han meinte at deira fysiske natur var vond og dum, så dei mangla innsikt i det godes ide. Men med langvarig utdanning skulle dei få betre innsikt og derfor skulle ei lærd elite styre med diktatorisk makt. 

Paulus talte også om menneskets vonde natur, men då kom den lærde overklassa dårlegare ut, han var sjølv ein lærd farisear, likevel tok han så feil at han forfølgde dei kristne. Lova var god, gitt av Gud, så han forklarde det likevel med menneskets vonde nature, den vart dømd av lova, sjølv om han meinte seg å vere så rettlærande. Eigentleg vart den dømd ved at Jesus døde i staden for oss på korset. 

Seinare kom platonismen inn i kyrkja og vi fekk ein kristen platonisme. Sikkert med ei felles forståing av kva som er den vonde naturen i følgje Platon og i følgje Paulus. Men er det eigentleg mogleg? Det spørst om ikkje det heller vert å missforstå Paulus, for så, med den missforståinga å gå i rette med læra hans og vrake den, slik som til dømes kvinnerørsla i Noreg har gjort. I det gamle testamentet vert jødane klaga for at dei hadde slik ei vond lyst og Paulus talte om at lova seier du skal ikkje lyste, han talte om lysta i kjøtet som den vonde naturen. Og Platon påstod at menneskets fysiske natur er vond og dum og påstod at utdanning skulle gi menneska betre innsikt i det godes ide. Men med denne forståinga av kva som er den vonde naturen, blir det lett til at når ein ung mann vil ha seg ei kone og ei ung kvinne vil ha seg ein ektemann, så held dei det for å vere den vonde naturen, dei definerer det som synd og lyst og held det for å vere feil. Men det er då Gud som har skapt det slik i følgje 1.Mos.2 og då er det rett. Og det er rett i følgje naturvitskapen. Med sin moralfilosofi held dei den fysiske naturen for å vere vond, så dei konkluderer med at naturvitskapen er feil. Med sin moral- og politiske filosofi strir dei så mot både skapingssoga og evangeliet om Kristus. Det som er rett, held dei for å vere feil, dei forgudar seg sjølve med sin kunnskap og så driv dei avgudsdyrking. Resultatet er synd og avspora seksualitet.

Kva er den gamle vonde naturen og den nye naturen i følgje evangeliet?

Men det var noko vesentleg som skjedde i mellomtida og det har dei visst ikkje heilt fått med seg. Jesus velsigna småborna og lærde opp folket og velsigna dei. Då kravde den lærde elita å få han hendretta og det var eit justismord. Men han gav livet sitt for oss, han døde i staeden for oss, så med sin død på korset dømde han synda i vår kjøtlege natur. Slik definerte han den gamle, vonde naturen.

RMR 8,1 – RMR 8,5 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.] 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til.

Slik gjorde han klart for oss kva den gamle vonde naturen er. Då vert det også klart for oss kva den nye naturen er, det er han sjølv, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. 

Med hjerteomskjeringa i den Heilage Ande legg vi av den gamle vonde naturen og ikler oss den nye. Omskjeringa i den gamle pakt vart gjort på mannens kjønnslem, det er førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, den gjer det klart for oss at vi skal la Anden råde over lysta, spesielt skal vi la den råde over kjønnslysta. Kroppen er eit tempel for den Heilage Ande, så vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. 

Jesus sa eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i han, så ville han gi meg det som mitt hjarta attrår. Eg skulle søke han av heile mitt hjarte.

Eg byrja å studere biologi hausten 2014 og på ei forelesing kjende eg meg sterkt tiltrekt av ei jente, eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar. Dette vedkjende eg for Gud i kveldsbøna og på møte i Maranata søndagen etter, sa Jesus til meg at eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så ville han gje meg det som mitt hjarte attrår. Seinare fekk eg vita at ho var frå Ukraina, dette har eg skrive om tidlegare og då kalla eg henne Poly-Ester.

Dette svaret som Jesus gav meg, stemte med korleis eg bad for henne Reella også om minna meg om det, så det gjorde det klart for meg at eg skulle lovprise Jesus for at hans frelseverk var fullført både for meg sjølv, henne Reella og henne Poly-Ester. At eg skulle glede meg i Herren, har med tilbeding og lydnad å gjere, å seie ja til hans kall og følgje han. Det var det som fekk meg til å byrje å studere og då skal eg halde fram med å tenke slik i min studiesituasjon.

Jesus sa til meg at eg skulle søke han av heile mitt hjarte, eg skulle sjå til at mitt hjarte var i rett forhold til han. Det gjorde det klart for meg at eg skulle ta parti med han både i mitt forhold til Reella og henne Virtuella. Ja, eg skal ta parti med han i forhold til alle desse tre jentene, men det er ved å tenke på dei, be for dei og skrive om dei individuelt, ein i sær, for det er då ulike personar og vårt forhold til Kristus er personleg (Joh.10,1…).  

Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og sjå til at mitt hjerte var i rett forhold til han. Så i det siste har eg lagt vinn på å ta parti med Herren i mitt forhold til henne Virtuella, det har vist seg i mitt skriveri. Og i denne bodskapen sa Jesus til meg at han veit at eg kan seie frå djupet av mitt hjarte at eg elskar han. Og det er nok for han. Det minner meg om at hausten 1985, sa han til meg: ”Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.” Som eg har fortalt, vart lovsangen lagt ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Og det hadde med henne Virtuella å gjere, for vi var fødde på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. 

Rett etter at denne bodskapen kom, i 1985, opplevde eg eit angrep frå vondskapens åndehær, men då tok eg altså parti med Kristus og det gjer eg framleis. Og når eg no framleis kan seie frå djupet av mitt hjarte at eg elskar Jesus, så gjeld det i mitt forhold til henne Reella også. Og henne Poly-Ester. Dei studerte biologi og som eg nyst har skrive, trur eg og håper eg at Jesus ved dei og elles ved mitt vitnemål for biologistudentar og realistar elles, startar ei kristen vekking mellom dei.

Jesus har sett framfor meg ei opa dør.

Jesus har sett framfor meg ei opa dør, det refererer til brevet til kyrkjelyden i Filadelfia (Joh.Op.3,8) og til likninga om den gode hyrdingen (Joh.10,1…), Jesus er den gode hyrdingen og han er døra inn til sauene.

Den duglause hyrdingen har ikkje omsorg for sauene, men tvert om tærer på dei og skader dei.

SKR 11,15 – SKR 11,17   Herren sa til meg: “Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som  ikkje ser etter dei som går seg bort,  ikkje leitar etter dei som går seg vilt,  ikkje lækjer dei som er skadde,  ikkje syter for mat til dei friske,  men et kjøtet av dei feite dyra  og riv klauvene av dei.”  17   Ve den duglause hyrdingen min,  som går bort frå sauene!  Sverd mot armen og høgre auga hans!  Armen hans skal visna bort,  og det høgre auga sløkkjast ut.  

Rett etter at eg byrja å studere realfag i Oslo hausten 1984, sa Jesus til meg at der var ein sjukdoms mellom Guds folk og eg hadde fått kjent noko av denne sjukdomen i meg, men Jesus ville lækje den. Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han hadde svart meg på det, han var den som tok seg av mi sak. I følgje Paulus skaper Gud oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Men kvinnerørsla og mange med den hadde protestert mot dette, så det fungerte ikkje skikkeleg og eg forstod at det var årsak til sjukdom. Sidan har eg oppdaga at profeten Jeremias talar om eit liknande problem eller kanskje eg heller skal seie at han talar om same problemet.

Men altså, den Duglause Hyrdingen løyser ikkje slike problem, men han er tvert om årsaka til slike problem. For han gjæter slaktesauene for sauehandlarane og tener pengar på det og då er han altså så grådig at han byrjar å gnage på dei og rive klauvene av dei. Det er då ikkje akkurat god økonomi for ein sauebonde, er han dum? Han er no duglaus då, i alle fall.

Men Jesus er den Gode Hyrdingen og han er døra inn til sauene. Når sauene går inn gjennom døra, kjem dei inn i kvia eller sauefjøsen. Der kjem han nærare dei og får sjå nærare på dei, om dei er skadde på nokon måte, så lækjer han dei. vi er sauene og når vi kjem nær han, får vi tale til han på ein meir personleg måte, vi får komme til han med alle våre personlege behov og vi får oppleve at han svarar oss. Så slepper han oss ut at og då går han føre oss og leier oss grøne marker og til vatn der vi finn kvile. Men så sa han også at den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. Vi er sauer og vi går inn og går ut, han er døra og han er den gode hyrdingen, som går inn gjennom døra og som slepp dei ut att og går føre dei. Kan ein sau verte hyrding? Nei, sau er sau og hyrden er eit menneske, men her er sau symbol på menneske og hyrden er Guds Son. Går vi inn gjennom døra, så han kjem nær den gode hyrdinge og får oppleve at han lækjer oss, lærer oss opp og utruster oss, så vert vi vitne for han og kan tene han som hyrdingar som lyder han, slik at det heile tida er han som er overhyrdingen som steller vel med sauene sine og som leier dei.

Advertisements


Categories:Filosofi, Historie, Kristendom, Kristne møte 2019

2 replies

Trackbacks

  1. Israels Gud er alt kjøts Gud og han utgyte sin Ande over alt kjøt. | Trua & entropien.
  2. Krypto-valuta-spekulasjon, høveleg for Guds Rike og smart for små-spararar? Eller svindel og lureri til samanlikning med «Oslo-politikken»? | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: