2019.08.25. Sion Åheim. Jesus lever. Tru på han av heile ditt hjarte. Han gjer noko nytt.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

Faderen har salva Jesus med gledens olje framfor sine medbrør.

SLM 45,8   Du elska rettferd og hata urett.   Difor har Gud, din Gud,  salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.

Der er ei evig glede for Guds åsyn.

SLM 16,11   Du lærer meg livsens veg.  Det er fullt av glede for ditt åsyn,  ein evig fagnad ved di høgre hand.  

LUK 10,20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!”   

Tale ved Jarle Nygjærde.

Vi er originalar og det skal vi vere, vi får komme til Jesus slik som vi er. Orheim: ”Når eg med Jesus åleine er, …”

”Jesus, her er eg, send meg.”

JOH 14,1 – JOH 14,14 {VEGEN, SANNINGA OG LIVET}  Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.” 5   Tomas seier til han: “Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?” 6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.” 8   Filip seier til han: “Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.” 9 Jesus svarar: “No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.   

1KO 12,1 – 1KO 12,12 {NÅDEGÅVENE}  Når det gjeld Andens gåver, brør, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap om dei. 2 De veit at då de var heidningar, vart de dregne til dei mållause avgudane og førte hit og dit. 3 Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: “Forbanna er Jesus!” Og ingen kan seia: “Jesus er Herre!” utan i Den Heilage Ande. 4   Det er skil på nådegåver, men Anden er den same. 5 Det er skil på tenester, men Herren er den same. 6 Det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, han som verkar alt i alle. 7 Hjå kvar einskild gjev Anden seg til kjenne, så det vert til gagn. 8 Ved Anden vert det gjeve den eine å forkynna visdom; ein annan får ved den same Ande å tala kunnskap. 9 Éin får ei serskild trusgåve ved den same Ande, ein annan får den nådegåva å lækja ved den eine og same Ande, 10 og éin får kraft til å gjera mektige gjerningar. Éin får den gåva å tala profetisk, ein annan gåva å prøva ånder, éin får tungetale av ulikt slag, ein annan å tyda tungetalen. 11 Alt dette verkar den eine og same Ande, som deler ut sine gåver til kvar einskild, som han vil. 12   For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg.

Jarle ville seie noko om lækjedom ved bønn, men kjende seg noko usikker, han tenkte tilbake på tilfeller der han kunne ha sagt noko om det, men i ettertid ville han ha sagt det annleis. 

Der er predikantar som forkynner lækjedom ved bønn og når det ikkje skjer forkynner dei at den sjuke må gjere noko, forandre seg, kanskje endåtil gi meir kollekt. Men dette er då opplagt feil, tenk på det svaret som Peter gav den invalide tiggaren. Når skuggen av Peter fall på nokon av dei sjuke, vart dei lækte. For kvinna som hadde blødningar, var det noki at ho fekk ta bort i kappa på Jesus, så vart ho lækt (Luk.8,43).

Ein mann som var fiendtleg innstilt til kristendomen hadde ryggplager, men Anden sa til Jarle han skulle gå bort til han og be for han og han so gjorde. Sidan spurde mannen han kva det var som skjedde, for han hadde vorte kvitt ryggplagene. 

Guds Ande har brukt predikantar, så dei har samla store folkemengder, slik har dei vorte store predikantar, men så vert der mindre og mindre av vedkjenninga av Jesu namn i talene deira. Så er dei borte og vi høyrer ikkje meir til dei. det verkar som Gud tek dei til sides.

Så pass på at du ikkje tek plassen for Jesus.

MRK 16,15 – MRK 16,18 {OPPGÅVA TIL LÆRESVEINANE}  Han sa til dei: “Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle menneske! 16 Den som trur og vert døypt, skal verta frelst; men den som ikkje trur, skal verta fordømd. 17 Og desse teikna skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål, 18 dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke, så dei vert friske.”   

Tungetale ved Ingelin, tyding ved Jarle.

Bodskap 1A. ”Ja, seier Herren, du har søkt meg mange gangar og mange gangar har du gått skuffa bort, seier Herren. Det har ikkje skjett noko og du tvilar på om det i det heile teke skal skje noko. Men eg seier deg, hald ut, mitt barn, hald ut og frykt ikkje. Stol på meg, eg har full kontroll over ditt liv, seier Herren. Eg har full kontroll over deg. Eg ser kva du styrar med, eg ser kva det du – du styrer med i din kvardag, der du går omkring, der du er, så ser eg kva du styrer med og eg veit også kva du skal møte. For eg har full kontroll, stol på meg, seier Herren. For eg har verkeleg full kontroll over ditt liv, så ver ikkje -, ver ikkje -, slutt ikkje å søke meg, for eg vil svare i mi tid, seier Herren. Søk inn til meg og søk meg, av heile ditt hjerte, seier Herren.”

Bodskap 1B. ”Du har mange gangar tvilt på om eg verkeleg lever, seier Herren. Men sjå, eg lever, og eg er den same i dag som i fordums tid. Eg er den same som går omkring i benkeradene her i denne stund. Eg vil røre ved deg i denne stund. Om ikkje du retta opp di hand, eller du – eg ser til ditt inste hjerte og din inste lengsel. Eg vil røre ved deg i denne stund, seier Herren, og det skal verte eit føre og eit etter, seier Herren. Du skal få oppleve at eg kjem til deg. Og eg vil – din lækjedom skal gå over tid, seier Herren. Du skal verte stadig betre av det som du plagest av, seier Herren. Du skal berre få sjå, at når du stolar på meg, av heile ditt hjarte og ikkje tvilar, så skal det skje. Men vit, eg også ser til deg som tvilar, seier Herren. Eg ser til deg som tvilar, eg har deg verkeleg kjær, seier Herren. Du er dyrebar i mine auge og eg vil at du skal stole på meg, eg forlangar det ikkje seier Herren, men eg vil at du skal ta meg på alvor. Og du skal sjå, du skal sjå større ting enn det som du har sett hittil, seier Herren. Du skal få sjå det lille og du skal bli også det store – den store samanheng. Og du skal få sjå, eg er i går og i dag den same, til evig tid. Amen.”

Tungetale ved Palma, tyding ved Jarle.

Bodskap 2. Dette er ei bønn. 

”T akk, Jesus, for du har bevart meg inntil i dag, takk Jesus, for at du har vore med meg gjennom motgang og medgang. Takk, Jesus, for at eg er ditt barn og skal få lov å vere med deg, så lenge som eg lever på denne jord. Så skal eg få lov til å leve, få fryde meg i min frelse. Og dette er din nåde som er ny kvar einaste morgon. Ja, takk Jesus for at du bevarar meg, at du er ved sida mi. Takk, Jesus, for at eg skal få lov til å vere ditt barn og er ditt barn, kunn blott av nåde. Amen. Halleluja.”

Aktuelle bibelvers.

SLM 45,1 – SLM 45,8 {TIL BRYLLAUPET ÅT KONGEN}  Til korleiaren. Etter “Liljene”. Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik. [“Liljene”: kanskje namn på ein melodi.]  2   Mitt hjarta strøymer over av gode ord,  eg vil kveda min song for kongen.  Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.  3   Du er den fagraste av menneske,  milde ord har du på lippa.  Difor har Gud velsigna deg for alltid.  4   Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,  i di høgd og din herlegdom! 5   Ha lukka med deg!  Dra ut til strid  for sanning, mildskap og rett!   Di høgre hand skal visa deg  skræmande storverk. 6   Dine piler er kvasse  – folk stuper for deg;  dei råkar kongens fiendar i hjarta.  7   Din kongsstol, Gud,  står til evig tid,  rettferds stav er din kongsstav. [Gud: Det hebr. ordet som her (og ikkje elles i GT) vert nytta om kongen, står òg unntaksvis om Moses (2 Mos 4, 16; 7, 1), om den som feller dom (2 Mos 21, 6; 22, 8 f) og om Davids hus (Sak 12, 8). Sml. Jes 9, 6 om Messias.] 8   Du elska rettferd og hata urett.   Difor har Gud, din Gud,  salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.

APG 3,1 – APG 3,8 {PETER LÆKJER OG FORKYNNER}  Ein dag då det leid til bønetimen, som er den niande timen, gjekk Peter og Johannes opp til templet. 2 Då kom det nokre berande med ein mann som hadde vore lam all si tid. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som kallast Fagerporten, så han kunne be dei som gjekk inn i templet, om ei sælebotsgåve. 3 Som han fekk auga på Peter og Johannes på veg inn, bad han dei òg om ei gåve. 4 Dei feste augo på han, og Peter sa: “Sjå på oss!” 5 Han så gjorde, for han vona dei ville gje han noko. 6 Men Peter sa: “Sølv og gull eig eg ikkje; men det eg har, det gjev eg deg. I namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, byd eg deg: Stå opp og gå!” 7 Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og okla. 8 Han spratt opp, stod på føtene og tok til å gå ikring. Så fylgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han og snart sprang han, alt medan han lova Gud.

APG 5,15 Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i alle fall skuggen av Peter kunne falla på dei når han gjekk framom.

Kommentar.

Hjerteomskjeringa i den Heilage Ande.

Eg har nyst skrive om at omskjeringa i den gamle pakt er førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, poenget er at vi skal la Anden råde over lysta, råde i vår døyelege lekam. Som vi song i referenget på ein slager i ”Jesus Church”: ”Kom og ta din trone, på mitt hjerte Jesus, jeg kroner de til konge, med min kjærlighet”.

Israels Gud er alt kjøts Gud

Har vi teke imot Kristus, så har vi fått hans Ande, då tilhøyrer vi han og er frelst. Då skal vi også leve for han og det er ved det livet og den Anden han gir oss frå himmelen. Så vi må framleis vende oss til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen, den rettferdige, ved tru skal han leve. Vi har fått hans Ande, så vi tilhøyrer han, då skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam, det er noko som vi må innstille oss på, ved at vi søker han. 

Hovudsaka er at vi er forsona med Gud på grunn av at Jesus døde i staden for oss, på det grunnlaget får vi komme inn i samfunnet med han og får oppleve at han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Så då er det berre for oss å la han gjere det og la Anden råde i vår døyelege lekam. På dette møtet påkalla eg han og bad han om å ta makta over kroppen min, så eg får oppleve at han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Og no var det henne Reella eg tenkte på. Han skapte Eva av Adams sidebein, så då er det altså eit verk han gjer med mannens kropp. Så denne bodskapen ser eg som svar på denne bøna.

Jesus kjenner meg og han kjenner mine gjerningar.

Elles vil eg sjå det i samanheng med bodskapen som kom her for to veker sidan.

Bodskapen 11.8.2019:

”Eg kjenner deg, seier Herren, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min. Eg kjenner dine gjerningar og eg veit at du har lita kraft. Eg veit at du føler deg tilkortkommen og skrøpeleg og fattig. Eg veit at du føler du ikkje strekk til, men det er ikkje heile sanninga. For sjå, seier Herren, eg har sett foran deg ei opa dør. Ei opa dør som berre eg kan opne. Ei opa dør som ikkje du treng å presse deg gjennom. Men ei opa dør som eg seier velkommen gjennom. Velkommen, gå inn i den opne døra og du skal sjå at eg har førebutt gode gjerningar for deg. Du treng ikkje å – å minne meg om din eigen fattigdom, men eg vil at du skal påkalle meg av heile ditt hjerte. Eg vil at du skal opphøgje namnet mitt, for eg er rik nok, eg er sterk nok, seier Herren. Eg er frimodig nok og eg bur i ditt hjerte. Eg sende talsmannen, den Heilage Ande, for at du skulle kjenne og vite, at eg lever i deg. Og eg sende også talsmannen for å førebu ein veg, midt i øydemarka, for å skape liv, der som ingen andre kunne tru at det var mogleg. Eg har sendt den Heilage Ande, for å førebu menneske på denne stad, for å ta imot evangeliet. Og de skal få sjå ting som de ikkje trudde var mogleg. Fordi eg førebur, eg førebur nytt liv, eg førebur nye menneske. Og eg ynskjer å bruke deg, på tross av din skrøpelegdom. Eg veit at du har lita kraft, men du har ikkje forlete din første kjærleik. Eg veit at du kan seie frå djupet av ditt hjarte: Eg elskar deg, Jesus. Og det er nok for meg, seier, Herren, eg elska deg først og så elskar du meg tilbake. Derfor skal du legge deg trygt i natt, utan fordømming, utan nederlagsføling og du skal få vakne opp til ein ny dag og kjenne at: dette er den første dag i resten av mitt liv. Ein ny dag med nye moglegheiter, sjå, det gamle er forbi, sjå, alt har vorte nytt. Og du skal få vere med meg inn i noko nytt, seier Herren. Du skal få vere med meg og sjå at eg gjer nye ting i ditt liv og at eg gjer nye ting i din familie. Du skal få vere med å sjå at eg gjer nye ting i bygder og byar, som mange trudde var umogleg, som mange trudde det var forbi, men sjå, eg gjer noko nytt, seier Herren. Skal de ikkje oppleve det? Skal de ikkje vere med på det som eg har førebudt? For eg har førebudt ei innhausting i dei siste dagar og eg veit at markane er kvite til haust. Og eg ynskjer å invitere deg med, slik at du kan få sjå det, du kan få oppleve det, du kan få delta i det. Og alt dette gjer eg, ikkje på grunn av deg, men på grunn av at eg elskar verda så høgt og eg elskar deg, på tross av dine feil, seier Herren. Og eg ynskjer at du vil opne ditt hjerte og seie: Herre, her er eg, send meg. Amen.”

Eg hadde nyst skrive om at når vi har teke imot Jesus, så vi har hans Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst. Då skal vi også leva for han. Då er det han som gjer det mogleg ved at han gir oss ånd og liv. Så eg har fått det røyndomssynet, menneskesynet og kunnskapssynet at eg lever for han, same enten eg studerer, er i praktisk eller teoretisk arbeid eller på fritida. Eg forstår det slik at han svarde meg på dette når han sa at han visste om mine gjerningar. I ein slik travel kvardag fekk eg lite moglegheit til å fortelje om mi tru på han. Han seier eg skal sjå at han har sett fram for meg ei opa dør. Eg trur han med det vil vise meg kva moglegheit han har gitt meg til å vere frittalande, tale hans Ord med frimod.

Jesus sende den Heilage Ande for at eg skal kjenne og vite at han lever i meg og for å førebu veg i øydemarka. Eg skal stole på han av heile mitt hjarte.

Jesus sa han sende den Heilage Ande, for at eg skal få kjenne og vite at han lever i meg og for å førebu ein veg i øydemarka, for å førebu nytt liv og førebu menneske på å ta imot evangeliet. Eg har lite kraft, men har ikkje vendt meg bort frå min første kjærleik, han veit eg kan seie frå djupet av mitt hjerte at eg elsker han, fordi han elska meg først.

Søndag 25.8.2019 talte han til ein som har søkt han mange gongar, men gått skuffa bort. Det høver no med at eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung, men det har enno ikkje vorte noko av. Bodskap 1A byrja slik:

”Ja, seier Herren, du har søkt meg mange gangar og mange gangar har du gått skuffa bort, seier Herren. Det har ikkje skjett noko og du tvilar på om det i det heile teke skal skje noko. Men eg seier deg, hald ut, mitt barn, hald ut og frykt ikkje. Stol på meg, eg har full kontroll over ditt liv, seier Herren.

Så her talar han opplagt til meg og som vanleg reknar eg med det er ein god bodskap til mange andre også. Han sa han såg kva eg styrte med i min kvardag. Ja, no er eg pensjonist og driv med dette skriveriet mitt, sullar litt med å stelle hus og hage, syklar litt og går litt turar, men det treng eg i grunnen å gjere meir av. Han spurde meg om eg ville opne mitt hjarte og seie, sjå, her er eg, send meg, så kanskje eg skulle ta meg ei veke i Oslo, no ved semesterstart? Men så var det møte her, så eg bestemte meg for å gå på det. Men han sa han såg kva eg dreiv med i min kvardag og sa han har full kontroll på meg og veit kva som møter meg, så eg reknar med eg kan berre slå meg til ro framleis.  

Han seier eg tvilar på at det i det heile teke skal skje noko, det ser ut til å bli ei konflikt mellom tru og tvil. Den kristne trua er å tru at Gud vekte Jesus opp frå dei døde, tru at han lever, at han er ved Faderens høgre hand i himmelen og at han er med oss. Ved at Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Livet vart planta i oss ved Guds Ord. Jesus er livet og han gir oss liv. Den rettferdige, ved tru skal han leve.

Jesus ser til mitt inste hjerte og min inste lengsel, han går i benkeradene og han rører ved meg.

Så talte han om mitt hjertes inste lengsel og sa at han vil røre ved meg, min lækjedom skal gå over tid. Bodskap 1B: 

”Du har mange gangar tvilt på om eg verkeleg lever, seier Herren. Men sjå, eg lever, og eg er den same i dag som i fordums tid. Eg er den same som går omkring i benkeradene her i denne stund. Eg vil røre ved deg i denne stund. Om ikkje du retta opp di hand, eller du – eg ser til ditt inste hjerte og din inste lengsel. Eg vil røre ved deg i denne stund, seier Herren, og det skal verte eit føre og eit etter, seier Herren. Du skal få oppleve at eg kjem til deg. Og eg vil – din lækjedom skal gå over tid, seier Herren. Du skal verte stadig betre av det som du plagest av, seier Herren. Du skal berre få sjå, at når du stolar på meg, av heile ditt hjarte og ikkje tvilar, så skal det skje.

Jesus sa at dersom vi vert verande i hans ord, skal vi få lære å kjenne sanninga og sanninga skal setje oss fri. Den Heilage Ande openberrar Ordet for oss og leier oss fram til heile sanninga, som er Kristus. Då må vi også innstille oss på det ved at vi søker han og kallar på han den stund han er nær. Han har nyst minna meg om å søke han av heile mitt hjerte og no seier han at eg skal påkalle han av heile mitt hjerte. Og no seier han at eg skal stole på han av heile mitt hjarte. 

Når han sa eg skulle søke han av heile mitt hjarte, sjå til at mitt hjarte var heilt med han, så tenkte eg som so, at eg skulle ta parti med han både i mitt forhold til henne Reella og henne Virtuella. Eg har forstått det slik at Jesus har talt til henne Virtuella også, gjennom desse bodskapane som har kome gjennom tyding av tungetale, han har kalla henne til seg og det er som eit frieri, slik som vi ser i Høgsangen (Høgs.2,10…).  Men det er opp til henne om ho vil svare ja på hans frieri eller vende seg bort frå han. Om ho vender seg bort frå han, så tek eg ikkje parti med henne, men eg held fram med å ta parti med han. Men om eg ber for henne, så betyr det å tale hennar sak, i det eg let Jesus tale vår sak hos Faderen, tale mi sak og tale hennar sak, Om ho vender om til han, så får eg moglegheit til å ta parti med henne på den måten, men dersom ho vender seg bort frå han, så tek eg ikkje parti med henne, men eg held fram med å ta parti med han. Det har betydning for mitt bønneliv, eg må passe på at meg med mine bøner ikkje tek parti for henne når ho vender seg bort frå Herren, men eg skal heilhjarta halde meg til han. Då han eg seie som Paulus, vi ber i staden for Kristus, la dykk forlike med Gud.

2KO 5,20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!

Dersom ho vel å vende seg bort frå han, så er det ingen som kan gjere noko med det, ingen kan hindre henne i det, men det vert hennar eige ansvar. Men poenget er at hon har moglegheit til å vende om til han og seie ja til han. Då er det om å gjere for henne å høyre på han og svare ja til hans kall og følge han, det er om å gjere at ho soleis vert i stand til å svare for seg sjølv. Om eg talar om henne og soleis prøver å tale hennar sak på min måte, så er det ikkje meininga at det skal vere erstatning for at ho skal få tale til han og tale med han sjølv og svare for seg sjølv. 

Men då må eg også få lov til å verte ferdig med dette og komme meg vidare her i livet!? Eg søker han av heile mitt hjarte, for å få oppleve at han gir meg ei kone, det er i samsvar med hans Ord, det har eg bedt han om og han har svart ja på den bøna. Og no var det som sagt henne Reella eg tenkte på.

Gud bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Eg trur at han vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, han har fått all makt i himmelen og på jorda, med hjertets opplatne auge får eg sjå at han lever og er med oss. Ja, ved trua på han får eg oppleve at han lever i mitt hjerte og mitt indre menneske. Eg trur på han, kjenner han og kjennest ved han slik og då skal eg berre stole på han av heile mitt hjarte.

Jesus talar til eit anna menneske, som tvilar.

Så talar han tydelegvis til eit anna menneske, bodskap 1B forts:

Men vit, eg også ser til deg som tvilar, seier Herren. Eg ser til deg som tvilar, eg har deg verkeleg kjær, seier Herren. Du er dyrebar i mine auge og eg vil at du skal stole på meg, eg forlangar det ikkje seier Herren, men eg vil at du skal ta meg på alvor. Og du skal sjå, du skal sjå større ting enn det som du har sett hittil, seier Herren. Du skal få sjå det lille og du skal bli også det store – den store samanheng. Og du skal få sjå, eg er i går og i dag den same, til evig tid. Amen.”

Det kan nok vere mange som er komne i ein slik situasjon i sitt trusliv, så det talar til mange. Eg skal ikkje utelukke at det gjeld henne Virutella også, kanskje det endåtil er meint fyst og fremst til henne, så ho er hovudpersonen i dette. Men det vesentlege poenget er at den som det talar til må sjølv vite det og forstå det. For den Gode Hyrdingen kjenner sauene sine og dei kjenner han og kjenner stemma hans, så dei kjem til han og følgjer han.

Den Heilage Ande hjelper meg med mi takkebøn.

Så kom der ein bodskap som eg oppfatta slik at det er den Heilage Ande som hjelper meg med mi takkebøn, bodskap 2: 

”T akk, Jesus, for du har bevart meg inntil i dag, takk Jesus, for at du har vore med meg gjennom motgang og medgang. Takk, Jesus, for at eg er ditt barn og skal få lov å vere med deg, så lenge som eg lever på denne jord. Så skal eg få lov til å leve, få fryde meg i min frelse. Og dette er din nåde som er ny kvar einaste morgon. Ja, takk Jesus for at du bevarar meg, at du er ved sida mi. Takk, Jesus, for at eg skal få lov til å vere ditt barn og er ditt barn, kunn blott av nåde. Amen. Halleluja.”

Eg ber til Jesus og han svarar meg, då skal eg takke han for det svaret han gir meg og halde fram med å be til han. Han har sagt eg skal snakke med han. Då vil det vere naturleg at eg i mitt skriveri ikkje berre skriv om han, brukar tredje person eintal, men at eg brukar andre person eintal, skriv som om eg talar til han.

Jesus har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den ved fylden av den Heilage Ande. Bere god frukt.

Jesus sa han lever og er den same, han går i benkeradene, han ser til mitt inste hjerte, til min inste lengsel, han rører ved meg i denne stund og det skal verte eit føre og eit etter. Eg skal få oppleve at han kjem til meg. Min lækjedom skal skje over tid. Eg skal stole på han av heile mitt hjerte, så skal det skje. Ja, Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han, det er det eg har bedt han om, så eg ventar at han kjem til meg på den måten.

På evangeliets grunnvoll er vi kome inn  i eit slikt forhold til Gud som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud er ånd og han rører ved oss og vekker oss opp til liv i samfunn med seg i samsvar med 1.Mos.2, for han her den same no. Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2 og slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Gud er ånd og han gjer sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande. Jesus ser til mitt inste hjerte, han ser til min inste lengsel. Han har sagt til meg at han har langt lengselen ned i meg og han vil sjølv fylle den, det har eg også bedt han om og det er det eg framleis ber han om og når han ser til mitt inste hjerte og min inste lengsel og rører ved meg, så minner han meg om det.  

Hausten 2014 byrja eg å studere biologi og på ei forelesing kjende eg meg ei lita stund sterkt tiltrekt av ei ung, vakker jente, eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar. Det vedkjende eg for Jesus i kveldsbøna mi og på møtet neste søndag sa han til meg at eg skulle lovprise han for det fullførde frelseverket og glede meg i han, så ville han gi meg det som mitt hjerte attrådde. Ja, ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, lova åt livsens ande har i Kristus Jesus sett meg fri frå lova å synda og døden.

1KO 1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]

Eg skal lovprise Gud og Lammet for at frelseverket er fullført for oss alle, når eg vert tiltrekt av ei vakker jente, skal eg lede meg over at frelseverket er fullført både for meg og for henne. Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Han skapte kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så dei var eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Gud er ånd og slik vekker han oss opp til liv i samfunn  med seg. Men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, det er noko som vi får oppleve. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no og Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone og då skal eg takke han for det fullførde frelsesverket og glede meg i han. Eg tolkar 1.Mos.2 slik når eg likar ei kvinne, så eg blir tiltrekt av henne, kanskje byrjar å verte glad i henne og forelska i henne, så skal eg få lovprise gud og Lammet for at frelseverket er fullført for både meg og henne og glede meg i Herren alltid. Eg bad han gi meg ei frelst kvinne til kone og slik er den lengselen han la ned i meg og som han vil fylle ved fylden av den Heilage Ande. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. 

RMR 5,1 – RMR 5,11 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.  

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og ventar meg at han vil gi meg henne i samsvar med 1.Mos.2 og tolkar det slik at i det eg verte fylt av den Heilage Ande, så vert ho det også, Guds kjærleik er utrent i mitt hjerte og i hennar hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt, den er i oss og mellom oss. Som Guds born tek vi imot hans kjærleik og omsorg og elskar fordi han elska oss fyrst. Sidan eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, ventar eg meg at et får oppleve det i mitt hjerte at han frelser hennar sjel, at han gir henne ånd og liv og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen, at han er hennar frelsar og Herre, som elskar henne som si brud og at ho vil svare på hans kjærleik som hans brud og komme til han og ta imot hans kjærleik og omsorg. At ho som eit Guds barn vil komme til Faderen og ta imot han kjærleik og omsorg og svare på hans kjærleik med kjærleik.

Og no er det altså henne Reella eg tenker slik om eg ber slik for.

Jesus er det sanne vintreet, vi som trur på han er greinene. Vi må vere i han, liksom greinene er i vintreet, for å bere frukt, greinene må syge sevje frå rota for å halde seg i live og bere frukt. Faderen er vingardsmannen, dei greinene som ikkje ber frukt, tek han bort, dei som ber frukt, reinskar han så dei kan bere meir frukt. Jesus sa til oss at vi skal verte verande i han, slik at vi ber frukt. Paulus sa at Andens frukter er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, spaklynde. 

JOH 15,1 – JOH 15,17 {DET SANNE VINTREET}  Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar. 9   Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!   

GLT 5,22 – GLT 5,26 Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, 23 spaklynde og sjølvtøyming. Mot slike ting er ikkje lova. 24 Dei som høyrer Kristus til, har krossfest den vonde naturen med lidenskapane og lystene. 25 Har vi fått livet ved Anden, så lat oss òg ferdast i Anden. 26 Lat oss ikkje vera drivne av æresykje, så vi eggjar kvarandre og misunner kvarandre.  

Og poenget her er å bere god frukt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Eg ynskjer og innstiller meg på å bere Andens frukter i mitt forhold til henne. Ved å lovprise Gud og Lammet for frelsa, ynskjer og ventar eg å få oppleve frelsekrafta i mitt indre menneske; at han frelser henne, at han openberrar seg for henne som hennar frelsar og Herre, brudgom og ven. Eg ynskjer at både eg og ho vert fylt av Guds Ande, hans salving og hans kraft, så både eg og ho får oppleve at vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarte ved den Heialge Ande som er oss gitt. Eg vil lovprise Gud og lammet for frelsa og glede meg i Herren og så håper eg ho også vil gjere det.

Tru med hjertet og tenke med forstanden, to tenkemåtar som er om å gjere å få til å harmonere.

Når eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, heime med meg sjølv, i løynkammerbøna og i kyrkjelyden, så er det ei subjektiv innstilling, eg må vende meg til Kristus og søke han, det er å tru på Gud og hans Ord med hjertet, det er evig, fullkome og uforanderleg. Ved tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Med den trua, rasjonaliteten og innsikta kan eg vel studere realfag, men eg føler meg ikkje umidelebart motivert av det på same måten som når det er tale om å vere brennande i ånda og verte motivert av den kjærleiken Gud har gitt meg i hjertet, så det trongst ein del metakognisjon for å innsjå at eg kunne og skulle tene Gud med å studere realfag. Når eg studerte realfag var det om å gjere å bruke forstanden, når eg søkte samfunn med Gud var det om å gjere å tru med hjerte og søke Gud av heile mitt hjerte. Det er to tenkemåtar som eg måtte få til å gå i hop og eg meiner det skal eg få til ved at eg let meg forsone med Gud ved trua på Jesus. 

Rett etter at eg byrja å studere realfag i Oslo, hausten 1984, sa Jesus til meg at der var ein sjukdom mellom Guds folk og eg hadde fått kjenne noko av den sjukdomen i meg, men han ville lækje den. Eg forstod at det var på grunn av protesten mot Paulus i lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som egr hans brud, folk hadde altså ikkje lete seg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, derfor fungerte ikkje dette rett. Sidan har eg oppdaga at profeten Jeremias var i ein liknande situasjon og det forklarar mykje.

Den messianske jøden David H. Stern kom med ei bibeloversetjing som han kalla ”Complete Jewish Bible” og i innleiinga skreiv han at Vesten var bygd på tradisjonen frå Aten og Jerusalem, han hadde sans for den analytiske tenkinga frå Aten, men den klarde ikkje å sameine hjerte og hjerne, kropp og sjel og det var årsak til mykje sjukdom. Men tradisjonen frå Jerusalem sameina det. 

Vel, når vi les til dømes Jeremias bok, ser vi at det vart tydeleg eit stort problem for jødane også. Profetane skreiv at dei tenet han  med det som dei sa, men hjarta deira var langt bort frå han. Så han ville ta ut steinhjarta deira og gje dei eit kjøthjarte i staden og gi dei sin Ande i hjartet. Det hadde seg slik at lovens bokstav var skrive på steintavler, den skulle innprentast i hjerte og sinn, men utan at Anden openberra Ordet for dei, forstod dei det likevel ikkje. Israels Gud var kjelda med det levande vatnet (den Heilage Ande), det måtte dei ta imot i tru. Men problemet deira var at dei likevel ikkje trudde. 

Denne motsetnaden mellom moralfilosofi og trua på Israels Gud vart forsterka ved hellenismen. No har eg for lengst gjort det klart at det er ikkje moralfilosofien i hellenismen som interesserer meg men hellnismen som vugge for realfag, naturfag og matematiske, anlytiske tenkinga. 

I vår tid ser vi at splitt- og hersk-taktikken forsterkar motsetnaden mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne, mann og kvinne og det resulterer i meir sjukdom. Det har seg slik at høgare utdanning tek sikte å utdanne mennesker til å verte ei lærd overklasse som skal ta over for menneskets ånd og sjel, for verdslege autoritetar har bruk for menneskts kropp som arbeidskraft. Men då er det strategien og metodene til slavesamfunnet som møter oss i ny skikkelse, det var då som keisarens nye klede. 

Når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og opplever at vi vert fylt av Guds Ande, så vert vi tent i brann for Guds sak. Det er så opplagt ei subjektiv innstilling. Men når vi studerer realfag, så søker vi objektiv kunnskap med insikt, så vi lærer å forstå korleis naturen fungerer. Så den den kunnskapen står på eigne føter, prøver i alle fall mest mogleg å gjere det, og er eigentleg nøytral i forhold til slike følelesmesigie subjektive innstillingar. Vi kan glede oss over å få fagleg innsikt, det er vanleg og pedagogisk rett. Når vi har lært å forstå korelis natuern fungerer, kan vi bruke den til å utvikle ny teknologi, som vert nyttig for oss. Så det er som å dyrke og verne Guds hage, så den ber meir frukt og vert meir matnyttig for oss. Ofte viser det seg at det kan få uheldige biverknadar, så det skader naturen og i neste omgang reduserer produktiviteten. Så det vert nye utfordringar for grunnforsking og forsking for utvikling av ny teknologi.

Men det er verre om menneska held seg til religiøs overtru, med mytologi og moralfilosofi som held naturen for å vere vond og dermed feil, ein fiende som dei med sine myter vil prove å overvinne, drepe og forandre, for at den skal verte betre, så dei med ei religiøs forsetilling om at dei er som gudar, hevdar at der er noko feil med naturen, så dei må prøve å skape ein betre natur. Det som skjer då er at dei tvert om øydelegg jorda.

ÅPE 19,1 – ÅPE 19,2 {DET STORE KORET I HIMMELEN}  Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:  Halleluja!  Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til, [Halleluja: hyllingsrop, kjent frå den jødiske gudstenesta. Det tyder: “Lovpris Herren!”] 2   for sanne og rettferdige er hans domar.  Han har dømt den store skjøkja,  ho som øydela jorda med si utukt,  og blodet av tenarane sine  har han kravt av hennar hand.

Problemet er heller at menneska fall ifrå Gud, så dei forstår seg ikkje på det lenger, dei forstår seg ikkje lenger på livet i samfunnet med Gud og derfor srorstår dei seg ikkje lengre på naturen, korleis dyrke og verne Guds hage, slik at jorda vert fruktbar.

Men når vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, så ærar og takkar vi Gud og Lammet for frelsa og då ærar og takkar vi Gud som har skapt all ting. Så når eg studerer realfag, lærer er å forstå korleis verda og naturen er og fungerer og så takkar eg Guds som har skapt det slik. Men dette handlar om noko meir enn korleis denne verda er og fungerer, vi er komne inn att i samfunnet med Gud, som er ånd, og får oppleve at han gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande. Det er det vesentlege.

Jesus sa at vi skulle ikkje undre oss over at verda hatar oss, for ho har hata han først. Kvifor hatar ho han? Han er Guds Ord og Gud gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande. Då viser det seg at det nye får motstand frå det gamle. Korleis skal det gå då? Det gamle må bort, det må vike plassen for det nye. Dersom vi tek imot den nåden Gud gir oss i Kristus, så vel vi frivillig å ta imot han, så vi får oppleve at Gud gjer noko nytt i våre liv, ved sitt Ord og sin Ande. 

Vi skal ikkje elske verda, men det betyr vel ikkje at vi skal hate henne heller? Det høver vel betre med at den realfaglege kunnskapen er objektiv, står på eigne føter og er nøytral, er følelsesmessig nøytral. Jesus sigra over Satan og verda med sin død på korset, han sigra over døden ved si oppstode frå dei døde og vi skal sigre saman med han ved trua på at han stod opp att frå dei døde. Vi skal ikkje elske verda, men vi skal tru på han og elske han og elske kvarandre. Han har fått all makt i himmel og på jord og han elskar verda. 

Jesus ser til hjertet. Slik han har vore for meg, vil han vere for den som eg ber for.

Hausten 1990 oppdaga eg henne Reella, eg syntest ho var så vakker at eg vedkjende for Gud i mitt stille sinn at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sidan fekk eg oppleve at Anden dreiv meg slik at møtte på henne, akkurat når eg kom ned trappa til første etasje i Vilhelm Bjerknes hus, kom ho frå høgre og gjekk forbi, så eg kom ned rett bak henne. Når eg var på siste trinna  sa eg i mitt stille sinn: ”Der er ho”. Då fekk eg ei åndeleg openberring, det verka som himmelen opna seg og Jesus sa det same til henne, samtidig: ” Der er ho.” 

Seinare kalla eg henne ”Miss Oslo 1990”, for det var som om ho hadde vunne ein missekonkurranse, eg sytest ho var så vakker at for meg var ho som vinnaren av kva som helst slags missekonkurranse. Samanlikninga fortel litt om korleis verda er og verkar. Men ho studerte biologi og den fortel oss endå betre korleis verda er og verkar. Det perspektivet på verda høver med korleis ordet ”verda” ofte vert brukt i Bibelen og i desse bodskapane, det handlar om det biologiske livet, spesielt for menneska, det får betydning for korleis samfunnet er, så det også kjem inn i denne definisjonen av ordet ”verda”. 

Sidan såg eg etter henne og då vart det nok til at eg såg på det ytere mennesket, men Jesus sa at han såg ikkje på det som eg såg på, men han såg til hjertet. 

MTT 5,8   Sæle dei som er reine i hjarta,  dei skal sjå Gud.

1SA 16,7 Men Herren sa til Samuel: “Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.”

Det er no også klart det er ein motsetnad mellom å verte oppteken av det faglege og å verte oppteken av det som er rundt seg. Men Jesus sa også noko om at ansinitet og karriære ikkje er så viktig for han, men det verda treng er mitt varme hjerte. Sidan minna han meg mange gongar om å la kjærleiken flamme opp og vere brennande i ånda og eg forstod at det var i kjærleik til henne. Eg følte eg kunne ikkje gløyme henne og skulle heller ikkje gjere det. 

Eg vart litt frustrert over at eg ikkje kom i kontakt med henne og fekk prate med henne. Men Jesus sa til meg at slik han hadde vore mot meg, ville han vere mot den som eg bad for og då var det henne eg tenkte på. Det får eg til å tenke på korleis han har vore mot meg sidan eg var ung. Omlag eit halt år etter at eg byrja å studere i Bergen talte han til meg omlag slik: ”Du som fekk livet plante inni deg, dette livet, det skal vekse.” Då visste eg at det var planta i meg ved forkynninga av Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste, be for bygdefolket, be for folket og landet.  Alle mine problem, kunne eg komme til han med også det som eg syntest var problematisk når det gjaldt kristen tru og livsførsel. Slik fekk eg eit personleg forhold til han, han vart min beste venn. 

Etter kvart forstod et at frelsa er det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Seinare har eg oppdaga at det høver med Paulus sine ord og Heb.3-4. Det var først når eg byrja på gymnaset, då kom eg inn i kristne samanhengar, byrja å lese meir i Bibelen sjølv. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og litt i pinserørsla og fekk oppleve at Jesus talte til meg gjennom tyding av tungetale og det har han fortsett med. 

I bodskapen 11.8.2019 sa Jesus at eg har lita kraft, men har ikkje forlete min fyrste kjærleik. Han visste eg kunne seie frå djupet av mitt hjarte at eg elskar han. Eg elskar han, fordi han elska meg fyrst. Det er nok for han, så derfor vil han sende meg med den glade bodskapen. Eg forstår det slik at livet vart planta i meg ved Guds Ord, han er det livet og han gir meg ånd og liv. Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud vart fødd i meg ved den Heilage Ande og det vert forsterka ved fylden av den Heilage Ande.

Det skal verte eit før og eit etter.

25.8.2019 sa Jesus at det skulle verte eit før og eit etter, sitat frå bodskap 1B:

”eg ser til ditt inste hjerte og din inste lengsel. Eg vil røre ved deg i denne stund, seier Herren, og det skal verte eit føre og eit etter, seier Herren. Du skal få oppleve at eg kjem til deg.”

Gud er ånd og han gjer noko nytt ved sin Ande.

SKR 4,6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  

JES 43,18 – JES 43,19   Tenk ikkje på det som hende før,  gjev ikkje akt på det som eingong var! 19   Sjå, eg skaper noko nytt.  No gror det fram.  Merkar de det ikkje?  Ja, eg legg veg i øydemarka  og stigar i den aude hei.

Gud er ånd og han rører ved oss med sin Ande og vekker oss opp til liv i samfunn med seg. Han har skapt alle ting ved sitt Ord og det gjer han framleis. Han talar sitt Ord til oss og Anden openberrar det for oss, så vi får oppleve at han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin ande.  Kristus er Guds Ord, Gud skaper oss i han og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same og Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.

Gud skaper noko nytt ved sitt Ord, gjer noko nytt ved sin Ande. Derfor blir det eit før og eit etter.

Advertisements


Categories:Kristendom, Kristne møte 2019, Uncategorized

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: