2019.09.29. Sion Åheim Gud sa nei til synda, men han sa ikkje nei til mennesket.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

LUK 18,1 – LUK 18,8 {ENKJA OG DOMAREN}  Han fortalde dei ei likning om at dei støtt skulle be og ikkje gje opp: 2   I ein by var det ein domar som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske. 3 I same byen var det ei enkje; ho kom gong på gong til han og sa: “Hjelp meg mot motparten min, så eg kan få min rett.” 4 Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg: “Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje har age for noko menneske, 5 vil eg likevel hjelpa denne enkja til retten hennar, så som ho plagar meg, elles endar det vel med at ho legg til meg midt i synet.” 6   Og Herren sa: “Høyr kva denne uærlege domaren seier! 7 Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei? 8 Eg seier dykk: Han skal syta for at dei får sin rett, og det snart. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?”

Tale ved Oddleif Wahl.

Oddleif sa at i desse tider held dei politiske partia på å konstituere seg til kommunestyrer, men vi kan no allereie no byrje å be for neste val.

1MO 1,26 – 1MO 1,31   Då sa Gud: “Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.” 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. 28 Og Gud velsigna dei og sa til dei: “De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!” 29 Og Gud sa: “Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. 30 Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.” Og det vart så. 31 Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Gud vende seg ikkje bort frå folket, men det var dei som vende seg bort frå han.

Eilif fortalde litt om boka ”Kongens nei”, kong Håkon sa nei til nazistane under andre verdskrig, det hang saman med at han hadde sagt ja til folket 40 år tidlegare, då han sa ja til å verte norsk konge, valspråket hans var:” Alt for Noreg”. Til samanlikning sa Jesus nei til freistaren, men ja til folket.

MTT 4,1 – MTT 4,11 {JESUS VERT FREISTA}  Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han. 2 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt vart han svolten. 3 Då kom freistaren til han og sa: “Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!” 4 Jesus svara: “Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.” 5   Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren 6 og sa: “Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:  Han skal gje englane sine påbod om deg,  og dei skal bera deg på hendene,  så du ikkje støyter foten på nokon stein.” 7   Men Jesus svara: “Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.” 8   Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom 9 og sa: “Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg.” 10 Då sa Jesus til han: “Gå frå meg, Satan! For det står skrive:  Herren din Gud skal du tilbe,  han og ingen annan skal du tena.” 11   Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.

Dette var ein personleg siger for Kristus, men når han sigra påpå korset, sigra han for alle oss som trur på han.

1KO 1,20 – 1KO 1,21   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.

2KO 1,20 – 2KO 1,22 For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor seier vi òg ved han vårt Amen, Gud til ære. 21 Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud. 22 Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre. [segl: Gud har sett sitt merke på menneske til teikn på at dei høyrer han til.] [pant: Anden gjev visse for at dei skal få arven i Guds rike. Sjå 5, 5; Ef 1, 13 f.]

I den gamle pakt er ordlyden slik: dersom du gjer …., så – lovnad

I den nye pakt er ordlyden slik: sidan Gud har har gjort, får vi oppfylt lovnad.

APG 19,13 – APG 19,16 Nokre jødar som fór ikring og dreiv med åndemaning, freista òg å nemna namnet åt Herren Jesus over dei som hadde vonde ånder i seg, og sa: “Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.” 14 Den jødiske øvstepresten Skevas hadde sju søner som dreiv på med dette. 15 Men den vonde ånda svara dei: “Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg om. Men kven er de?” 16 Og mannen som den vonde ånda var i, flaug på dei, vann over dei alle og skamfór dei, så dei nakne og såra laut røma or huset.

 

 

Tungetale ved Ingelin Stahl, tyding ved Oddleif.

”Sjå, eg har sett framfor deg ei open dør, seier Herren, eg veit om dine gjerningar, eg veit at du har liten styrke, men eg har opna ei dør, så du treng ikkje bruke styrke for å opne den. Eg har opna ei dør, sånn at du skal komme vidare i livet. Eg har opna ei dør, sånn at du skal kunne gå ut og inn og finne føde, seier Herren. Eg har opna ei dør, slik at du skal kunne sjå nye moglegheiter, som du ikkje før trudde var mogleg. Eg har opna ei dør fordi eg elskar deg, seier Herren. Eg har behag i deg, for eg gav mitt liv, slik at eg alltid skulle vere hos deg. Også når du ikkje orkar meir, så har eg grepe di høgre hand og eg løfter deg opp og eg set dine føter på solid grunn og eg ynskjer å legge ein ny sang i ditt hjerte, ein lovsong til Herren.

Mitt kjære barn, eg vil du skal vite at sjølv om eg har sagt nei til synda som har vore i ditt liv og av og til ligg på lur, så har eg sagt eit heilt og fullt ja til deg. Eg står på di side. Eg er ikkje din motstandar, men eg er din medspelar, seier Herren. Og eg har sendt talsmannen, den Heilage Ande, som skal vere hos deg 24 timar i døgnet. Eg har sendt talsmannen, den Heilage Ande, hjelparen, som skal hjelpe deg når du ikkje veit kva du skal seie og gjere. Eg veit at av og til er du makteslaus, eg veit at av og til følest det som at himmelen er stengt, eg veit at av og til føler du at alle utvegar er lukka, men sjå: Eg har sett framfor deg ei opna dør. Du har liten styrke, men eg har opna den. Eg vil at du skal vandre i mine ferdiglagde gjerningar, seier Herren. Du skal sleppe å bruke kraft og anstrenge deg, men eg vil at du skal lytte til Andens stemme i ditt indre. Eg vil at du atter skal verte fyllt med den Heilage Ande, du skal atter verte fyllt med den Heilage Ande, du skal atter verte fylt av lovsang, du skal atter verte fylt med min glede og så skal du få vandre i mine gjerningar, som eg legg ferdig, seier Herren.”

 

Kommentar; mitt skriveri på mine bloggesider.

På bloggesida mi tsivert.com skriv eg slike møtereferat som dette. På ”web-hotellet” bluehost944.com skriv eg større artiklar der eg sjølv tek opp tema og belyser det utifrå Bibelen og då gjer eg bruk av møtereferata på tsivert.com. Det er fyrst og fremst realfag, så filosofi og då kjem eg inn på moralfilosofi og politikk også. Det betyr likevel ikkje at eg er politisk engasjert, ikkje på annan måte enn at eg skal innta det lova landet.

Eg har vore på to møter på Sion tidlegare i haust og det har kome bodskap, så eg har skrive møtereferat. Så har eg skrive eit dokumnet på bluehost944.com og har byrja på eit nytt. eg forstår denne bodskapen slik at den svarar på noko av det som eg skriv om her også, så det eg skriv i denne kommentaren vil eg bruke der og så skrive meir. Sidan den gjentek mykje av det som vart sagt for ein månad sidan, kan eg forstå det som ei presisering, på den eine side kan det vere ei stadfesting av noko som eg skriv, på den andre side kan det vere ein korreksjon og ei åtvaring. Her skal eg uansett prøve å halde meg til det sentrale poenget, så eg seier til meg sjølv, kva anna er det Gud krev av meg, enn at eg skal gjera rett, visa trufast kjærleik og ferdast audmjukt med min Gud.

MIK 6,8   Herren har då sagt deg, menneske,  kva godt er, og kva han krev av deg:  At du skal gjera rett,  visa trufast kjærleik  og ferdast audmjukt med din Gud.

Eg har brukt billigaste alternativet på desse nettsidene, eg fornya abbonementet i sommar, men no oppdaga eg at eg har sagt ja til oppgradering til premium. Slike oppgraderingar skal visst mellom anna tene til å få fleire lesarar. Så blir eg tipsa om moglegheiter til å tene pengar på nettsida, til dømes med reklame, men eg må no ha langt fleire lesarar for at reklame for noko anna enn WordPress og endå meir for at det skal verte noko særleg pengar ut av det. så oppdaga eg at eg hadde oppgradert bluehost944.com til verksemd, så det vart endå dyrare. Det trekte eg meg ifrå, men så fekk eg rabatt og då sa eg ja. Når eg skulle forbetre bloggesida tsivert.com, klikka eg på noko nytt, men så var det reklame for WordPress og vips hadde eg ei bloggeside til som eg kallar ”goodnewsfromchristianmeetings.com” og ”christian speaker’s corner – good news from christian meetings”. Først tenkte eg på å trekke meg frå det også, det var då eigentleg ikkje dette eg tenkte og planla, men eg har behelde den til no. Eg skreiv ein introduksjon om korleis eg tenkte å bruke den, her brukar eg engelsk og vil bruke kortare artiklar. Men dette må ikkje komme til erstatning av å gå ut og møte folk i nærmiljøet. Eit vesentleg poeng med det er at dei vi møter får møgelegheit til å stille spørsmål og sette opp problemstilling. Så kan vi prøve å gi gode svar.

På dei to nettstadane eg har brukt, har eg lagt vinn på å skrive slik som eg opplever at Anden overtyder meg og leiar meg og eg har no i grunnen hatt vel nok med det. Eg kunne oversette til engelsk og bruke på denne tredje nettstaden. Eg skal i alle fall gå vidare på den måten at eg let Anden leie meg. Når vi legg vinn på det og så går ut og partar med folk, så sparer vi oss sikkert for mange unødvendige problemstillingar og unyttige samtaler og skriveri.

Men sidan eg no har oppgradert til dyrare abonnement, får eg moglegeit til å gjere nettsidene betre og eg får hjelp og veileiing til det, så eg får no noko igjen på den måten også. Så har eg kjøpt fleire domenenamn, til dømes ”faithandentropy.church”, slikt som søkemotorar kan gi treff på.

Eg tenker på desse bodskapane som svar på det som eg nyst har skrive på bluehost944.com, eg hadde nyst byrja på eit nytt dokument når eg for på møte, så eg vil bruke dette møtereferatet der.

 



Categories:Kristendom, Kristne møte, Kristne møte 2019

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: