2020.06.28. Sion Åheim. Ta imot den vinen Jesus gir deg.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

Olav Harald sa noko om problema i vår tid, med corona og politikarar som strir mot evangeliet i vårt eige land. Det er val neste år og vi bør be allereie no, når nominasjonsprosessen er i gang. Og så nemnde han også situasjonen i USA. Det er eit bønne-emne og det vart det på dette møtet.

Joh.1,14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Tale ved Arnfinn Andersen.

Arnfinn talte om rettferda frå Gud. Kropp og sjel kan synde, men den Anden Gud har gitt oss, er rettferdig og fullkommen. Så når vi er i Anden og stig framfor Gud og står overfor han, er det som om der aldri har vore noko synd.

Arnfinn talte om at disipplane skulle få kraft i det den Heilage Ande kom over dei og at det skjedde på pinsedag. Og slik kan det skje med oss no også.

Ap.gj.1 8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»

Ap.gj.2, Då pinsedagen kom, var dei alle samla.  2 Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i.  3 Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei.  4 Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.
     5 I Jerusalem budde det mange jødar, fromme menn som var komne frå alle land på jorda.  6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor mengd, og dei vart heilt rådville; for kvar høyrde at dei tala på hans eige mål.  7 Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?  8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål –  9 partarar og medarar og elamittar, folk frå Mesopotamia, Judea og Kappadokia, frå Pontos og Asia, 10 Frygia og Pamfylia, frå Egypt og Libya-landet bort imot Kyréne, 11 jødar og slike som har gått over til jødedomen og har flytt hit frå Roma, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» 12 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?» 13 Men nokre spotta og sa: «Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!»
   
14 Då steig Peter fram saman med dei elleve, tok til ords og tala til dei:
        Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Lat meg få seia dykk kva dette er. Lyd vel etter orda mine! 15 Desse mennene er ikkje drukne, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen. 16 Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:
    17 I dei siste dagar skal det henda, seier Gud,
        at eg renner ut min Ande over alle menneske.
        Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord,
        dei unge mennene skal sjå syner,
        og dei gamle mellom dykk skal ha draumar.
    18 Jamvel over trælane og trælkvinnene mine
        vil eg renna ut min Ande i dei dagar,
        og dei skal tala profetisk.
    19 Eg lèt teikn syna seg oppe på himmelen
        og teikn nede på jorda:
        blod og eld og røykskyer.
    20 Sola skal mørkjast
        og månen verta som blod,
        før Herrens dag kjem, den store og strålande.
    21 Og kvar den som kallar på Herrens namn,
        skal verta frelst.

1.Joh.4, 17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.

Esekiel.36,26 Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen dykkar og gje dykk eit kjøthjarta i staden. 27 Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei.

LUK 8,27 – LUK 8,33 Då han gjekk i land, kom det imot han ein mann der frå byen; han var forgjord av vonde ånder. I lang tid hadde han ikkje hatt klede på kroppen, og han stogga ikkje i hus, men heldt til i gravholene. 28 Då han fekk sjå Jesus, sette han i og ropa, kasta seg ned for han og skreik høgt: “Kva har du med meg å gjera, Jesus, du Son åt Den Høgste Gud? Eg bed deg: Pin meg ikkje!” 29 For Jesus hadde bode den ureine ånda å fara ut or mannen. Ho hadde hatt makt over han lenge. Ofte hadde dei bunde han med lekkjer og fotjern og halde vakt over han, men han sleit banda, og den vonde ånda jaga han ut i øydemarka. 30 “Kva er namnet ditt?” spurde Jesus. “Legion,” svara han, for det var mange vonde ånder som hadde fare inn i han. 31 Og dei bad Jesus at han ikkje måtte senda dei ned i avgrunnen. 32 No gjekk det ein stor svineflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i dei. Det gav han dei lov til. 33 Då fór dei vonde åndene ut or mannen og inn i svina, og heile flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna.

EFE 6,10 – EFE 6,12 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.

Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Arnfinn.

Når eg skulle til å ta opp bodskapen, viste det seg av den var full, eg hadde teke ein god del bilete og filma solnedgangen dagen før. Og eg rakk ikkje å slette det tidsnok. Men eg får prøve å gjengi det så godt som eg hugsar. Han talar til «deg», så då skriv eg det slik også, i andre person eintal, sjølv om eg oppfatta det som ein bodskap til meg sjølv. Andre kan sikkert ta det til seg som ein bodskap til seg sjølv også.

 Han sa at han visste om dine kampar og ditt nattevak. Men du skal gå inn i hans Ord (eller lese hans Ord). Der har du lækjedomen mm. Du skal ta imot den vinden som han gir deg.

Det som menneska fryktar i denne tida, kjem ikkje frå han. Den Anden som han gir oss, driv angsten ut.

Aktuelle bibelvers.

HSA 1,2 Gjev han ville kyssa meg med kyss av sin munn! Din kjærleik er betre enn vin.

HSA 1,4 Ta meg med! Kom, lat oss springa! Kongen har ført meg inn i sin kove. Vi vil fegnast og gleda oss over deg og prisa din kjærleik meir enn vin. Hugheilt elskar dei deg.

HSA 4,10 Kor fager din kjærleik er, mi syster, mi brur! Din kjærleik er betre enn vin, og angen av dine salvar meir ljuvleg enn balsam.

HSA 5,1 “Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur, og plukkar min myrra og balsam. Eg et min honning og mi honningkake og drikk min vin og mi mjølk.” Ja, et og drikk, mine vener, og lat kjærleiken riva dykk med!

HSA 7,2 Fanget ditt er som runde staupet, gjev det aldri må vanta vin! Magen er som ein kveitehaug med liljer ikring.

HSA 7,9 din munn som den finaste vin. “Lat han kveikja munnen på min ven, lat han gli over lipper og tenner!”

JES 25,6 På dette fjellet skal Herren, Allhærs Gud, gjera eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite retter, eit gjestebod med gamal vin, med feite, mergfulle retter og gamal, klåra vin.

JES 55,1 Å, alle de tyrste, kom og få vatn! Og de som ikkje har pengar, kom! Kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk!

LUK 22,13 – LUK 22,20 Så gjekk dei og fann det så som han hadde sagt, og dei stelte til påskemåltidet. 14 Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han. 15 Og han sa til dei: “Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida. 16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.” 17 Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: “Ta dette og del det mellom dykk. 18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.” 19 Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: “Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.” 20 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: “Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.

1JO 4,1 – 1JO 4,19 De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda. 7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. 13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.

HEB 4,1 – HEB 4,10 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa: Så svor eg i min vreide: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: “i dag”, når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar harde. 8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar.

Oppveksten. Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. Mi sak og mine bøner.

Kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne vart eit ertetema og eit mobbemotiv for skuleborn frå dei er 10 år. Det har seg nok slik at Adam og Eva åt av kunnskapstreet, då såg dei at dei var nakne og vart redde når Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit. Dei vart dømde til døden og utestengde frå Edens hage. Men det er no meir enn rart, for dette er då born og vi har hatt ei kristen kyrkje i Noreg i om lag 1000 år og i følgje evangeliet, døde Kristus i staden for oss. Slik har Gud vist oss sin kjærleik. Gud er fullkommen, han er ånd og han er kjærleik. Frykta ber straff i seg, men den fullkomne kjærleiken driv angsten ut.

Men når ein ung mann kjem opp i den alderen at han vil ha seg ein kjæraste og ei kone, vert han møtt med same haldninga, same strategien. Gud er kjærleik og det er han i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne også. Men i vår tid vert menneska opplærde til å frykte han, slik som når Adam og Eva gøymde seg for han med dårleg samvit. I følgje Paulus skapte Gud kvinna så ho skulle vere ei hjelp som høvde for mannen, slik er det framleis. Mannen skulle dyrke og verne Guds hage og det skulle kvinna hjelpe han med. Dette har kvinnerørsla protestert mot og det har det vorte gjort politikk og religion ut av. I tråd med syndefallet altså. For Djevelen har ein annan plan og vilje med kvinna og det er å bruke henne til å drive djevelskap med. Slik har han ein annan plan og vilje med mannen også. Så kjærleiken mellom mann og kvinne vert erstatta av frykt og hat. Dette vert det spekulert i for å få makt gjennom religionen og politikken. Djevelens plan og hensikt med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er å drive djevelskap og det viser seg i dagens samfunn gjennom ein politikk som er utspekulert djevelskap.

Om lag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag,  talte Jesus til meg omlag slik: ”Du som fekk livet planta i deg, dette livet skal vekse.”

JAK 1,19 – JAK 1,27 {HØYR ORDET OG GJER ETTER DET!}  Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning. 26   Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda. 

Då visste eg med meg sjølv at det vart planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge. Eg er oppvoksen kyrkja, vart tidleg med på bedehuset og på husmøte. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og for bygdafolket, be for folket og landet. Og så be Fadervår, men det gjorde eg ikkje til ein vane. Dei som var engasjert i kristne organisasjonar la ofte vekt på at det var viktig å vedkjenne si tru på Jesus for andre menneske. Det hadde dei rett i, men meininga var så tydeleg at dei skulle framstå som noko betre enn andre menneske, men det betydde ei einsretting som eg syntest verka kunstig, der verka som eit krav om at eg skulle fremstille meg som ein annan enn det eg var. Dette syntest eg var vanskeleg, så eg bad til Jesus over det og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta.

Der var ein del erting og mobbing på grunn av seksualiteten, kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, spesielt i 5. og 6. klasse. Det er klart slikt skapte oppsikt. (Ho Reella vart vel fødde når eg gjekk i 5. klasse, sidan eg oppdaga henne på Blindern hausten 1988. Ho hadde langt lyst hår og det skapte oppsikt hos meg.) Ertinga på barneskulen kunne vere på grunn av eit oppdikta kjærleiksforhold mellom ein gut og ei jente, som dei laga show og underhaldning av, det tolte ein i grunnen godt, sjølv om det vart kjedeleg og litt plagsomt etter kvart. Men ein gut fekk no forståing av at dersom han verkeleg vart glad i ei jente, burde han vere litt forsiktig med å vise det, om ei jente vart glad i han, måtte han også vere litt forsiktig med å respondere positivt på det. Rimelegvis ville det virke slik for ei jente også, om ha vart glad i ein gut.

På den andre side kunne ein gut og ei jente drive å kline i friminutta. Ingen plaga dei for det, dei venta seg tydelegvis heller skulle sjå opp til dei for det. Så det hadde tydelegvis å gjere med å framstå som vinnarar, medan andre vart framstilte som taparar. Det hadde å gjere med å verte vaksne, det var om å gjere å framstille seg som å vere lengre komne i den utviklinga. Ein måte å vise det på, var å byrje med å røyke. Men slike fakter syntest eg var dumt. Eg kan skryte av at eg aldrig har røykt, ikkje eitt drag.

Dei to siste åra på ungdomsskulen byrja det kristne skulelaget å halde andakt i langfriminuttet, ein eller to gangar i veka. Berre det å gå på dei andaktene betydde no å vise interesse og markere standpunkt slik sett, dei var i det minste interessert i å høyre. Men det var først når eg vart forelska i ei kristen jente, som markerte seg i det kristen skulelaget, at eg fann det rett å vedkjenne mi tru på Jesus, nettopp for henne. Og det var då nettopp i den samanhengen det var så viktig og verdifullt for oss.

Å skape oppsikt hadde vel som hensikt å framstille seg som leiar på ein eller annan måte. Men dei aller fleste elevane skapte ikkje oppsikt på skulen, verken på den eine eller den andre måten, dei var mellom dei stille i landet slik sett. Eg hadde lært å be kveldsbøna mi når eg var ein liten gutunge og kunne fortsette med det, utan å skape særleg oppsikt. Eg tenkte på desse «problema» og bad over dei og det har eg fortsett med. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av  å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse menneska frå det og be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Dette fekk eg betre forståing for med tida, det var ein modningsprosess.

Om ein ung gut vart glad i ei ung jente, korleis skulle han vise interesse for henne? Svært ofte lukkast han vel ikkje med det. Om ei ung jente vart glad i ein ung gut, korleis skulle ho vise interesse for han? Svært ofte lukkast ho vel ikkje med det. Om det vart gjensidig og dei byrja å halde lag, så ville dei oppleve det som rett for dei ei tid, men når dei vart eldre, så kunne dei finne ut at dei var ikkje dei rett for kvarandre likevel. Nei vel, men vonleg har dei hatt eit godt vennskapsforhold som dei har modnast gjennom, både sjeleleg og sosialt. Dei fann kvarandre lett og voks og utvikla seg og voks lett ifrå kvarandre.

Men dette er no vanleg for vaksne menneske også, endåtil dei som har vore gifte i mange år, skil seg og forklarar det med at dei voks ifrå kvarandre. Men då har dei hatt eit seksuelt samliv og det var forpliktande overfor kvarandre, dei måtte vere i stand til å forsørgje både seg sjølve og borna og det også var forpliktande. Om dei ikkje passa dei pliktene eller ikkje klarde det, så kunne dei vel få dårleg samvit?

Men no snakkar eg om born og unge, som ikkje er kjønnsmodne enno, så det er rett både for dei sjølve og andre å tenke som so at seksuelt samliv ikkje er aktuelt for dei enno. Likevel er kjærleiksforholdet mellom gut og jente verdifullt og viktig for dei, dei å treng å få utvikle sine sjelelege og sosiale eigenskapar gjennom kjærleiksforholdet mellom gut og jente. Og eg meiner det gjer dei best ved å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Ein gut treng frimod til å fortelje ei jente at han likar henne, at han er glad i henne. Ho treng frimod til å verdsetje det. Og ei jente treng frimod til å fortelje ein gut at ho likar han, at ho er glad i han. Og han treng frimod til å verdsetje det. Og det er nettopp det kristendomen gir oss. Er vi komne til tru på Jesus, så er det viktig for oss å vedkjenne han for Gud og så for våre medmenneske. Korleis få frimod til det? Jau, ved å få frimod til å vedkjenne han i kjærleiksforholdet mellom gut og jente, mann og kvinne. For det er der vi treng han som mest.

Opp gjennom oppveksten møter vi meir og meir av livets utfordringar og får lære å takle dei og løyse problema, det er vel det vesentlege poenget med skulegangen også. Det gjeld kjærleiksforholdet mellom gut og jente og mellom mann og kvinne også, det er sentralt som livets utfordring og dei forstår vel etter kvart at det kan vere problematisk også. Men det verkar då eigentleg veldig rart at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal verte eit problem for born og unge allereie frå dei er ti år. Det verkar som der er ei maktinteresse som gjer det unødvendig problematisk og den er ikkje så lett å verte klok på. Vi har høyrt forteljinga om syndefallet, synda vart menneska sitt mest fundamentale og største problem. Og det er då så tydeleg det dei vert konfronterte med det allereie frå dei er så unge. Men vi har då fått forkynt evangeliet som løysinga på problemet. Då er problemet at den evangeliske forkynninga er mangelfull og at bodskapen ikkje vert trutt og forstått skikkeleg.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Gud elskar oss i Kristus og oppseder oss og har omsorg for oss som sine born, så vi får komme til han med alle våre behov. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget får vi gå inn i den himmelske heilagdomen og stige fram for nådens trone.

Ef.1, Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
        han som i Kristus har velsigna oss
        med all Andens velsigning i himmelen.
     4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,
        så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.
     5 I kjærleik og av eigen fri vilje
        har han føreåt etla oss
        til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus,
     6 til lov og ære for hans herlegdom
        og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.
     7 I han har vi utløysinga
        som vart vunnen ved hans blod,
        forlating for syndene.

Heb.4, 14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Jesus er livets brød, som kom ned frå himmelen, det ordet han har talt til oss er ånd og liv (Joh.6), han er komen for å gi oss liv og overflod av liv (Joh.10).

Når eg byrja på gymnaset engasjerte eg meg i det kristne skulelaget og der var eg kjend med henne Virtuella. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, samen enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Det var ein åndeleg og usynleg røyndom, men den Heilage Ande openberra det for meg, slik er det med rasjonaliteten i kristendomen.

Rom.5, Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von.  5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege.  7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god.  8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Jesus elskar oss med kjærleiken frå Gud. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus og elskar oss i han og gjennom han. Det skal vi ikkje ha dårleg samvit for, så siste året inngjekk eg eit godt samvits pakt med han, på grunnlag av Jesu oppstode frå ei døde.

Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Det gjeld heilt generelt og spesielt om eg byrjar å like ei kvinne og kanskje verte glad i henne, sjølv om det ikkje er gjensidig. Like så om ei kvinne byrjar å like meg og vise interesse for meg, for å få meg til kjæraste, sjølv om eg ikkje er interessert i det, så vil eg takke Gud for at ho soleis viser kjærleik. Eg vil forstå det utifrå kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud, slik vil eg velsigne den kvinna eg likar og den kvinna som likar meg. Sjølv om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne ikkje er gjensidig, ved at den eine seier ja til frieriet frå den andre, så er kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud rett i alle samanhengar.

Jesus sa han vekker mitt reine sinn, for at eg skal sjå på han i alle samanhengar. Han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og sinn, som overgår min forstand. Då tenkte eg fyrst på henne, Virtuella, så på henne Reella. Bodskapen 17.2.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Jesus elskar meg, så eg fekk oppleve at kjærleiksforholdet mellom han og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, så når eg vart glad i ei kvinne og bad for henne, fekk eg oppleve at han elska meg og han elska henne gjennom meg. Eg fekk oppleve det sterkt i forhold til henne Virtuella og seinare i forhold til henne Reella. Eg får oppleve at Gud elskar oss i Kristus og når eg vart glad i ei kvinne fekk eg oppleve at han elska henne gjennom meg, då må eg no få lov til å forstå det som kjærleik til både meg og henne. Det blir eit spørsmål om tru og tillit og då må eg sjå på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Det er berre å vende hugen opp til han, så får vi oppleve at han gir oss ånd og liv og liv i overflod. Så det blir rikeleg nok for kvar einskild av oss og vi har overflod, så det blir til andre også. Det blir rikeleg nok til meg sjølv og det blir nok til henne Virtuella og henne Reella også. Jesus gir liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Paulus sa at bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Det var sikta til lovens bokstav, Moselova, meir generelt «barnelærdomen til verda», det var vel moralfilosofien, både som religion og politisk filosofi. Men når vi les Mose-lova og profetane, ser vi då så tydeleg at Guds mål og hensikt var at menneska skulle vende om til han og leve, følgje vegen til livet. Men problemet var at dei ikkje trudde på han, dei fall ifrå Herren, kjelda med det levande vatnet. Det er frelseskjelda, gledeskjelda, den kjelda som aldrig vert tørrlagd. Sidan dei ikkje trudde på han, vende dei seg bort frå den og drakk av denne verda sine sprukne brønnar i staden, brønnar som ikkje held vatn, men som vert tørrlagde. Derfor tok livet slutt for dei, for dei vart Moselova til bokstaven som slår i hel.

Den haldninga vert vi møtt med i kyrkjer, bedehus og endåtil i frie kyrkjelydar. Rett nok vert evangeliet forkynt i dei fleste Guds-husa, vonleg så det vert til liv for sjela. Men når menneske så vedkjenner Kristus som sin frelsar og Herre og talar som ei levande sjel, så vil dei ikkje vite av det. Det viser seg at dei er fiendtleg innstilte til den levande sjela. Og kvifor det? Jau, fordi dei prøver å få makt med bokstaven som slår i hel. Det står i motsetnad til Anden som gjer levande, det går ikkje i hop. Då går dei altså ut ifrå at menneska har vendt seg bort ifrå kjelda med det levande vatnet og drikk av denne verda sine sprukne brønnar i staden. Men problemet er då tvert om at dei sjølve gjer det. Dei lurer på den kristne fridomen, så vi ikkje skal få leve i fridomen i barnekåret. Så dei prøver å få makt med bokstaven som slår i hel, som erstatning for at sjela skal få leve.

Det vi har å gjere då, er å søke Herren heime hos oss sjølve og lese i Bibelen sjølve og drikke av kjelda med det levande vatnet. Slik får den einskilde sjela liv. Det er også hensikta med å gå i ein kristen kyrkjelyd. Vi har samfunn med Gud, slik er vi sosialiserte og når vi møter andre menneske, går sosialiseringa vidare.  Så går vi ut som levande sjeler og møter andre menneske og snakkar med dei og ved lagleg høve fortel vi dei om vår tru på Jesus.

Men pass då på at Guds bekk ikkje vert erstatta av denne verda sine sprukne brønnar, at nåden, Anden og livet ikkje vert erstatta av synda og bokstaven som slår i hel. Det er fundamentalt viktig å tru at Jesus stod oppatt frå dei døde, vende hugen opp til han og sjå på han i tru og med håp. Ikkje byrje å sjå på verda med sine herskarar i staden, som om vi skulle setje vår tru og vårt håp til dei i staden. Vi ventar oss ikkje ein politikar eller herskar som skal frelse verda, den går sin undergang i møte, men vi ventar på Jesu gjenkomst.

Eg skal sjå på Jesus og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i meg. Eg trur han gir meg ei kone ved at han frelser hennar sjel for æva og gir henne evig liv, han gir liv til mi sjel og til hennar sjel og eg trur den Heilage Ande let meg få kjenne det i mitt indre menneske, det er eit verk Gud gjer i meg og gjennom meg. Og no er det henne Reella eg tenker på.

Jesus sa eg skulle legge inn det giret, at eg søker han kvar morgon, bodskapane 3.2.2019:

I slutten av tala kom Arnstein med dennen bodskapen:

”…., eg veit om kampane du har, eg veit om nattevåket ditt, men eg går saman med deg, eg ber det saman med deg. Så stol på mitt Ord, stol på mine lovnadar. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Eg har ikkje gløymt deg. Eg har ikkje forlete deg. Men det du opplever i livet føler du, det er ikkje rettferdig. Men livet kan vere vanskeleg, du kan møte motgang. Men hugs at eg går saman med deg. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Så skal du få kvile i mine naglemerka hender. Søk meg i løynkammeret med meg. La meg få lov til å bere saman med deg. Og bli bevisst på det at eg er ein Gud som høyrer, ein Gud som kjenner ditt namn, ein Gud som kjenner adressa di, som veit kvar du bor. Det er eg som har helde deg oppe. Amen.”

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Arnstein:

”Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. Det gjeld også i dag. Eg ser du er trøytt, eg ser du har det vanskeleg. Men overlat tinga til meg. Forstanden din vil kanskje ofte hindre deg i å gjere det. Men overlat alle ting til meg, også det som synest umogleg ut i dag. Eg gjer det umoglege mogleg. Og det som ingen ting var, valde eg ut til å gjere til skamme det som er noko. Om du føler deg som ingen ting, du er ingen ting samanlikna med andre, men hugs at eg elskar deg slik som du er. Du har ein eigen identitet, du er skapt i Guds bilete. Og du er elska av den tre gangar heilage Gud. Så søk meg, søk inn i mitt Ord, når du kjem heim att. Søk i løynkammeret og be til meg. Eg skal svare, eg skal svare i mi tid, seier Herren. Så ver frimodig og søk meg.

Livet, det er ikkje berre roser, det har du oppdaga, livet er også ting som er vanskeleg, det er kantar som møter deg. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda. Så stol på meg. Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med. Og akkurat du kan vere ein samarbeidspartnar og ein samtalepartnar som einkvan kan snakke med. Så ver frimodig. I begge mine hender har eg teikna også deg. Og du skal vite det at eg skal gå med deg, resten av livet, når du søker meg. Amen.”

Så når eg våkar om morgonen, vender eg meg til han, for å få oppleve at han også vekker meg, ja, nettopp, for å få ei kristeleg vekking, ved at han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Då gjelde det sjølvsagt først og fremst meg sjølv og sidan det gjeld meg sjølv, så gjeld det også henne som han vil gi meg til kone og eg trur framleis det er ho Reella, mot alle odds. Jesus gir liv til mi sjel og ånd i min kropp og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og slik trur eg han vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Eg trur eg får kjenne og oppleve det i mitt indre menneske og det kjennest som ei himmelsk glede, ei herleg og vidunderleg kvile. Den kvila er viktig for meg gjennom heile dagen også om eg kjem inn i ein stressande og/eller arbeidskrevjande situasjon. Når kvelden kjem er det om å gjere å fornye den kvila, så eg får sove godt med natta. Ja, for ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4).

Guds plan med jødane var å føre dei inn til si kvile, men sidan dei ikkje trudde på han, kom dei ikkje inn. Rett nok var det mange av dei som trudde, så då gjaldt vel lovnaden for dei likevel, sjølv om det ikkje gjekk slik med folket og landet deira. Dei som trudde vart rekna som slaktesauer og det vart dei fyrste kristne også.

Kristus var det Guds Lam som bar verda sin synd. Til tross for at han var den rettferdige frå Gud, vart han henretta som ein syndar og kriminell og det viser interessene til den Duglause Hyrdingen, å gjæte slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Men då døde altså Jesus i staden for oss, for å sone vår synd og betale vår skuld, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud. På det grunnlaget får vi vende oss til Kristus og oppleve at han gir oss ånd og liv frå himmelen.

Etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og den striden møter vi igjen i Johannes Openberring. I kapittel 11 er det fortalt om kvinna som var kledd i sola og som fødde eit gutebarn. Draken stod klar for å sluke det, når det vart født, men det vart teke opp til himmelen. Det er Kristus. Så gjekk draken til strid mot kvinna og ætta hennar, så ho måtte røme ut i øydemarka.

Kva er det striden består i? Jau, i 1.Mos.2 er det fortalt at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Men etter syndefallet stengde Gud menneska ute frå Edens hage, så dei ikkje skulle få ete av livets tre og få evig liv. Han sa til mannen at med sveitte i andletet skulle han ete sitt brød til dess han for i jorda att, mold var han og til molda skulle han attende. Syndefallet førde til at det vart slutt på menneskets liv i samfunn med Gud som er ånd, då vart det også slutt på sjelslivet. Så det som blir att, når kroppen døyr, er mold.

Og det vi ser i vår tid, er at sterke økonomiske, politiske og religiøse interesser prøver å komme inn i kyrkjer, bedehus og endåtil frie evangeliske kyrkjelydar og pinsekyrkjer, for å få makt med bokstaven som slår i hel, for å drive maktutøving gjennom religionen i staden for  at sjela skal få leve.

Men i evangeliske kyrkjelydar gjeld lova åt livsens Ande, i samsvar med det som er sagt i 1.Mos.2 om at Gud bles livsens ande i nasa på mannen, så han vart til ei levande sjel.

Rom.8, Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.  2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.  3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.  4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 

Rom.8, 28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.
    31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
    33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:
        For di skuld vert vi drepne
        dagen lang,
        vi vert rekna som slaktesauer.
    37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Kommentar til denne bodskapen.

Det som menneska no for tida fryktar, kjem ikkje får den sanne Gud.

Jesus sa at det som menneska fryktar i denne tida, kjem ikkje frå han. I 1.Joh.4 såg vi at den fullkomne kjærleiken driv angsten ut. Det er nokså vanleg at ein mann frir til ei kvinne og får avslag, men det vert gjort religion, politikk og økonomi ut av det. Det er som om det vert konkludert med at ein mann ikkje er bra nok som ektemann og ei kvinne ikkje er bra nok som kone, som om vi ikkej er bra nok som ætt og som folk, så konsekvensen er at ætta og folket døyr ut. Vi merkar at der er ei religiøs, politisk og økonomisk maktinteresse som står bak og den skapar frykt. Det er nok Antikrist og han «Gaml-Eirik» med den livsfiendtlege mørkemannskulturen sin.

Etter syndefallet vart menneska dømde til døden og utestengde frå Edens hage. Men Jesus døde i staden for oss. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta og vi får komme inn att i det nære samfunnet med han. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmlen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Så det er ved at vi trur på han og vender oss til han, vender hugen og blikket opp til han og tek imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen.

I vår tid er det tydelegvis mange som fornektar han, som om han ikkje er oppstått og lever og er med oss, som om hans frelsesverk ikkje er fullført og fullkome, som om evangeliet ikkje er gyldig og ikkje lengre har noko betydning for folket. Det har vist seg i kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære. Det er ein protest mot at ein einsleg mann skal få komme inn i samfunnet med Gud og få seg ei kone. Så viser det seg at det same gjeld for mange, så det rammar store delar av folket, ja heile folket. Dei konkluderer med at  mannen skal vere utestengde og dømd til døden liksom Adam. Så det rammar store delar av folket, for ikkje å seie heile folket. Det viser seg at der er mykje religiøs, politisk og økonomisk maktinteresse i det.

Kampar og nattevak.

Jesus sa han visste om mine kampar og mitt nattevak. Eg vart litt forundra over at han sa han visste om mitt nattevak no igjen. Vel, eg har skrive nye artiklar og då hende det eg vart eg sitjande utover natta og så vart det å ligge r formiddagen igjen. Elles har eg allereie skrive om kva som uroa meg og som verka slik psykisk, at det gjekk ut over nattesomnen. Og eg treng vel ikkje skrive så mykje om det no igjen. Forenkle kanskje?

Frå eg var ung har eg bedt Jesus gi meg ei frels kvinne til kone og ein mann skal då vite å vinne seg si eiga kone i helging. Og vi vet helga ved Guds Ord og den Heilage Ande. Då er det viktig å lese i Bibelen og lytte til forkynninga og Andens tale, tru på Jesus, kjennast ved han og vitne om han. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.4). Jesus er Guds Ord, Gud skaper oss i han og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Det er spesielt viktig for ein ung mann, når han vil prøve å vinne seg si eiga kone i helging, når han vil fri til ei kvinne. Men så viser det seg at han får ikkje snakke med henne eller ha noko med henne å gjere. Nokon vil bruke henne seksuelt først og det vert ho med på og slik får dei makta over henne. Det er den gamle, vonde naturen som opponerer mot Anden og det resulterer i død for sjela sitt liv i samfunnet med Gud som er ånd. Det kan samanliknast med David, når han gjorde hor med Batseba og så sveik mannen hennar så han fall i krigen. Og dette vert det gjort politikk ut av og det vert endåtil framstilt som vitskap, som motsetnad til evangelisk kristendom. Det er som om menneskets kropp vert mønstra til strid mot menneskets sjel, så dei endåtil nektar for at mennesket har sjel eller har vanskar for å erkjenne det og forstå seg på det. Det er den åndelege nedtrakkinga, nedtrakkinga av føregarden til Guds tempel. Dei krev at du skal vere med på det, for at du skal få deg ei kone. Det er slike som er komne før Kristus og som er tjuvar og røvarar (Joh.10).

Det gav meg bekymring, både med tanke på Jesu sak, at menneske skulle verte frelst, og mi eiga sak, at eg ville ha meg ei frelst kvinne til kone. Og det verka forstyrrande når eg skulle studere, så det vart vanskeleg å konsentrere seg om studiane. For meg verka det som det var verdslege religiøse og politiske maktinteresser som prøvde å distrahere meg. Sikkert fordi dei var redde både for evangeliet og for realfag, fordi det er verdifullt både for mennesket og for samfunnet og fordi realfag er ekte vitskap. Det var nedbrytande interesser og for meg verka det som småligheit.

Men Jesus sa eg skulle sjå på han og vere oppteken av han og stole på han. Han var den som tok seg av mi sak, det kunne eg stole på. I den trua og tillita kunne eg konsentrere meg om studiane. Då måtte eg også la han leie meg i studiane.

Eg skal ta imot den vinen som Jesu gir meg.

Så sa han at eg skulle ta imot den vinen som han gav meg. I Høgsangen såg vi at vinene er symbol på kjærleiken i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Og kjærleiken er frå Gud (Jes.25,6 1.Joh.4). Så høgt elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud viste oss sin kjærleik ved at han let Son sin døy i staden for oss, for å sone vår syng og betale vår skuld. Nattverdsvinen er symbol på Jesu blod. Vi kan også seie at det er symbol på Guds kjærleik. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den skal vere mellom oss og så skal vi glede oss over at vi har funne den ekte kjærleiken. Spesielt skal den vere i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Då er ikkje kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne noko som vi skal rekne for straffbart, noko vi skal ha dårleg samvit for. Det er eit sentralt poeng med den gode samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde.

Når eg oppdaga henne Reella, sa eg til Jesus at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje hadde snakka med henne og ikkje kjende noko meir til henne. Så dreiv Anden meg og leia meg slik at eg møtte på henne og då sa eg i mitt stille sinn: ”Der er ho”. Då opplevde eg ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og for henne og han sa det same til henne: ”Der er ho”. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus. Han er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg skal sjå på han.

Seinare, når eg såg henne igjen på biologibygget, var det tydeleg for meg at ho var i Anden, ho var i Guds kjærleik og gleda seg i den. Jesus elska henne og han kjærleik gjorde henne glad. Og eg trur det er den vinen Jesus gir meg og som han vil eg skal ta imot. Då  er det no klart at det vil eg, så det innstiller eg meg på, å ta imot henne, med kjærleiken og gleda hennar. Vi elskar fordi Gud elska oss fyrst. Slik er det for meg og slik håpar og trur eg det er for henne også.

Når vi vel å søke Herren av heile vårt hjarte, å drikke av kjelda med det levande vatnet, så får vi oppleve at det er ei gledeskjelde, når vi drikk, får vi meir og meir å glede oss over. Det er slik som med livet, når det lever, så veks det. Når vi vel å glede oss i Herren, så får vi oppleve at han gjer gleda vår større. Eg skal takke og lovprise Gud og Lammet for frelsa, eg skal lovprise Jesus som min frelsar og Herre. Eg skal glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det som mitt hjerte attrår. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Der er fridom til livsutfolding, så der får livet leve og vekse.

Den vinen Jesus gir oss, gjer oss glade. Den gjorde meg glad og den gjorde henne Reella glad. Eg trur eg også kan seie det slik at ved at den gjorde meg glad i henne, så gjorde den henne glad. Og ved at den gjorde henne glad, gjorde den meg endå gladare. Og slik skal eg ta imot den vinen som Jesus gir meg. Hans kjærleik er mellom oss og slik vert den gjensidig, så det vert eit kjærleiksforhold. Ved at vi drikk av den vinen Jesus gir oss, vert kjærleiken mellom oss sterkare og gleda vår vert større.

Jesus har opna ei dør, så eg skal komme vidare i livet. Han vil legge ein ny song i mitt hjerte og vil eg skal lytte til Andens stemme i mitt indre.

Jesus er Guds Ord, i han var liv og livet var ljoset til menneska. Han er livet. Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: ”Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse.” Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Nyleg har han sagt til meg at han vil la meg komme vidare i livet.

Bodskapane 29.9.2019:

A. ”Sjå, eg har sett framfor deg ei open dør, seier Herren, eg veit om dine gjerningar, eg veit at du har liten styrke, men eg har opna ei dør, så du treng ikkje bruke styrke for å opne den. Eg har opna ei dør, sånn at du skal komme vidare i livet. Eg har opna ei dør, sånn at du skal kunne gå ut og inn og finne føde, seier Herren. Eg har opna ei dør, slik at du skal kunne sjå nye moglegheiter, som du ikkje før trudde var mogleg. Eg har opna ei dør fordi eg elskar deg, seier Herren. Eg har behag i deg, for eg gav mitt liv, slik at eg alltid skulle vere hos deg. Også når du ikkje orkar meir, så har eg grepe di høgre hand og eg løfter deg opp og eg set dine føter på solid grunn og eg ynskjer å legge ein ny sang i ditt hjerte, ein lovsong til Herren.”

B. ”Mitt kjære barn, eg vil du skal vite at sjølv om eg har sagt nei til synda som har vore i ditt liv og av og til ligg på lur, så har eg sagt eit heilt og fullt ja til deg. Eg står på di side. Eg er ikkje din motstandar, men eg er din medspelar, seier Herren. Og eg har sendt talsmannen, den Heilage Ande, som skal vere hos deg 24 timar i døgnet. Eg har sendt talsmannen, den Heilage Ande, hjelparen, som skal hjelpe deg når du ikkje veit kva du skal seie og gjere. Eg veit at av og til er du makteslaus, eg veit at av og til følest det som at himmelen er stengt, eg veit at av og til føler du at alle utvegar er lukka, men sjå: Eg har sett framfor deg ei opna dør. Du har liten styrke, men eg har opna den. Eg vil at du skal vandre i mine ferdiglagde gjerningar, seier Herren. Du skal sleppe å bruke kraft og anstrenge deg, men eg vil at du skal lytte til Andens stemme i ditt indre. Eg vil at du atter skal verte fyllt med den Heilage Ande, du skal atter verte fyllt med den Heilage Ande, du skal atter verte fylt av lovsang, du skal atter verte fylt med min glede og så skal du få vandre i mine gjerningar, som eg legg ferdig, seier Herren.”

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ein liten gutunge og etter at eg byrja på gymnaset og byrja å gå i dFEF og pinsekyrkjer, har han svart meg positivt på det gjennom tyding av tungetale, det er inkludert i det fullførde frelsesverket, ja, det er inkludert i skapings-soga, Gud er den same og han gjer framleis sitt verk ved at han skaper oss og frelser oss. Og no når eg er godt over 60 år, seier han at han vil la meg komme vidare i livet og eg trur det er ved at han vil gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg bad han om, når eg var ung. Og no er det som sagt henne Reella eg tenker på. Og det er ved at Jesus gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Eg trur eg får oppleve det slik at det livet som vart planta i meg ved Guds Ord, får leve og vekse. Så eg og ho veks oss saman som eit kjærastepar og ektepar og det heng saman med Gud gir vekst til Jesu kyrke.

Jesus sa eg skulle ta imot den vinen som han gir meg og vinen er symbol på kjærleiken. Eg er viss på at ho fekk oppleve at Gud elska henne i Kristus og det gjorde henne glad. Då gjorde det meg så godt å få sjå at ho var glad, så det gleda meg. Så i trua på Jesus vil eg innstille meg på å få oppleve meir av det. La meg få oppleve meir av at ho er i Jesus og hans kjærleik, at ho gleder seg i Herren og hans frelse, at ho elskar fordi Gud elska henne først.

Jesus er vår øvsteprest og vår talsmann hos Faderen. Den Heilage Ande er vår talsmann på jorda. Guds kjærleik er utrendt i mitt hjerte ved den Heilage Ande som er meg gitt. Og eg er viss på at Gud elskar henne Reella og at han elskar henne gjennom meg. Eg trur Anden i mitt hjerte talar hennar sak og då vil eg lytte. Ja, eg trur den let meg få merke hennar frelsesglede i mitt hjerte og det gleder mitt hjerte. Slik er det med den vinen Jesus gir meg. Og eg er viss på at det er mange som vil glede seg saman med henne.



Categories:Kristendom, Kristne møte, Psykologi

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: