2020.07.13. Sion Åheim. Jesus ser meg og han vil at eg skal sjå han, for han er komen for å gi meg framtid og håp. Han vil eg skal sjå oppover og framover. Hans styrke gjer han tilgjengeleg for meg.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

Gud opna augo på Bileam, så han fekk sjå englen og han opna augo på ”Emmaus-vandrarane”, så dei oppdaga at det var Jesus dei gjekk og prata med.

Sangstrofa: ”Jesus opne du mitt auge ….”.

Det ser ut som Vesten står på eit val.

Tale ved Oddleif Wahl.

Oddleif hadde med ein liten speledåse, ei moderne lirekasse eller rettare jukeboks, som sang ”Jesus lever, derfor vil jeg leve ….”

Paulus: Dersom Jesus ikkje var oppstått, så var vi skrøpelegare enn alle.

Men no er Jesus oppstått og lever i oss.

Sefania og Malakias profeterte om vegryddaren, som rydja vegen for Herren. Det var døyparen Johannes.

MLK 3,1 Sjå, eg sender min bodberar, han skal rydja vegen for meg. Brått kjem han til sitt tempel, Herren som de leitar etter. Sjå han kjem, engelen for pakta som de stundar etter, seier Herren, Allhærs Gud.

MTT 11,2 – MTT 11,14 Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: 3 “Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?” 4 Jesus svara: “Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: 5 Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; 6 og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!” 7 Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: “Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? 8 Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. 9 Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! 10 Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydja vegen for deg. 11 Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han. 12 Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg. 13 For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom. 14 Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma.

Små-profetane kom med store bodskapar, som til dømes om Herrens dag, men såg nok ikkje dei store samanhengane.

1KO 13,9 – 1KO 13,10 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende.

SKR 4,6 – SKR 4,7 Då tok han til ords og sa til meg: Dette er Herrens ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud. 7 Kven er vel du, du mektige fjell? Framfor Serubabel skal du verta ei slette. Han skal føra fram toppsteinen, medan dei ropar: “Nåde, nåde vere med han!”

JES 43,18 – JES 43,19 Tenk ikkje på det som hende før, gjev ikkje akt på det som eingong var! 19 Sjå, eg skaper noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i øydemarka og stigar i den aude hei.

JOE 1,4 Det åma leivde, åt grashoppa opp, det grashoppa leivde, åt larva opp, det larva leivde, åt gnagaren opp.

Når dei vende om til Herren og søkte han av heile sitt hjarte, ville han gi dei verderlag etter uåra.

JOE 2,25 Eg gjev dykk att for dei år då grashoppesvermen herja, og larva, gnagaren og åma, min store hær som eg sende mot dykk.

JOE 3,1 – JOE 3,2 Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord; dei gamle mellom dykk skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner. 2 Jamvel over trælar og trælkvinner vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.

Jeg ser deg, sier Herren, du er nedbøygd, men jeg er kommet for å rette deg opp igjen. Jeg ser deg, sier Herren, du har sett deg tilbake og er lei deg. Og jeg vil at du skal se framover og oppover, for jeg har sett deg og jeg vil at du skal se meg. For jeg er kommet for å gi deg framtid og håp. Dette er den første dag i resten av livet ditt. Og jeg har ikke gitt deg opp. Du har gitt opp, men jeg har ikke gitt deg opp. Jeg vil godtgjøre deg og gi deg et liv som er verdt å leve, så lenge du lever.

Din egen styrke er ikke mye å sette sin lit til. Jeg vet om deg, du har liten styrke. Men min styrke vil jeg gjøre tilgjengelig for deg. Min styrke ønsker jeg skal fylle ditt hjerte, så du kan se på meg og kjenne at jeg løfter deg opp, jeg er den som har satt dine føtter på en klippe. Jeg er den som legger en ny sang inni ditt hjerte og i din munn, en lovsang til Herren. Og jeg vil at du skal se opp til meg utan å rødme av skam. Slutt å tenk på det du har gjort, se på det jeg har gjort, sier Herren. Det er nok det som jeg har gjort for deg. Og jeg har kommet for å fullføre den gjerning som jeg begynte i deg. Jeg vil ikke stoppe halvveis og jeg som har begynt en god gjerning i deg, jeg skal fullføre den, i Jesu navn. Amen.

Småprat etter møtet.

Etter møtet prata eg litt med Wahl ut i gangen. Han er gift med ei kvinne på Åheim og dei bur i Oslo-området. Han er lærar og underviser i matematikk på siste året i ungdomsskulen. Eg fortalde han at eg har studert realfag og har undervisningskompetanse i matematikk og fysikk. Eg har vore fiskar, drive tråling og tok pedagogikken først for omlag 10 år sidan. Men det er ikkje så lett å ”skifte beite” når ein er komen over 50 år. Vi studerer kreftene i naturen og så får eg høyre her at eg skal få oppleve Guds kraft i mitt indre menneske. Det er veldig interessant.

Nokre kvinner gjekk forbi oss og ei av dei sa: ” Frelseskrafta”. ”Skaparkrafta” sa eg. Ja, det er sikkert rett begge deler.

Aktuelle bibelvers.

JOE 2,21 – JOE 2,27 Ver ikkje redd, du åkerjord, fagna deg og ver glad! For Herren gjer storverk. 22 Ver ikkje redde, de dyr på marka, for beita i øydemarka grønkast, og trea gjev si frukt, fikentre og vintre ber rikt. 23 Fagna dykk, de Sions søner, gled dykk i Herren dykkar Gud! For i rettferd gjev han dykk haustregn, han sender dykk regn, haustregn og vårregn som før. 24 Kvar treskjevoll fyllest med korn, pressekummane fløymer med druesaft og olje. 25 Eg gjev dykk att for dei år då grashoppesvermen herja, og larva, gnagaren og åma, min store hær som eg sende mot dykk. 26 De skal eta og mettast og prisa namnet åt Herren dykkar Gud. For han steller underfullt med dykk, og folket mitt skal aldri verta til skammar. 27 De skal merka at eg er hjå Israel. Eg og ingen annan er Herren dykkar Gud, og folket mitt skal aldri verta til skammar.

JER 29,10 – JER 29,14 Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. 12 Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

SLM 33,3 Syng ein ny song for han, spel fagert og rop av glede!

SLM 40, Til korleiaren. Ein salme av David.
          
     2 Eg venta og vona på Herren.
          Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.
          
     3 Han drog meg opp or den tynande grav,
          opp av den djupe gjørma.
          Han sette mine føter på fjell
          og gjorde mine steg faste.
          
     4 Han la ein ny song i min munn,
          ein lovsong til vår Gud.
          Mange skal sjå det og ottast
          og setja si lit til Herren.

          
     5 Sæl er den
          som set si lit til Herren,
          som ikkje vender seg til dei stolte,
          til dei som fell frå i løgn.
          
     6 Store ting har du gjort for oss,
           Herre, min Gud,
          underfulle verk og planar,
          ingen er din like.
          Vil eg fortelja og tala om dei,
          er dei for mange til å reknast.
          
     7 Du har ikkje glede i offer og gåver
          – du har opna mine øyre –
          brennoffer og syndoffer krev du ikkje.
          
     8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.
          I bokrullen er det skrive om meg.
          
     9 Min Gud, å gjera din vilje gjev meg glede,
          di lov er djupt i mitt indre.»
          
    10 Eg forkynte rettferd
          i den store forsamlinga.
          Eg heldt ikkje att mi tunge,
           Herre, du veit det.
          
    11 Di rettferd heldt eg ikkje skjult i hjartet,
          eg tala om din truskap og di frelse.
          Eg løynde ikkje di miskunn og di sanning
          i den store forsamlinga.
          
    12 Herre, du vil ikkje
          halda di miskunn tilbake.
          Din truskap og di sanning
          skal alltid verna meg.
          
    13 For tallause ulukker omgjev meg,
          mine synder har nådd meg att,
          eg kan ikkje sjå.
          Dei er fleire enn håra på hovudet,
          motet har svikta meg.
          
    14 Vis godvilje, Herre, og fri meg ut!
           Herre, skund deg og hjelp meg!
          
    15 Lat alle som står meg etter livet,
          bli til skamme og til spott!
          Lat dei som vil meg vondt,
          dra seg tilbake utan ære!
          
    16 Dei som ler og håner meg,
          skal bli slegne av skam.
          
    17 Lat alle som søkjer deg,
          fryda og gleda seg i deg!
          Lat dei som elskar di frelse,
          alltid seia: «Stor er Herren!»
          
    18 Men eg er hjelpelaus og fattig.
           Herren skal tenkja på meg.
          Du er mi hjelp, du bergar meg.
          Dryg ikkje lenger, min Gud!

SLM 96,1 Syng ein ny song for Herren, syng for han, all jorda!

SLM 98,1 Ein salme. Syng ein ny song for Herren, for han har gjort under! Hans høgre hand har gjeve han siger, hans heilage arm har hjelpt han.

SLM 144,9 Gud, eg vil syngja ein ny song og spela for deg på tistrengja harpe,

SLM 149,1 Halleluja! Syng ein ny song for Herren, lovsyng han der dei trugne er samla.

JES 42,10 Syng ein ny song for Herren, lovsyng han frå heimsens endar, de som ferdast på havet, og alt som fyller det, de øyar og strender og de som bur der!

ÅPE 5,9 Og dei song ein ny song: Verdig er du til å ta imot boka og bryta segla på henne. For du vart slakta og har med ditt blod frikjøpt for Gud menneske av alle ætter og tungemål, av alle folk og folkeslag.

ÅPE 14,3 Og dei song ein ny song framfor kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, ein song som ingen kunne læra utan dei 144.000, dei som er frikjøpte frå jorda.

ÅPE 3,8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

SLM 34,5 – SLM 34,7 Eg søkte Herren, og han svara meg, frå alt som skræmde, berga han meg. 6 Sjå opp til han, og strål av glede, så skal de aldri raudna av skam! 7 Ein stakkar ropa, og Herren gav svar, han frelste han frå alle trengsler.

2KO 12,9 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

SLM 40,1 – SLM 40,12 Til korleiaren. Ein Davids-salme. 2 Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3 Han drog meg opp or den tynande grav, opp or den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og lét meg gå med faste steg. 4 Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange skal sjå det og ottast og setja si lit til Herren. 5 Sæl er den mann som set si lit til Herren, og ikkje held seg til dei stolte, til dei som fell frå i lygn. 6 Herre, min Gud, mange under har du gjort, og mange tankar har du til vårt beste; ingen kan mæla seg med deg. Vil eg tala og fortelja om dei, er dei reint uteljande. 7 Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på, – du har opna mitt øyra; brennoffer og syndoffer krev du ikkje. 8 Då sa eg: “Sjå, her kjem eg. I bokrullen er det skrive om meg. 9 Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst, eg har di lov i mitt hjarta.” 10 Eg forkynte bodskapen om frelsa i den store samling. Eg lét ikkje att mine lipper; det veit du, Herre. 11 Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv, eg tala om din truskap og di frelse. Di miskunn og di sanning forkynte eg ope i den store samling. 12 Herre, du vil ikkje ta di miskunn frå meg. Di miskunn og di sanning skal alltid verna meg.

SLM 36,9 – SLM 36,11 Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus, du lèt dei drikka or gledebekken din. 10 For hjå deg er livsens kjelde, i ditt ljos ser vi ljos. 11 Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg, og di rettferd for dei ærlege av hjarta.

NEH 8,10 Så sa Esra til dei: “Gå no heim, et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til dei som ingen dukar bord for. For denne dagen er helga til vår Herre. Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.”

FIL 3,1 Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk.

FIL 4,4 Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!

JES 12,2 – JES 12,6 Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og ottast ikkje. For Herren er mi kraft og min styrke, og han har vorte mi berging. 3 Med fagnad skal de ausa vatn or frelseskjeldene. 4 Og den dagen skal de seia: Lovpris Herren og kall på hans namn! Kunngjer hans gjerningar mellom folka, forkynn at hans namn er opphøgt! 5 Syng for Herren, for han har gjort storverk; lat heile verda få vita det! 6 Rop høgt av fryd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage, og han er midt imellom dykk.

RMR 1,16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar.

EFE 6,10 – EFE 6,12 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

RMR 8,9 – RMR 8,17 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. 12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

HSA 8,6 – HSA 8,7 Set meg til eit segl på ditt hjarta, eit segl på din arm! For kjærleiken er sterk som døden og mektig som dødsriket i si trå. Han brenn som logande eld, han logar mot himmelen. 7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken, elvar kan ikkje fløyma han bort. Om einkvan ville gje alt han åtte for kjærleik, så vart han berre til narr.

RMR 5,1 – RMR 5,5 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Salme.22 26 I den store forsamlinga kjem min lovsong frå deg.
          Mine lovnader vil eg halda mellom dei som fryktar han.
          
    27 Dei hjelpelause skal eta og bli mette,
          dei som søkjer Herren, skal lova han.
          Måtte hjartet deira alltid leva!
          
    28 Heile jorda skal minnast dette
          og venda om til Herren.
          Alle folk og slekter skal tilbe han.
          
    29 For kongeveldet høyrer Herren til,
          han herskar over folka.

1.Kor.14,1 Jag etter kjærleiken, strev etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk.  2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, for han talar løyndomar ved Anden.  3 Men den som talar profetisk, talar for menneske til oppbygging, formaning og trøyst.  4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv, men den som talar profetisk, byggjer opp forsamlinga.  5 Eg skulle ønskja at de alle tala i tunger, men endå meir at de tala profetisk. For den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så forsamlinga kan bli oppbygd.  6 Set no, sysken, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva nytte har de av det, når eg verken gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære?  7 På same måten er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ei harpe. Om det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då oppfatta kva som blir spela?  8 Og om trompeten gjev eit utydeleg signal, kven rustar seg då til krig?
     9 Slik er det med dykk òg: Bruker de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då oppfatta det som blir sagt? Då talar de berre ut i lufta. 10 Same kor mange språk det finst i verda, har alle si meining. 11 Kjenner eg ikkje språket, blir eg ein framand for den som talar, og den som talar, blir ein framand for meg. 12 På same måten er det med dykk: Når de er så ivrige etter åndsgåvene, så søk å bli rike på gåver som byggjer opp forsamlinga! 13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det. 14 For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det. 15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med forstanden. 16 For om du lovar Gud i ånda, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan blir oppbygd av det. 18 Eg takkar Gud for at eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. 19 Men når forsamlinga er samla, vil eg heller tala fem ord med forstanden så eg kan læra andre noko, enn tusenvis av ord i tunger.
    20 Mine sysken, ver ikkje born når det gjeld forstand! I vondskap skal de vera born, men i forstand skal de vera fullvaksne.

Mi bøn og mi sak.

Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Etter kvart forstod deg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å gi meg ei frelst jente til kjæraste og ei frelst kvinne til kone. Og eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Når eg studerte realfag i Oslo på slutten av 1980-talet, oppdaga eg henne Reella og syntest ho var så vakker at eg sa til Herren at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg elles ikkje ikkje visste noko om henne. Og den Heilage Ande dreiv meg og leia meg, så eg møtte på henne og då fekk eg ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og for henne.

Litt seinare sa Jesus til meg at slik som han hadde vore mot meg, vil han også vere mot den som eg bad for. Så ho også fekk påkalle han som sin frelsar og Herre og verte fødd på nytt av vatn og Ande, få snakke med han som ei levande sjel, verte eit Guds barn og få komme til Faderen og be til han få oppleve at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud vart født i henne ved den Heilage Ande, så for henne gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Så det gjaldt kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, for meg som mann og for henne som kvinne.

Han elska henne som si brud, han såg til hennar hjarte og fylte henne med sin Ande og sin kjærleik og eg er viss på at det gjorde henne glad, så ho svarde han med kjærleik, som hans brud. Ho elska han og hans openberring. Det håper eg ho framleis vil gjere og slik ber eg for henne. I denne bodskapen ser vi at det er det som skal til for at han skal hente også henne heim til seg, når han kjem att. I det eg ber slik for henne, reknar eg med at eg ber slik for mange med henne, eg tenker primært på biologidamene og dermed på biologane på Blindern. Jesus ville gjere meg til kanal for si velsigning og det veit eg ikkje rekkevidda av, nei, for ikkje noko kan avgrense Guds Ande. Det betyr  no faktisk at eg ber for biologane ved å be for faget deira også og det er no tydeleg at det trengst i denne tida.

Eg har ei prioritetsordning ved at eg påkallar Kristus som min frelsar og Herre og ber han frelse menneska, det er fyrste prioritet, så ber eg han gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Frelste menneske er Jesu kyrkje, Jesu brud, ho sa ja til hans kjærleik som ei brud som seier ja til ein friar og han held fram med å komme til henne som friar, brudgom og ektemann. Og ho held fram med å seie ja til han og ta imot han slik. Det vonar eg ho Reella vil halde fram med å gjere, som første prioritet.

Om ei frelst kvinne så skal verte kona mi, kjem det som andre prioritet. Då ventar eg meg at det skal skje på den måten at eg får møte ei kvinne, snakke med henne og fri til henne. Då er det ikkje sikkert ho vil seie ja til mitt frieri, men om ho gjer det, så det går i orden, så vert ho kona mi. Vanlegvis er det ein lang prosess med at dei vert kjende, dei vert venner, kjærestar, forlovede og så ektefelle, ein prosess som vonleg er verdifull for sjel og sinn, sosiale eigenskapar og økonomi. Ja, men eg har no valt å gå til Jesus med den saka og han har svart meg at han tek seg av mi sak, han har kalla meg til seg og kalla meg til å halde meg nær til han og følgje han. Eg skal takke han og lovprise han som min frelsar og Herre, glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Då blir det tydelegare og tydelegare at det store og avgjerande er at han  frelser ei kvinne, så ho kjem inn i kjærleiksforholdet til han, som hans brud, han frir til henne med sin kjærleik og ho svarer ja på hans frieri og tek imot hans kjærleik som hans brud. At ho så seier ja til mitt frieri og blir kona mi, kjem meir som ein mindre betydningsfull konsekvens, så eg kan seie som Johannes døyparen at han skal vekse, eg skal minke. Eg skal ære og takke Gud for at han har skapt alle ting og ære og takke Gud og Lammet for frelsa, så eg kan og skal ære og takke Jesus for at han frelser ei kone til meg. Han frir til henne og då frir han for meg også, ho svarar ja til hans frieri og det får som konsekvens at ho seier ja til mitt frieri også. Jesus har no sagt eg skal ta imot den vinen han gir meg, ja den kjærleiken og den gleda vil eg ha.

Eg har nyst skrive om at sidan eg ber Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så kjem det i staden for å fare på friarferd og det har vore viktig for meg å tru på han og stole på at han tek seg av den saka for meg, for å få fred til å tenke konstruktivt og arbeide for å oppnå noko verdifullt, både når eg var i arbeid som fiskar og når eg studerte. Som Guds medarbeidar får eg oppleve at Gud skaper og bygg noko verdifullt i meg og i Kristi kyrkjelyd. Så det verkar som han frir til henne for meg og som at han svarar for henne også. Og eg har tenkt og skrive slik om henne Reella, eg har vel nyst skrive som om eg skulle tru at det svaret han gir meg er at han gir meg henne til kone. Mykje av dei svara Jesus har gitt meg, tyder på det. Men det er då likevel ikkje slik at hans svar erstattar hennar svar. Jesus sa til meg at slik som han hadde vore mot meg, ville han vere mot den som eg bad for, ho Reella altså. Er ho ei frelst kvinne, så gir han henne ånd og liv, han gir liv til hennar sjel og ånd i hennar kropp og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen, så ho sjølv får komme til Jesus med alle sine behov og snakke med han om det, som ei brud som kjem til sin brudgom. Ho får barnekår hos Gud og får leve i fridomen i barnekåret, så som Guds barn får ho komme til Faderen med alle sine behov. Det primære for meg då var å halde fram med å leve i fridomen i barnekåret og så håpe og be om at ho også ville gjere det. Det primære for meg vart å be Jesus om å frelse henne og så håpe at ho ville seie ja til hans frieri. Då var der no ei viss moglegheit for at ho også ville seie ja til mitt frieri, så eg var ikkje utan von i så måte. Ho var så fantastisk vakker,  at slik sett verka det utruleg og umogleg, einaste moglegheita eg såg for meg i så måte, var om Jesus kalla henne og leia henne til meg.

Samanlikning med tidlegare bodskapar.

Jesus har gitt meg sin Ande i mitt hjerte, for at eg skal tale hans ord til dei som eg møter. Der eg møter andre menneske er kontaktepunktet for han til å møte dei.

Jesus sa til meg at han har gitt meg sin Ande i mitt hjerte, for at eg skal kunne tale hans Ord til dei som eg møter. Alder, utdanning og dei menneskelege føresetnadane som verda spør etter, er ubetydelege for han. Men nettopp der eg er plassert, der eg møter eit anna menneske, der er kontaktpunktet for han. Bodskapen 2.12.2001:

«Ja, også i denne byen er det mennesker som lengter etter meg. I din nærhet er det mennesker som venter på et ord om meg ifra din munn, sier Herren. Jeg har plassert deg akkurat der du er, for at du skal være mitt vitne i denne tiden. Ja, lys og salt, det er det denne verden trenger. Og det er den egenskapen du har fått fra meg, sier Herren.

Oppgaven kan virke umulig, sier du, kanskje. Ja, du har følt på at du kommer til kort så mange ganger, at ordene ikke strakk til. Men det er nettopp da jeg kan få virke i deg, sier Herren, fordi jeg gav deg ikke motløshets ånd, men jeg har gitt deg min ånd i ditt indre, i ditt hjerte, for at du skal kunne tale mitt ord til de du møter, ja være en duft fra liv til liv, det skaper min ånd der du vandrer, sier Herren.

Og når du sier at din tid er over, du har gjort ditt, så skal du vite det, at ennå er det arbeidsmuligheter for deg, sier Herren. Alder og utdannelse, alle de menneskelige forutsetningene som verden ser etter, det er ubetydelig for meg. Men nettopp der du er plassert, der du bor, der du treffer et menneske, der er kontaktpunktet for meg, sier Herren. Og du skal virke, du skal forkynne mitt budskap til de du møter, for det er  muligheten for dem til å høre evangeliet og bli frelst. Og det jeg vet, det er det du lengter etter, sier Herren, at mennesker rundt deg skal møte meg, og du skal kunne brukes i denne tiden, fordi jeg går med deg, jeg har ikke overlatt deg til tilfeldigheter, og dere er ikke etterlatt farløse, men jeg er midt iblant mitt folk, for å virke i dere, sier Herren.»

Som Guds born og Guds arvingar har vi noko vi skulle ha sagt, også til vårt eige ve og vel.

Den sanne Gud er allmektig og vi har ikkje noko å stille opp med mot han, som forhandlingspartnarar, vi er då ikkje liksom Gud. Men vi er Guds born og då kan vi komme til han med alle våre behov, han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Han har talt sitt Ord til oss, Jesus er Ordet, han er med oss, vi får oppleve at Gud svarar oss med sitt Ord og sin Ande. I tru og tillit til Faderen og Sonen, kan vi ta han på Ordet. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar. Faderen sa til den heimeverande sonen: «Alt mitt er ditt». Så det var berre for han å be som arving, vel å merke ved at han heldt fram med å vere den heimeverande sonen, som vart verande under Faderens formyndarskap.

Bodskapen 12.11.2006, før tala:

«Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.

            Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja.»

            Tolås heldt tale over temaet ”Guds arm er utstrakt”, henta frå 2.Mos.16,17.

            Bodskapen 12.11.2006, etter tala:

«….eg som sitter på tronen, sier Herren, eg har oversikten, når du er midt inni prøvelsen, så ser du berre det som vil stenga veien, og du synest veien er ufarbar, den er uframkommelig. Men du skal vite at eg som siter på tronen, eg har den fulle oversikten. Og derfor skal du få vera trygg, du skal få overlata saken din i mine hender. Og du skal få oppleva underveis, akkurat når du trenger det og på den måten du behøver det og har behov for det, så skal du få kjenna igjen og igjen at en hånd er nettopp utrakt ifrå denne trone.

            Dette er ikkje fordømmelsens trone, det er ikkje den store hvite dommens trone, men eg site på nådens trone, sier Herren, og eg har opna adgangen inn til denne tronen ved mitt eget blod, så du skal få tre fram med frimodighet, og du skal få oppleva at når du trer inn så kommer eg deg i møte med miskunn og nåde i hjelp i rette tid. Eg kan komma på min egen måte, ved at min hånd openbares, men som oftest kommer eg i samarbeid med nokon av mine, som har tatt sin tilflukt til meg, eg minna de om forbønn, eg minna de om et besøk, eg minna de om et oppmuntrande ord, eg minna de å komma også deg i møte på den måten at du får oppleva håndspåleggelse, du får oppleva varme og du får oppleva forståelse og imøtekommenhet. Det er eg som kommer deg i møte også på den måten, gjennom mine. Og du skal også få vera eit redskap for meg, som eg vil virka gjennom, slik at også gjennom dine svake hender flyter min kraft, til hjelp og utfrielse. Ikkje lat dine hender synka ned i motløshet og oppgitthet. Du er lem på mitt legeme, og eg vil bruka deg, eg vil bruka deg som kanal for mi velsignelse og du skal få vera berar av min herlighet. Og så skal du få oppleva at eg som er på tronen, eg har det fulle overblikk, og du skal få vere trygg, trygg i mine allmakts hender. Ver derfor frimodig. Amen. Amen. I Jesu namn.»

Eg skal sjå på Jesus og hans fullførde frelseverk. Det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg, det held.

Jesus sa eg skulle sjå på han og hans fullførde frelseverk, det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg, det held, bodskapen 13.9.2009:

«Jeg (er med deg?), sier Herren, inntil denne stund, og jeg skal være med deg til du står der seirende og jublende heime hos meg i herligheten. Jeg vil aldri slippe deg, jeg vil aldri forlate deg. Jeg ønsker at du skal halde deg nær til meg. Ja, jeg ønsker at du skal trenge enda dypere inn i mitt ord og enda dypere inn i livet med meg. For se, jeg har skatter som ligger og venter på deg, på steder du ennå ikke har sett. Vær open for meg, jeg skal lede deg skritt for skritt. Gjennom prøvelser og (……), gjennom åndelige tuneller, og (util…?) åndelige landskap som du (elles/enno?) i dag ikke forstår rekkevidden av. Og jeg vil bruke deg i de siste dager. Du skal ikke frykte, du skal ikke bli missmodig. Så når missmodsånden kommer og vil knuge deg, da er det ikke fra meg. Se, sier Herren, jeg vil at du skal prise meg for frelsen, for frelsen jeg har satt deg i, den holder, sier Herren. Det verk som jeg har gjort for deg og i deg og gjennom deg, det holder. Frelsesverket er fullbrakt. Se ikke på omgivelsene, se ikke på stormene omkring deg, men se på mitt fullbrakte verk. Se, jeg (taler?) til deg i denne stund, fordi jeg vet du har gått gjennom vanskeligheter og depresjoner. Men jeg, Herren, jeg elsker deg og jeg skal føre deg seirende gjennom dette. Og du skal prise meg med en tunge som skal juble og som skal (rulle fortere?) og  du skal prise mitt herlige seierrike namn. 

Tiden heretter er kort. Jeg kommer tilbake for å hente alle dem som elsker meg, alle dem som elsker min openbarelse, alle dem som er født på ny. Alle de små barna, ja, jeg skal rykke alt som kalles barn opp til meg. Og det skal bare være tomme graver tilbake der det var senka ned legemer av mennesker som levde med meg, til et vitnesbyrd om at jeg har henta mine. Se du som nå i endens tid våker (og ber) og som kjemper med meg, du skal fortsette i det løpet som er deg foresatt. Du er snart ved målet og jeg er overhyrden, jeg skal gi deg ærens uvisnelige krans. Snart skal du se meg som jeg er, og nu en kort tid (til?), og du er ved målet, sier Herren.

Du har vært gjennom vanskelige og vonde ting i ditt liv og det er endå rett at du har fordømt deg selv, men jeg taler kjærlig til deg i kveld, sier Herren, om enn ditt hjerte fordømmer deg, så er jeg større og jeg fordømmer deg ikke. Se, sier Herren, alt som du har bekjent for meg, det ligger under nåden og du skal ikke grave det frem igjen. Du er en ny skapning. Jeg har tilgitt deg alt. Du er en skatt som jeg elsker og vil ta til min himmel. Du er min og det kan ingen makt hindre deg i å være.»

Tru på Jesus, sjå på han og rekn med han, då vert du ikkje til skamme, for du får oppleve Guds kjærleik og hans frelseskraft.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting. Så virka det som om han talte slik til meg også, gjennom tyding av tungetale og eg forklarar det med at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, så han talar til mannen for å tale til kvinna også, han talar til mannen for å tale til kvinna gjennom han. Så eg forstod det slik at han talte til henne Virtuella også, gjennom mange av bodskapane. Slik også i nokre av bodskapane som eg no vil sitere, det er mest tydeleg i bodskap A, 2013.

Bodskapane 11.12.2011.

Bodskap 1.

  1. «Eg ser alle som søker meg, seier Herren. Eg ser deg der du er og det du ber for. Eg vil komme til deg og du skal få erfare det du ber meg om, seier Herren. Du skal få sjå at eg er med deg, eg vil støtte deg, eg vil oppmuntre deg. Eg vil bere deg på mine hender og du skal få kjenne det, at det du har lagt ned, seier Herren,  det du har lagt ned i bønn, du skal få sjå, at det bryt laust sterkare enn det du har bedt om, seier Herren.»
  2. «For mine lovnadar er sanne, seier Herren, det er sant det som eg har sagt i mitt Ord, mitt ord er sant. Og eg står bak mitt Ord, seier Herren,  ….. med all mi kraft. Og eg seier deg at dersom du trur, så skal du få sjå Guds herlegdom. Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom. Og du skal kjenne det, seier Herren, at eg er med deg, eg støtter deg, eg har behag i deg og eg skal føre deg fram, frå siger til siger, steg for steg, verda er ikkje alltid (med deg)?, men eg er med deg, herifrå og til verdens ende, seier Herren, amen.»

Bodskap 2.

  1. «Ja, seier Herren, då eg kom til denne verda, så kom eg for å søke og frelse det som var fortapt. Og sjå, eg er den same i dag. Sjå mitt auge, det  fer over den ganske jord for at eg med mi kraft kan støtte den som har hjertet sitt heilt med meg. Eg ser etter om der er nokon som søker meg og sjå, dei skal finne meg, seier Herren. Dei skal ikkje verte skuffa, men eg skal møte dei og sette dei fri, seier Herren. For sjå, eg har kome for å løyse dei bundne og sette dei plaga i fridom, eg veit om deg, seier Herren, du som er bunden, du som er plaga, du som er driven av dine eigne lyster, sjå, seier Herren, eg ynskjer at du skal komme til meg og eg skal sette deg fri, seier Herren. Og du skal få oppleve at eg legg ein ny song i din munn, ein lovsong til meg.»
  1. «Eg har sagt i mitt Ord at de skal ikkje sjå dykk engstelege om, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, sjå ikkje på menneske og vert forvirra. Men sjå opp til meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. For sjå, det er frå meg du skal få hjelpa, seier Herren. Rekn ikkje med noko menneske, men du skal rekne med meg, seier Herren, og ha tru til meg. Og då vert du ikkje skuffa, for eg har sagt i mitt Ord at den som set si lit til meg, han kjem ikkje på nokon måte på skam. Amen.»

Bodskapen 1.12.2013:

  1. «Ja, seier Herren, du skal vite, at eg elskar deg med ein evig kjærleik. Men sjå, du har vore borte, du har gått dine eigne vegar. Men i kveld så kallar eg deg igjen, for at du skal komme inn på den vegen som eg vil leie deg. Og det er velsigninga sin veg, seier Herren. Og den veg du no går på, den fører ikkje fram til det himmelske, som eg har gjort ferdig for dei som elskar meg. Derfor vil eg at du skal snu og du skal komme til meg igjen, seier Herren, og eg skal lækje ditt fråfall og eg skal lækje dine sår, seier Herren. Eg veit at du har vorte skuffa på menneske, men sjå, seier Herren, eg er den som trøystar deg, eg er den som gjenopprettar deg. Derfor kom til meg, seier Herren.»
  2. «Eg stod fram på den siste store dag i høgtida og eg ropte ut:” Om nokon tyrstar, han komme til meg og drikke. Om nokon har tunge byrder å bere, han komme til meg og eg skal gi deg kvile”. Sjå, eg er i går og i dag den same og eg vert det til evig tid, seier Herren. Derfor skal du ikkje bere dei byrdene som du sliter med. Men du skal legge det over på meg, seier Herren. Eg har no sagt i mitt ord, kast all dykkar sorg på meg, for eg har omsorg for dykk, seier Herren. Eg har byrja verket i deg og eg skal fullføra det, seier Herren. Derfor stol på meg og ha tru til meg og du skal få oppleve, at eg er ein rettferdig og eg er sannferdig Gud. Amen.»
  3. «Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar. Eg vil takke deg for kva du har gjort for meg, eg takkar deg for den fred og den glede som du har gjeve i mitt hjerte. Derfor vil eg prise deg og love deg midt i kyrkjelyden. Eg takkar deg fordi eg kan få lov til å gå med deg kvar einaste dag og eg kan få rekne med deg i alle ting. Derfor priser eg deg og lovsyng ditt namn og eg takkar deg Herre, for at du har lova å vere med meg alle dagar inntil verda sin ende. Eg fryktar ikkje for det som skal komme over jorderiket, men eg løfter mitt åsyn, for eg veit at du kjem snart, ja, kom snart, Herre Jesus. Amen.»

Jesus vekker mitt reine samvit, at eg skal sjå på han. Han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile.

Jesus sa han gav meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand. Bodskapen 17.3.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Då tenkte eg først på henne Virtuella og så på henne Reella. Då var det om lag 39 år sidan eg vart kjend med henne Virtuella og 25 år sidan eg oppdaga henne Reella. Det verkar ikkje særleg forstandig å tenke på dei framleis, dersom det saka gjaldt berre var at eg ville ha meg ei kone. Men eg ville ha meg ei frelst kvinne til kone, at kvinna blir frelst er då første prioritet. Derfor hugsa eg på dei, spesielt når eg steig fram for Gud og eg trur at derfor minna Guds Ande meg om dei. Det er viktig å prøve å forstå med forstanden, spesielt for ein realist som studerer realfag, men eg har Guds Ord og Guds Ande i hjertet, Anden openberrar Ordet for meg og den openberringa overgår min menneskelege forstand.

Eg skal glede meg i Herren og hans frelse, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.

I 2014 byrja eg å studere biologi og på ei forelesing kjende meg meg sterkt tiltrekt av ei vakker jente som eg kallar Poly-Ester. Eg presiserer at eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar og eg opplevde det faktisk som at eg vart driven av Anden til det. Det vedkjende eg for Kristus i kveldsbøna mi og på møtet søndagen etter, sa Jesus at eg skulle glede meg i Herren og hans frelse alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»

Desse to siste bodskapane (17.3.2013 og 12.10.2014) minna meg om at eg hadde fått åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne Virtuella og sidan for  meg og henne Reella. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, så det ville eg takke han for. Han ville frelse både henne Virtuella og henne Reella. Ved at eg takkar han for det, gleder eg meg i Herren og hans frelse og slik vekker eg den nådegåva han har gitt meg. Slik håper eg også å vekke den nådagåva han gav dei. Eg trur Jesus frelste henne Reella, døypte henne med den Heilage Ande og og utrusta henne soleis til å tene han. Så eg ynskjer ho med frimod vil tene han  med den nådegåva han har gitt henne.

Den Anden Jesus har gitt oss, verkar kraft, kjærleik og visdom. Gleda i Herren er vår styrke. Jesus vil fylle meg med gledens olje, så eg vert sterk i Herren og hans veldes kraft.

Bodskapane 18.6.2017:

Bodskap 1.

 A. «Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren. Derfor skal du, mitt barn, du skal vere frimodig, og du skal trenge deg fram. Ja, du kan røre ved saumen av mitt kledeband og du skal få oppleve at det utgår ei kraft ifrå meg, seier Herren. For sjå, eg er midt i mellom dykk i denne stund. For sjå, eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen, eg er den same for dykk i kveld, seier Herren. Derfor rekk ut di trus-hand og eg Herren, eg skal løne deg. Og eg skal svare på dine bøner.»

B. «Og du mitt barn som kjenner, at missmodsånda har teke tak i deg. Du skal vite det, at eg har ikkje gitt deg missmodets ånd. Men eg har gitt deg krafta, sindigheita og kjærleikens Ande. Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. Du skal få kjenne, at eg fyller deg med gledens olje og du skal få kjenne at du blir sterk i meg og min veldige kraft, seier Herren. For sjå, eg har alt det, seier Herren. Dine murar står alltid for meg og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.»

Bodskap 2.

A. «Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.»

B. «Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.»

Eg kan seie frå djupet av mitt hjarte at eg elskar Jesus og det er nok for han.

Og Jesus har nyleg sagt til meg at han veit at eg kan seie frå djupet av mitt hjerte at eg elskar han og det er nok for han. Bodskapen 11.8.2019:

«Eg kjenner deg, seier Herren, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min. Eg kjenner dine gjerningar og eg veit at du har lita kraft. Eg veit at du føler deg tilkortkommen og skrøpeleg og fattig. Eg veit at du føler du ikkje strekk til, men det er ikkje heile sanninga. For sjå, seier Herren, eg har sett foran deg ei opa dør. Ei opa dør som berre eg kan opne. Ei opa dør som ikkje du treng å presse deg gjennom. Men ei opa dør som eg seier velkommen gjennom. Velkommen, gå inn i den opne døra og du skal sjå at eg har førebutt gode gjerningar for deg. Du treng ikkje å – å minne meg om din eigen fattigdom, men eg vil at du skal påkalle meg av heile ditt hjerte. Eg vil at du skal opphøgje namnet mitt, for eg er rik nok, eg er sterk nok, seier Herren. Eg er frimodig nok og eg bur i ditt hjerte. Eg sende talsmannen, den Heilage Ande, for at du skulle kjenne og vite, at eg lever i deg. Og eg sende også talsmannen for å førebu ein veg, midt i øydemarka, for å skape liv, der som ingen andre kunne tru at det var mogleg. Eg har sendt den Heilage Ande, for å førebu menneske på denne stad, for å ta imot evangeliet. Og de skal få sjå ting som de ikkje trudde var mogleg. Fordi eg førebur, eg førebur nytt liv, eg førebur nye menneske. Og eg ynskjer å bruke deg, på tross av din skrøpelegdom. Eg veit at du har lita kraft, men du har ikkje forlete den første kjærleik. Eg veit at du kan seie frå djupet av ditt hjarte: Eg elskar deg, Jesus. Og det er nok for meg, seier, Herren, eg elska deg først og så elskar du meg tilbake. Derfor skal du legge deg trygt i natt, utan fordømming, utan nederlagsføling og du skal få vakne opp til ein ny dag og kjenne at: dette er den første dag i resten av mitt liv. Ein ny dag med nye moglegheiter, sjå, det gamle er forbi, sjå, alt har vorte nytt. Og du skal få vere med meg inn i noko nytt, seier Herren. Du skal få vere med meg og sjå at eg gjer nye ting i ditt liv og at eg gjer nye ting i din familie. Du skal få vere med å sjå at eg gjer nye ting i bygder og byar, som mange trudde var umogleg, som mange trudde det var forbi, men sjå, eg gjer noko nytt, seier Herren. Skal de ikkje oppleve det? Skal de ikkje vere med på det som eg har førebudt? For eg har førebudt ei innhausting i dei siste dagar og eg veit at markane er kvite til haust. Og eg ynskjer å invitere deg med, slik at du kan få sjå det, du kan få oppleve det, du kan få delta i det. Og alt dette gjer eg, ikkje på grunn av deg, men på grunn av at eg elskar verda så høgt og eg elskar deg, på tross av dine feil, seier Herren. Og eg ynskjer at du vil opne ditt hjerte og seie: Herre, her er eg, send meg. Amen.»

Kommentar til denne bodskapen.

Eg skal ta imot den vinen Jesus gir meg. Eg har lita kraft, men Jesus har gjort si kraft tilgjengeleg for meg.

Jesus sa til oss: «Din egen styrke er ikke mye å sette sin lit til. Jeg vet om deg, du har liten styrke. Men min styrke vil jeg gjøre tilgjengelig for deg. Min styrke ønsker jeg skal fylle ditt hjerte, så du kan se på meg og kjenne at jeg løfter deg opp, jeg er den som har satt dine føtter på en klippe.»

På førre møte (28.6.2020) sa Jesus til meg at eg skulle ta imot den vinen han gir meg. Den er symbol på kjærleiken, spesielt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, slik vi ser i Høgsangen. Samtidig er det nattverdsvinen. For Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Kjærleiken er at Gud let han døy på eit kors i staden for oss, for å sone vår synd og betale vår skuld. Gud er fullkommen og hans kjærleik er fullkommen. Frykta ber straff i seg, men den fullkomne kjærleiken driv angsten ut (1.Joh.4).

Jesus sa til oss at ved korsets fot og i Ordet finn vi den ekte kjærleiken, han ville at den skulle vere mellom oss og at vi skulle glede oss over at vi hadde funne den ekte kjærleiken (Bodskapen 12.2.2011).

Så dette minna meg om at når eg oppdaga henne Reella og bad for henne, så fekk eg ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og for henne. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus. Eg forstod dette som dåpen med den Heilage Ande. Seinare, når eg såg henne igjen, var det tydeleg for meg at ho var i Anden og gleda seg i Herren, i hans kjærleik og hans frelse. Det vart vel klart for henne at det var sameinleg med å studere realfag. Så det var Jesus som gav oss sin vin, han gav meg sin vin og så gav han henne også sin vin. Han gav henne sin vin og det hang saman med at han gav meg sin vin, så eg tenkte eg skulle ta imot den ved at eg tok imot kjærleiken og gleda hennar og soleis tok imot henne. Det vesentlege vart då at ho skulle halde fram med å vere i Jesus og i hans kjærleik, glede seg over at han frelste henne og glede seg i Herren alltid. Min respons på det var og skulle vere at eg også gleda meg over det, så eg skulle glede meg over at han frelste både meg og henne.

Dette har eg nyleg skrive i eitt nytt dokument og der skreiv eg også om at Jesus har sagt at eg har lita kraft, men at han har sett framfor meg ei opna dør. Vi får gå inn og gå ut og finne beite. Han er komen for å gi oss liv og overflod. Så skreiv eg om kor viktig det er for ein ung mann å få prate med ei ung kvinne, for å fri til henne, for å få seg ein kjæraste og ei kone. Eg hadde då eigentleg moglegheit til å prate med henne, men det vart ikkje. Og kva no? Om morgonen, etter frukost, brukar eg å setje meg i stresslessen med ein kopp kaffi. Så vender eg meg til Herren og tenker slik om henne, tenker meg at eg tek imot henne som hans vin. Kikar gjerne på eit sjakkparti på mobiltelefonen. Og så sovnar eg i stresslessen. Slik går mykje av dagen. Og no er det snart 32 år sidan utan at det har vorte noko meir ut av det. Det er no ærleg tala litt vemodig å tenke på. Over 31 år då ho kunne ha vore min venn som eg fekk prate med, min kjæraste og mi kone, vore med i kyrkjelyden og gleda seg i lag med dei frelste. Det er no litt vemodig å tenke på då. Og Herren kunne bruke henne til å skape vekking på universitetet. Det trur eg også han har gjort. Eg har hugsa på henne i mine bøner og skrive om henne og soleis velsigna henne og Herren har svart oss med å la sin Ande komme over oss. Soleis har eg prøvt å gjenopplive mi nådegåve og bruke den og eg trur han også har gitt henne ei nådegåve, ved sin Ande, så ho kan tene han med den. Det trur eg og vonar eg at ho også vil gjere og slik ber eg framleis for henne. Eg følte i mitt indre menneske at eg kunne ikkje gløyme henne og det føler eg framleis, eg hevdar det var ein åndeleg røyndom i mitt indre menneske og då vert  «føle» er eit svakt uttrykk, men det har også med å vere fintfølande og det er ei svakhet som likevel er viktig for meg, eg vil samanlikne det med finmekanikken i ei maskin, den kan vere sterk, sjølv om finmekanikken er liten og svak. Eg trur at Jesus frelser hennar sjel og det vil eg glede meg over. Han gir oss ånd og liv frå himmlen, han gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Og det er no det eg innstiller meg på å ta imot.

No seier Herren igjen at eg har liten styrke, mi eiga kraft er ikkje mykje å satse på. Nei, ikkje min økonomiske styrke heller, for eg har no vorte lurte opp i stry. Men så seier han at han har gjort si kraft tilgjengeleg for meg og det er no frelsekrafta. Jesus sa eg skulle sjå at han har sett framfor meg ei opna dør, han er sjølv døra inn til sauene, den som går inn gjennom den vert frelst. Slik har han vel gjort frelseskrafta tilgjengeleg for meg, så eg får eg gjere bruk av den. Eg skal sjå på han og så ære og takke han for det. Han er livet, han gir meg ånd og liv og gir meg soleis eit meiningsfullt liv, eit liv som er verdt å leve. Eg ventar meg at det gjer han også ved å gi meg ei kone.

Det sentrale og viktige poenget er at han frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv. Det skal vi glede oss over framfor alt. Og gleda i Herren er vår styrke. Ved sin Ande, som bur i oss, gjer han våre døyelege kroppar levande (Rom.8,11), soleis skal frelesekrafta styrke kroppane våre også. Så eg tenker meg at slik styrker han kroppen min ved si kraft. Herrens auge fer ut over heile jorda, så han med si  kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande i samsvar med 1.Mos.2.

Eg har gitt opp, men Jesus har ikkje gitt meg opp. Jesus vil gi meg vederlag.

Jesus sa han ville gi meg vederlag, sitat: «Og jeg vil at du skal se framover og oppover, for jeg har sett deg og jeg vil at du skal se meg. For jeg er kommet for å gi deg framtid og håp. Dette er den første dag i resten av livet ditt. Og jeg har ikke gitt deg opp. Du har gitt opp, men jeg har ikke gitt deg opp. Jeg vil godtgjøre deg og gi deg et liv som er verdt å leve, så lenge du lever.»

I tala vart det vist til Joel.2, der Herren sa til folket sitt at han ville gi dei verderlag for uåra som han let komme over dei. Korleis då? I Joel.3 er det profetert om at han ville utgyte sin Ande over alt kjøt. Så ville han halde rettssak med folkeslaga fordi dei selde folket hans.

Joel.3,6 For sjå, i dei dagane og på den tida,
          når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
          
     7 då vil eg samla alle folkeslag
          og føra dei ned i Josjafat-dalen.
          Der vil eg halda rettargang med dei
          om Israel, mitt folk og min eigedom,
          som dei spreidde mellom folka.
          Dei delte landet mitt
          
     8 og kasta lodd om folket mitt,
          dei gav ein gut for ei hore
          og selde ei jente for vin,
          og den drakk dei opp.

Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske. Det veit vi er Guds vilje, då kunne ein kanskje tenke som so at då skal vi berre tru på det, så då treng vi vel ikkje be om det. Men der er eit poeng i at vi skal velje å vende oss til Gud og då skal vi lære å be i samsvar med Guds vilje. Gud er god, han vil frelse menneske og han vil oss vel, men det er vi som må vende oss til han og ta imot i tru og be med tru.

Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst jente til kjæraste og ei frelst kvinne til kone. Så byrja eg å studere realfag og etter kvart vart eg bevisst på at Jesus kalla meg til det også, men då måtte eg også la han leie meg i studiane. Det vart klart for meg at når eg studerte realfag, var det med ei anna kunnskaps-forståing enn å ete av kunnskapstreet. Eg levde i samfunn med Gud og han gjorde sitt verk med meg og med oss ved sitt Ord og sin Ande, i samsvar med 1.Mos.2.

Der er mykje verdsleg, religiøs, politisk og økonomisk maktinteresse i å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet. Slik har eg fått motstand, det forklarar motsetnadsforholdet og striden som eg står i. Det har eg skrive mykje om.

Så seier Jesus at eg har gitt opp, korleis då? Vel, eg fekk ikkje ei frelst jente til kjæraste og ei frelst kvinne til kone, så eg kunne snakke med henne og vere saman med henne. Eg har studert realfag og er adjunkt med undervisningskompetanse i matematikk og fysikk. Eg har studert andre realfag i tillegg, så eg har eit breitt grunnlag, men eg har ikkje hovudfag. Og eg har ikkje fått jobb med å undervise. Eg er pensjonert fiskar og hadde nok pengar i banken til å betale studielånet og fikse opp seglbåten, så eg hadde moglegheit til å fare til Oslo igjen og bu i seglbåten. Men så prøvde eg å investere i kryptovaluta først og tapte pengane. Det var rein svinel. Så eg har måtta be om utsetjing på tilbakebetaling av studielånet, i først omgang har eg fått utsetjing i eit halvt år. Så kan eg setje båten i litt betre sand og selje den. Eg kan også søke om ytterlegare utsetjing og sjå korleis det går.

Eg har jobba som fiskar i mange år, eg har studert realfag og eg har drive med dette skriveriet mitt. Eg har brukt mykje tid og krefter og jobba med noko som eg ikkje har fått noko igjen for. Korleis nokon tenker seg at eg skal få vederlag for det, forstår ikkje eg. Men det kan vi no komme tilbake til. Kanskje eg kjem i ein «forhandlingsposisjon» der det får litt betydning kva eg sjølv trur, meiner og seier? Men det blir ikkje med han «Gaml-Eirik» som forhandlingspartnar, berre så det er sagt altså.

Jesus sa eg skulle sjå framover og oppover og sjå på han. Dette er første dagen i resten av mitt liv.

Jesus sa: «Og jeg vil at du skal se framover og oppover, for jeg har sett deg og jeg vil at du skal se meg. For jeg er kommet for å gi deg framtid og håp. Dette er den første dag i resten av livet ditt.» Det er ei oppmuntring til å sjå moglegheitene eg har kvar dag. Soleis minner det meg om at han sa eg skulle legg inn det giret at eg søkte han kvar morgon (Bodskapen 3.2.2019). Då hadde eg akkurat meldt meg til eksamen i KJM2600 (kvantekjemi) og MBV3010 (vidaregåande molkylærbiologi). Første kurset hadde eg ikkje slutteksamen i, det andre hadde eg tenkt å forbetre karakteren i. Så eg tok den bodskapen som ei oppmuntring om at eg skulle søke han kvar morgon, for å få meir ut av dagen, både ved å lese til desse eksamenane og for å møte andre menneske og prate med dei. Men det vart eigentleg ikkje mykje av, eg vart i staden så oppslukt av dette skriveriet mitt i staden. Så det vart ikkje til at eg tok desse eksamanane og no er det for seint, MBV3010 har eg likevel eksamen i, men KJM2600 har eg ikkje slutteksamen i.

Eg har ein gammal berbar PC på eit lite skrivebord i ein BBB-reol på stova. Den har Bibelen («God-Speed»), så eg brukar den til å skrive møtereferat. Eg har innredt eit lite soverom til kontor. Der har eg ein nyare berbar PC, så eg brukar den når eg skriv større artiklar og no når eg skriv kommentar. Om eg treng å sitere eit bibelvers finn eg det på nettbibelen, men det er litt meir omstendeleg. Her har eg faglitteraturen i realfag og det er mykje eg godt kan tenke meg å jobbe meir med, både for å halde ved like, forbetre og lære meir. Eg har ein mack-book air på omlag 10 år, med programmerings-programmet Python installert, det er godt eigna til programmering i realfag. No er den ved fjernsynet i stova, for eg har brukt den til å sjå filmar med populærvitskaplege og vitskaplege program, stort sett om fysikk og astronomi.

Jau, eg kan no godt ta bodskapen som ei oppmuntring om å studere realfag vidare i mitt heimekontor. Det er sjølvsagt vanskelegare å motivere seg når ein ikkje har ein eksamen å sjå fram til. Men eg skal no uansett sjå opp til Jesus og tenke slik at eg lever for han, så eg let meg verte motivert av han. Han er sanninga og eg søker den. Han har gjort Gud kjend for meg, Gud er kjærleik og eg vert motivert av hans kjærleik.

Jesus legg ein ny sang i mitt hjerte og min munn.

Jesus sa til oss: «Min styrke ønsker jeg skal fylle ditt hjerte, så du kan se på meg og kjenne at jeg løfter deg opp, jeg er den som har satt dine føtter på en klippe. Jeg er den som legger en ny sang inni ditt hjerte og i din munn, en lovsang til Herren. Og jeg vil at du skal se opp til meg utan å rødme av skam. Slutt å tenk på det du har gjort, se på det jeg har gjort, sier Herren. Det er nok det som jeg har gjort for deg. Og jeg har kommet for å fullføre den gjerning som jeg begynte i deg. Jeg vil ikke stoppe halvveis og jeg som har begynt en god gjerning i deg, jeg skal fullføre den, i Jesu navn. Amen.»

Uttrykket «ein ny song for Herren» finn vi i Jes.42 og i fleire salmar, i Salme.40 finn vi uttrykket: «han la ein ny song i min munn». Dette er ein salme av David, han talte for sitt eige vedkommande, men han talte også profetisk og Davids-sonen, Kristus, han er Guds Lam, som bar verda si synd, det gjorde han for David også.

Hausten 1985, medan eg studerte realfag i Oslo, sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.» Jesus la den ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Det fekk eg oppleve sterkt når eg gjekk på gymnaset, så eg har forklart korleis eg knytte det til henne Virtuella, som om ho var den lovsongen, for ho lovpriste Kristus som sin frelsar og Herre og eg lovpriste han for at han frelste både meg sjølv og henne. Seinare knytte eg det til henne Reella. Det har eg gjort i det siste også. Eg vil no framleis håpe at dei begge blir frelst. Men eg må no innrømme at det saka gjeld for mitt vedkommande, er at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Og korleis går det med den saka? Jesus byrja den gode gjerninga i meg og han vil også fullføra den.

Jesus legg ein ny song i mitt hjerte og min munn, slik trur eg også han gir meg ei frelst kvinne til kone, så både eg og ho lovpriser han som vår frelsar og Herre. Om det ikkje blir henne Reella heller, så er det som eg har skrive om henne likevel ikkje bortkasta og gagnlaust. For det første har eg soleis vore kanal for Guds velsigning til henne og håper at ho og mange med henne vart velsigna og frelste og framleis vert det. Eg har skrive om henne som «partikularia» og det er verdifullt ved at eg tenker på liknande måte om universalia: ei kvinne, ei brud, ei kone, ei frelst kvinne, ei biologidame. Gir Jesus meg ei biologidame til kone, som har doktorgrad i biologi, får det større betydning i universitetsmiljøet, ja, når eg løfter blikket opp til Jesus og mot framtida, får eg lov til å sjå stort på det, det har betydning både for vitskapshistoria og filosofihistoria. Men det viktigaste er no at både eg og ho vender om og vert som born, så vi går inn i Gud rike og lever i barnekåret hos Gud. Det betyr ikkje å verte dum, men å vere vis og halde fram med å vere det, ved at Faderen oppseder oss og lærer oss opp. Det er viktig og verdifullt for ei biologidame med doktorgrad også. Doktorgrada er mynta på dei som vil verte forskarar og det vil sikkert vere verdifullt for det akademiske miljøet og for samfunnet om eg får meg ei kone som har doktorgrad i realfag, spesielt dersom det er biologi. Ho er då utdanna til å forske innan ekte vitskap og den naturfaglege sida av denne saka er nettopp biologi.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung. Naturleg nok skulle eg då ha henne frå eg var ung. Det ville då vere meir enn merkeleg om eg skulle vere nøydd til å vente til dess ho etter naturen er for gammal til å få born, så om eg skulle få born med henne måtte det vere ved eit Guds under, som når Abraham fekk Isak med Sarah. Det naturlege er då at ein ung mann får seg ei ung kone og får barn med henne på naturleg måte. Og Gud har sagt til meg at eg skal la han ta omsorg for sine born og sine henders verk. Gud er ånd og hans born er fødde av Guds Ande, han tek omsorg for dei som sine born og slik tek han omsorg for sine henders verk, den naturen han har skapt. Sjølv om eg ikkje er ung lengre, så kan vel Gud gi meg vederlag ved at han gir meg ei ung frelst kvinne til kone.

Eg er ikkje ung lengre, men Faderens testamente var gyldig for meg når eg var ung og er det framleis, eg er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll og eg søker framleis samfunn med Gud på det grunnlaget. Guds nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Guds auge fær utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp, som heilhjarta held seg til han. Slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Jesus gir liv til mi sjel og ånd i min kropp, slik gjer han kroppen også levande. Eg får oppleve hans frelseskraft i mitt indre menneske, så eg får oppleve at han styrker kroppen min også, med sin Ande og si kraft. Og eg trur eg får oppleve at det gjeld henne som han gir meg til kone også, sidan han skapte kvinna av mannens sidebein.

Kva var så spesielt med henne Reella? Gud skapte kvinna av mannens sidebein ….

Ho Reella var ei ung vakker jente med langt lyst hår, som rakk heilt ned på beltet, typisk idealkvinne for ein ung kvit mann. Så eg kalla henne lenge «Miss Oslo 1990». Same kva slags skjønnheits-konkurranse eg kunne tenke meg ho deltok i, så ville eg ha kåra henne til vinnar. Eg vedkjende for Jesus at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje hadde snakka med henne eller kjende noko meir til henne. Så fekk eg oppleve at Anden dreiv meg og leia meg så eg møtte på henne og då fekk eg ei åndeleg openberring, der Kristus openberra seg for meg og for henne.  Eg tenkte på korleis ei så vakker kvinne kunne ha vorte til og tenkte då både utifrå utviklingslæra og skapingssoga, så eg takka Gud for at han hadde skapt henne og vona Jesus ville frelse henne. Eg såg etter henne og såg andre kvinner også, jau, der var mange vakre kvinner, men eigentleg var det henne eg såg etter og tenkte på. Likevel fekk eg meg nok ein korreks ved at Jesus sa til meg at han ser ikkje på det som eg ser på, men han ser til hjertet. Som til dømes når Samuel skulle salve David til konge.

1.Sam.16,  6 Då dei så kom og han fekk sjå Eliab, sa han til seg sjølv: «Her, framfor Herren, står no hans salva.»  7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren, for eg har vraka han. Her gjeld ikkje det som menneske ser. For menneska ser det som auga ser, men Herren ser på hjartet.»  8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»  9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Slik lét Isai dei sju sønene gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: « Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
    11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Han er ute og gjeter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi set oss ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt, hadde vakre auge og var vakker å sjå til. Herren sa: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel hornet med olje og salva han midt mellom brørne hans. Frå den dagen kom Herrens ande over David og var med han sidan. Så braut Samuel opp og drog heim att til Rama.

Sjølv om ho Reella var fantastisk vakker, var det viktigaste for Gud å sjå til hjertet hennar. Jesus sa då at sæle er dei som er reine hjartet, dei skal sjå Gud. Og han lova oss at dersom vi trudde på han og elska han og elska kvarandre, så ville han openberre seg for oss. Og eg fekk oppleve ei åndeleg openberring der han openberra seg for meg og for henne. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus. Eg er viss på at ikkje noko kan skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus.

Rom.8,   31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han?
    33 Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd? 36 Som det står skrive:
           For di skuld blir vi drepne dagen lang,
           vi blir rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Der er ein livsfiendtleg mørkemannskultur som står oss imot og som prøver å gjere slutt på livet som Jeus gir oss. Han «Gaml-Erik» unner oss ikkje noko godt, nei. Men Jesus har sigra over han og det er det eg skal nytte meg av, ved at eg vender meg til han, søker han av heile mitt hjerte, ser opp til han og tek imot den Anden og det livet han gir meg frå himmelen.

No bur eg i kjellarleiligheta i gamlehuset heime på Sunnmøre. Eg har enda opp som ein fattig mann utan kone og born. Likevel har eg noko å glede meg over, for eg har lese i Bibelen og vokse i tru og kjennskap til Jesus. Og eg har studert realfag. Jesus har sagt eg skal glede meg i Herren og hans frelse, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Han har sagt eg skal søke han av heile mitt hjarte, trur på han av heile mitt hjarte, så let den Heilage Ande meg få merke at Jesus lever i meg. Og eg trur han frelser henne Reella. Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Og eg trur det er til henne også, han frelser henne også og gir henne evig liv. Så eg trur eg får oppleve det i mitt hjarte og det gjer meg glad. Gud har gjort sitt verk i mitt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande. Jesus sa eg måtte komme til han slik som eg var. Og eg hevdar det er slik eg er, Jesus gir liv til mi sjel og eg opplever det slik i mitt indre menneske, at då gir han også liv til hennar sjel. Gud vekker oss opp til liv i smafunn med seg, i samsvar med 1.Mos.2.

Ho var ei ung vakker kvinne med langt lyst hår, så ho var ei typisk idealkvinne for den kvite mann. Den tankegangen høver med utviklingslæra og den høver med at Gud skapte kvinna av mannens sidebein, poenget var at det var same art og same folk. Gud ville gi mannen ei hjelp som høvde for han, så han let ein tung søvn komme over mannen, så skapte han kvinna av sidebeinet hans. Det låg nær mannens hjerte, så er det også nærliggande for meg å påstå har ho hadde passa godt til å verte kona mi, det hadde passa meg godt å få henne til kone. Men no talar eg også om at Jesus såg til hennar hjarte og at Gud gjer sitt verk i mitt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande. Så eg talar om korleis eg og vi er som resultat av gjenfødinga og som resultat av at Gud skaper oss i Kristus. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss til å verte Kristi kyrkje, Kristi brud, så då skal det resultere i at ho kjem inn i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Då er ho medlem i Jesu kyrkje, har Jesus døpt henne med den den Heilage Ande til å vere ein lem på hans lekam, så vil ho også tene han med den åndeleg nådegåva han har gitt henne. Jesus gir meg liv og overflod av liv og eg forstår det slik at det blir til henne også og mange med henne.

Betyr det så at ho skal verte kona mi, no så lenge etterpå? Vel, eg skal berre glede meg i Herren og hans frelse, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg trur og vonar han frelser henne og  mange med henne, så eg kan glede meg over det, Jesus gir meg liv og overflod, så det blir nok til meg og henne og mange med henne. Så gir han meg ei frelst kvinne til kone. Korleis då? Gleda i Herren er min styrke, så det blir på den måten at Gud fyller meg med sin Ande, si salving og si kraft. Det blir på den måten at den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Eg trur på Jesus og eg elskar han og eg elskar dei som tilhøyrer han og som han frelser, så eg får oppleve at han openberrar seg for meg og for dei. Så eg kan berre løfte blikket opp til Jesus og sjå på han og stråle av glede. Det er det beste eg kan gjere for mitt eige vedkommande, det er også også det han vil eg skal gjere, i truskap mot han, sikkert fordi det er det som best gagnar hans sak. For det er då Gud som gjer sitt verk med meg og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

I middelalderen føregjekk universaliestriden og vi ser no at omgrepa er godt brukbare enno, så gjekk det over til striden om rasjonalitet og erfaring, men den nye naturvitskapen hadde begge deler, den var hypotetisk deduktiv. Og når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi universalia og rasjonalitet og når vi går ut og møter andre menneske og pratar med dei og forkynner evangeliet, får vi erfaring og møter dei som partikularia.

Slik også når Jesus gir meg ei frelst kvinne til kone. Fyrst kjem ho inn i eit personleg vennskapsforhold til Kristus. Så kjem ho inn i eit personleg vennskapsforhold til meg. Lever vi i fridomen i barnekåret, så får vi med frimod komme til Faderen med alle våre behov og soleis skal no mannen vite å vinne seg si eiga kone i helging. Då skal vennskapsforhold, kjæresteforhold, forloving og ekteskap komme som ein naturleg og sjølvsagd prosess.



Categories:Kristendom, Kristne møte, Psykologi

1 reply

Trackbacks

  1. 2020.07.13. Sion Åheim. Jesus ser meg og han vil at eg skal sjå han, for han er komen for å gi meg framtid og håp. Han vil eg skal sjå oppover og framover. Hans styrke gjer han tilgjengeleg for meg. — Sivert’s Speakers’ Corner | Mon sit

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: