2021.06.27. Maranata. Til fridom har Kristus frigjort oss. Ver himmel-vende.

Til fridom har Kristus frigjort oss. Ver himmel-vende.

Innleiing ved Thommas.

1.Kor.6,9 Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar, avgudsdyrkarar, ekteskapsbrytarar, eller menn som ligg med menn eller lèt seg bruka til dette, 10 korkje tjuvar, pengekjære, drikkarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike. 11 Somme av dykk var ein gong slike. Men de har late dykk vaska, de er helga, ja, rettferdige for Gud i Herren Jesu Kristi namn og ved vår Guds Ande.

Tale ved Tore Kristiansen.

2.Kong.4,1 Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.»  2 Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.»  3 Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i.  4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»
     5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei.  6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna.  7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»

Gal.5,1Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk.

Rom.8,1Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.  2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 

2.Kor.5,17 Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til!

Kva har du i huset? Bur Kristus i hjertet ditt, så har du barnekårsanden, du har fridomen i barnekåret og blir ikkje trel.

Dei tome kara er symbol for våre behov, dess større behov, dess meir fylde av den Heilage Ande.

Fil.4, 19 Så skal min Gud, som er så rik på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng.

Salme 23.1Herren er min hyrding,
          eg manglar ikkje noko.
          
     2 Han lèt meg liggja i grøne enger,
          han fører meg til vatn der eg finn kvile.
          
     3 Han gjev meg nytt liv.
          Han leier meg på rettferds stigar
          for sitt namn skuld.
          
     4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
          er eg ikkje redd for noko vondt.
          For du er med meg.
          Din kjepp og din stav,
          dei trøystar meg.
          
     5 Du dukar bord for meg
          framfor mine fiendar.
          Du salvar mitt hovud med olje.
          Mitt beger renn over.
          
     6 Berre godleik og miskunn
          skal følgja meg alle mine dagar,
          og eg skal bu i Herrens hus
          gjennom alle tider.

Profetisk bodskap ved Tore Kristiansen.

Vær ikke innadvendte, vær heller ikke nedadvendte, men se opp, vær himmelvendte. La din ånd være vendt opp imot han som sitter ved majestetens høyre hånd. Hyll ham, som engler og makter og krefter er underlagt. Like før han for, så sa han: Meg er gitt all makt. Tro det av hele ditt hjerte. Pris meg, at det er sant. Og du skal få oppleve at jeg skal fylle din sjel med det som godt er. Du skal fornyes til ånd, til sjel og til kropp. Og du skal kjenne at det som var, skal forsvinne. Og det som du lengter etter skal komme. Regn ikke med år, men vit at jeg er den samme. Om du er kommet opp i årene, så er jeg i stand til å fornye deg. Så gleden i ditt hjerte, den skal flyte over som en veldig strøm. Du skal få oppleve at det som du før har kjent, skal bli som ingen ting å regne, mens det som du nå skal oppleve. For jeg er rik nok, absolutt er jeg rik nok. Halleluja.

Kommentar: Eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt i mitt hjerte.

Svar på det eg skreiv til leiaren for elsterådet.

Leiaren for eldsterådet i kyrkjelyden, Knut Hübenbecker, hadde sendt ut brev til medlemmane og etter ei tid svarde eg på det. Denne bodskapen ser eg som svar på det eg skreiv og tek det derfor med her.

Mitt første brev til leiaren for eldsterådet, 16.4.2021.

God dag, Knut.  

Kor det går?  

 

For nokre veker sidan – for ikkje å seie månadar sidan – fekk eg eit brev frå deg der du skreiv om korleis det gjekk i «Tempelet» og at du tenkte på å stille di stilling ledig om nokon kunne tenke – eller kjende seg kalla til – å ta over. Dette syntest eg var rart. Eg fekk vite at de hadde vorte nøydde til å selje lokalet, faktisk først etter at det var gjort. 

Jesus gir oss Anden av berre nåde, det er berre å ta imot og bidra med det som Gud gir oss i hjertet, så har vi vekking. 

 

Eg kjem i hug at John Miland sa han var hengjeven til Kristus og kva han minna han om ved den Heilage Ande, at han ikkje bekymra seg for økonomien for kyrkjelyden og ikkje for seg sjølv som predikant heller. Og Herren har mange gangar minna meg om at han gir meg Anden av berre nåde, utan krav om gjerningar og det er då ved denne Anden eg skal tene han. Eg skal berre bøye meg for han, for det han gir meg, får eg av berre nåde, utan krav om gjerningar. Eg skal berre søke han av heile mitt hjerte og sjå til at eg bidreg med det som Gud har gitt meg i hjertet, så vil det verte vekking, liv og fornying i kyrkjelyden. Han vil rake saman glørne til eit stort pinsebål. Då er det ganske klart at det er dette eg og vi må satse på. Eg har leitt opp nokre bodskapar om dette og utheva det som eg nemnde. 

Gud gir oss visdoms og openberrings Ande til kunnskap om seg. Men den openberringa Anden gir meg, skal eg sjå på Herren. Då ser eg ikkje noko poeng i at du skal stille di stilling til disposisjon for andre. Eg vil minne deg om at Paulus også fekk merke at der var dei som ville erstatte han, men dei var meirt motivert av å tene pengar. 

Bodskapar 2012-2017. 

Bodskapen 15.1.2012: 

”Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)? 

Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi  kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst  ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.” 

Bodskapen 12.10.2014: 

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda. 

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger. 

Bodskapen 29.3.2015: 

Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg. 

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod. 

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske. 

Bodskapen 22.1.2017: 

«Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv.  

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.» 

Bodskap 2, 18.6.2017: 

2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.  

2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen. 

Korleis kan eg bidra? 

Eg har flytta til Sunnmøre, men er famleis medlem av Maranata Oslo og korleis kan eg bidra der? Vi skal be i Guds Ande og ingen kan sette grense for den. Eg har i lang tid skrive om to jenter som eg har bedt og så vart det ei til, ho «PolyEster» frå Ukraina. Eg veit ikkje om ho etniske er ukrainsk eller russisk, men ho snakka russisk med ei jente frå Russland. Eg har inga aning om kva slags politiske meiningar ho hadde. Men vi studerte same fag, biologi. Eg fortalde henne at eg hadde prata med han Jesus om henne, men då verka det som ho vart litt redd meg. Men sidan fekk eg så vidt prate litt med henne om mi tru på Jesus og at han svarde mine bøner gjennom tyding av tungetale. Eg sa noko om at ved å vende seg til han, kunne ho be for seg sjølv, slekta si og folket sitt. Seinare semester såg eg henne ikkje att, så eg har berre av og til hugsa på henne i mi bøn og skriveri. Men no er der oppbygging av militære styrker på Russlands grense mot Ukraina. Det er ein god grunn for meg til å hugse på henne i mi bøn til Gud samen med desse to andre jentene.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, då var det først og fremst henne Reella eg tenkte på. Hausten 2008 kalla han meg til å gå med ein frigjerande bodskap, så eg for til Oslo på nyåret. Og Jesus var med meg og talt til oss gjennom tyding av tungetale og det vart etter kvart klart for meg at det var bodskap som gjaldt både henne Reella og henne Virtuella, sjølv om dei ikkje var der. Det måtte eg forstå, sidan Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Så eg skreiv om det og eg trur det er rett, det gir uttrykk for håp og då får det også preg av at vi får vente og sjå kor det går, for Kristus er trua sin opphavsmann og fullendar. Det vart talt over Juda-kongen og Israels konge som gjekk i kompaniskap mot ein ytre fiende, men dei gjekk lens for vatn. Då spurde dei ein profet om råd, jau då, det var berre å spade grøft på grøft, for dagen etter kom vatnet, men dei fekk ikkje sjå kvar det kom ifrå. Slik kan vi kanalisere Guds velsigning endåtil før den kjem. Så slik tenkte eg om skriveriet mitt.

Profeten fekk sjå at der rann litt vatn ut under dørstokken til tempelet og etter kvart som han gjekk lengre ut vart det til ei flod som ingen kunne vade, men den bar han. Det overgjekk alt han venta seg, dette hadde han ikkje kontroll over, her trongst det ikkje nokon til å spade grøft på grøft. Dette måtte no vere fordi Kristus var i tempelet og det er symbol på kroppen. Han kalla til seg alle som tørsta og sa at hos han fekk dei levande vatn, som skulle verte i dei ei kjelde som vella opp til evig liv. Frå deira liv skulle det som skrifta seier renne straumar av levande vatn.

Jesus har mange gangar sagt eg skal opne meg for velsigninga og verte fylt av den Heilage Ande og eg har skrive om det og sagt ja. Eg trur eg må tenke slik at i det eg opnar meg som kanal for Guds velsigning, til henne Reella, ja, så er det ein bodskap til henne også, men også til henne Virtuella, så er det ein bodskap til henne også. Eg skal lovprise Herren for frelsa, eg skal glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår, så han vil gi meg ei kone altså. Men ho Virtuella treng å  verte frelst ved erkjenninga av at Kristus er Herre, slik forstår eg bodskapen 18.6.2017.

Jesus har sagt eg skal sjå han har sett fram for meg ei open dør. Han er døra og det er døra til himmelen og til sauefjøsen (Joh.Op.3,7…. Joh.10,1…..). Den døra ser eg etter både når eg søker han heime og i kyrkjelyden. I det siste har det vorte meir og meir klart for meg at eg må sjå etter den døra når eg går ut og vitnar for andre menneske. Vel og bra, men Herren minna meg også om at når eg var ung, vitna eg på ein kvar stad. Større frimod altså og det vil han ha meg tilbake til. Så eg har mista mykje av frimodet altså?! Korleis då? Når det ikkje lenger går an å møte eg kristen jente og snakke med henne fordi eg har vorte glad i henne, kvar vert det då av frimodet? Ja, kvar vart det då av den glade bodskapen som vi skulle forkynne?

I 1995 sa Jesus til meg at når dører vart stengde for meg, så hadde han nye dører og nye vegar for meg. Så flytta eg heim att og byrja med tråling på heiltid. Seinare hadde eg som sagt ei periode i Oslo igjen. Då fann eg moglegheit til å vitne på Facebook og sidan fekk eg meg bloggeside og heldt fram med skriveriet mitt der. Så flytta eg tilbake til Sunnmøre igjen. Siste åra har eg oppdaga mange Youtube-sites med vitskaplege og filosofiske foredrag og paneldebattar og funne mange høve til å ta del i debatten i kommentarfeltet, så der har eg både vitna om mi tru på Kristus og forkynt evangeliet. Så har eg lagt ut link på Facebook med mine kommentarar og laga blogg av det. Eg har aldrig før klart å vitne for så mange menneske. Men utan at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, så er det gagnlaust. Og det erstattar ikkje å gå ut å møte andre menneske, for Kristus er med oss for å møte dei slik.

Helsing

Torbjørn Sivertstøl.

Mitt andre brev til leiaren for eldsterådet, 16.4.2021.

16.4.2021. Min lovsong og mitt bidrag. 

Eg byrja å studere realfag i Bergen utpå hausten 1976 og der møtte eg igjen henne Virtuella. Ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar, for eg vart forelska i henne når vi gjekk på gymnaset. Men seinare fekk eg ikkje møte henne igjen og snakke noko meir med henne. Omlag eit halvt år etter talte Jesus til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse».  

Jak.1, 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.  

Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og på husmøte, ja, før eg byrja på skulen. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be om frelse for våre næraste, bygdafolket, heile folket og be for landet. Ettersom eg vart eldre forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus spesielt om å frelse kvinna og gi meg ei frelst jente til kjæraste og med tida ei frelst kvinne til kone. Det er altså ei prioritetsordning, første prioritet er at Gud frelser oss, ta imot kjærleiken frå Gud. Så kjem kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne som andre prioritet, slik at det vert Guds sak også. Det er viktig.  

Når eg vart noko eldre, kanskje i ungdomsskulealderen, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Det var vel på denne tida eg byrja så smått å lese i Bibelen sjølv og gå litt på kristne møte på eige initiativ.  

Eg fekk fort inntrykk av at korleis eg tenkte og bad i mitt hjerte ikkje var heilt velkome i kristne samanhengar, eg måtte i alle fall vere litt forsiktig med kva eg sa og det heng no eigentleg saman med at vi må vere audmjuke overfor Gud. Men eg las i Bibelen sjølv og fann at korelis eg bad og tenkte i mitt hjerte stemte med Guds Ord, men sjølvsagt var det også slik at det korrigerte meg og leia meg vidare. 

Mange Herrens år seinare sa Jesus til meg at eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gitt meg i hjertet. Bodskapen 29.3.2015: 

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.» 

Dette har eg skrive om tidlegare, men no framstiller eg det på den måten at det er noko Gud gav meg før eg kom inn i nokon kristen organisasjon eller kyrkje på eige initiativ og byrja å gå der jamt. For eg søkte Gud i løynkammeret (Matt.6,25-34). Det minna han meg om seinare og så skulle eg gå ut og vitne om han. Eg skulle søke han av heile mitt hjerte og tru på han av heile mitt hjerte og så skulle eg sjå at han har sett framfor meg ei open dør. 

Eg byrja så vidt å gå på møte i det kristne skulelaget når eg gjekk to siste åra på Ungdomsskulen men fekk det ganske klart for meg at om eg skulle prøve å bidra med det Gud hadde gitt meg i hjertet, så fekk eg motstand. Og det inntrykket stod ved lag seinare også, når eg byrja på Gymnaset og gjekk på møte i skulelaget, NKUF og på bedehuset. Men når eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling (Betel) og i pinsekyrkja (Ebeneser), så fekk eg oppleve at Jesus svarde meg gjennom tyding av tungetale. Sidan heldt eg fram med å gå på slike møte, Maranata også, etter at eg kom tilbake til Oslo i 2009, og Jesus heldt fram med å svare meg slik. 

Det er no tydeleg at eg får motstand om eg skal prøve å bidra med det som Jesus har gitt meg i hjertet, men han har sagt at når dører vert lukka for meg, får eg sjå at han har nye dører og nye vegar for meg. Eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør, som ingen kan lukke. Der eg er kalla til å gå inn. Og han ynskjer meg velkommen inn. Siste åra har eg teke del i diskusjon i kommentarfelta på Facebook og Youtube, der eg har vitna om mi tru på Jesus og forkynt den glade bodskapen om han. Eg har bidrege med det Gud har gitt meg i hjertet ved sitt Ord og sin Ande og med det eg har lært av realfag og eg er viss på at det er fruktbart. 

Ho Virtuella var aktiv i skulelaget og i NKUF og eg vart med og hjelpte henne med å leie ei ungdomsgruppe i NKUF. Ho spelte gitar og lovprisa Kristus som sin frelsar og Herre. Ho elska Kristus, som bruda som elska sin brudgom. Det likte eg og eg merka at eg byrja å verte glad i henne, men var redd for å verte skuffa, så eg knelte ved senga på hybelen og bad over det og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som ei åndeleg openberring, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte. Det gjorde meg så godt og eg vart så glad i henne. Eg fekk sjå henne meir frå Guds perspektiv, som det vidunderlege barnet som han elska og hadde omsorg for og eg vart så glad i henne.   

Jfr. Bodskapen 17.2.2013: 

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.  

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.» 

Eg hadde nettopp skrive om dette, så når denne bodskapen kom, tenkte eg fyrst på henne Virtuella og så henne Reella. Dette handlar om at Jesus elskar meg og oss og når vi trur på han og elskar han, får vi oppleve at han openberrar seg for oss. Han elskar meg, derfor elskar eg han og får oppleve at han openberrar seg for meg og då skal eg sjå på han og takke han for at han elskar meg og oss. Han elskar gjennom meg og spesielt elska han desse jentene gjennom meg. Han elska meg og oss, det er rette forklaringa og den skal eg bruke ved at eg ser på han og takkar han for det. 

Det hende eg besøkte henne Virtuella på hybelen og vi hadde ei lita bønne stund. Eg opplevde at Jesus var midt i mellom oss.  

Jfr. bodskapen 15.1.2012: 

”Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)? 

Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi  kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst  ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.” 

Det var rart at eg likevel ikkje opna meg og prata med henne om dette. Ho var ferdig på gymnaset eit år før meg. Men siste året mitt på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud. Eg forstod at med det gode samvitet skulle eg få meir frimod til å prate med ei kvinne om kjærleiken frå Gud og kjærleiken mellom mann og kvinne, med tanke på å fri til henne. Då var det no framleis henne eg hadde i tankane. 

Hausten 1985, medan eg studerte realfag i Oslo, kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40, der Jesus sa til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Håpet om Guds herlegdom gjorde meg ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrent i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt. Den herleggjorde og openberra Kristus for meg og for oss som vår frelsar og Herre, så vi lovpriste han som vår frelsar og Herre. Den lovsongen var i både meg og henne. Men no opplevde eg det igjen ho at ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, og slik opplevde eg det som at ho var den lovsongen, slik forstod eg det.  

Ho hadde for lengst avvist meg som friar og ikkje ville snakke med meg eller ha noko med meg, sjølv om eg enno ikkje hadde snakka med henne om det og soleis fått fri til henne på ein skikkeleg måte. Det var no framleis rart. Men når vi gjekk på gymnaset vedkjende eg ganske rett for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Det stemmer no med det gode samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Han elskar oss med kjærleiken frå Gud og den er alltid rett, han elskar oss med ein evig kjærleik og den er alltid rett. Han elska meg med den og den er alltid rett, det er berre for meg å ta imot i tru. Og han elska henne med den og den er alltid rett, det er berre for henne å ta imot. Også når han elska henne gjennom meg. Det skal eg ha klart for meg ved å sjå på Jesus. Han lever i meg og han elskar henne gjennom meg, eg forstår det slik at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning til henne og det betyr at han elskar henne gjennom meg. Det er framleis rett, så lenge vi sjølve tek imot hans kjærleik, kan ikkje noko skilje oss frå den. 

Rom.8, 28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.
    31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
    33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:
        For di skuld vert vi drepne
        dagen lang,
        vi vert rekna som slaktesauer.
    37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. 

Frelsa er gratis både for meg og for henne, verken eg eller ho treng å få dårleg samvit fordi vi tok imot, det var ikkje eit tjuveri, men vi tok imot det som vi fekk gratis. Jesus er fullkomen og hans frelseverk er fullført og fullkome, sidan vi tok imot, kunne vi ha godt samvit for Gud. Med frimod og med godt samvit kan vi vedkjenne han som vår frelsar og Herre, for både Gud og menneske.  

Det var ein lovsong Gud la ned i meg og eg vil lovsynge han med den, takke Gud og Lammet for at han frelste meg og henne og at han framleis frelser meg og vil frelse henne også. 

Eg har skrive om henne Reella og henne PoliEster også, han vil frelse dei også og mange med dei og det takkar eg han for. Eg vil fyrst og fremt takke han for at han frelser meg og oss og vil frelse dei også, så vil han nok gi meg ei frelst kvinne til kone også. 

Helsing 

Torbjørn Sivertstøl



Categories:Filosofi, Kristendom, Kristne møte, Kristne møte 2021, Psykologi

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: