2021.07.11. Filadelfia Ulsteinvik. Kristus elsker oss, kyrkjelyden er Kristi brud, så ho svarar på hans kjærleik med å elske han.

Kristus elsker oss, kyrkjelyden er Kristi brud, så ho svarar på hans kjærleik med å elske han.

Det var vitnemøte og eg var fram og sa nokre ord.

Mitt innlegg.

Jesus gir oss det levande vatnet og det blir i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Frå den som trur på han, skal det som skrifta seier renne straumar av levande vatn. Joh.4,14 & Joh.7,27-39. Kvar står det skrive?

Salomos Ordtøke 4, 23 Ta vare på hjartet framfor alt,
          for livet går ut frå det.

Salomos Ordtøke 5,15 Drikk or din eigen brunn,
        rennande vatn or di eiga kjelde!
    16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
        bekkene dine strøyma på torg og plassar!
    17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
        og ikkje dela dei med andre.
    18 Då skal kjelda di vera velsigna.
        Gled deg over din ungdoms kone,
    19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
        Fryd deg støtt ved hennar barm,
        lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Korleis kunne kona hans vere ei slik kjelde med vatn for han? Det måtte no vere ved at ho sjølv hadde fått innlagt vatn, for det er no Gud som er kjelda med det levande vatnet. Men det som står skrive her er at vi skal ikkje la kjelda vår fløyme på gater og torg. Så kvar står det skrive at frå våre liv skal det renna straumar av levande vatn?

I Esekiel 47 les vi om livets flod som sildra ut under dørstokken i tempelet. Profeten kunne vade ut i floda og då vart den djupare og djupare inntil han flaut. Så kan vi lese korelis det gjekk vidare:

Esekiel 47,8 Han sa til meg: «Dette vatnet renn til bygdene i aust og ned i Jordandalen. Når det renn ut i sjøen, vert det salte vatnet friskt.  9 Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut. 10 Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet. 11 Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt. 12 På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.»

Dette er ein profeti om evangeliet og det talar om ei framtid. Der er utvilsomt mykje symbolbruk i dette, med åndeleg tyding. Men eg trur også at det fortel oss at det resulterte i økonomisk aktivitet i området.

Livets flod sildrar nok ut under dørstokken her også og så kan vi tenke på vårt eige distrikt, det har ei slik betydning for den økonomiske aktiviteten i vårt distrikt også. Så det har vorte mykje økonomisk aktivitet i denne regionen, ikkje minst i Ulsteinvik.

Livets flod sildra ut ved inngangen, under dørstokken, slik er det med den evangeliske forkynninga. Paulus sa at han ville ikkje vite av noko anna hos dei enn Kristus og han krossfest. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Det er Kristus som gir oss det levande vatnet, så det må vi ære og takke han for.

Tyding av tungetale.

Ei kvinne var fram og sa nokre ord, så kom ho med tungetale og ei anna kvinne kom fram og tyda det:

«Jeg ser deg og jeg vet om deg. Og jeg fryder meg over deg, jeg gleder meg over deg. Du er mitt barn og jeg elsker deg. Jeg har store planer for deg, jeg vil bruke deg, du er min tjener og du er min venn og du er mitt barn. Du er min medarbeider i Guds rikes sak. Du er den som jeg sender ut for å fortelle til andre hva jeg har gjort. Du er min og du er kostbar i mine øyne. Du er dyrebar, jeg elsker deg, mitt barn. Og du kan tene meg fordi jeg elsker deg. Ikke fordi du må og ikke fordi at det er plikt, men fordi du elsker meg, så kan du gi gjensvar med å si ja til kallet, si ja til det jeg kaller deg til, gå når jeg ber deg gå, tale når jeg ber deg tale, gjøre en god gjerning når jeg minner deg på det. Men gjør det fordi du er glad i meg, gjør det av kjærlighet, gjør dette som gjensvar på min kjærlighet til deg. Og da kan jeg fryde meg enda mer over deg.

Mitt hjerte blør for dem som ikke tar imot. Jeg er lei for alle de som bare forkaster mitt Ord. Det er en så stor høst som venter på å bli høsta inn. Det er så mange som lider, det er så mange som lengter, men ikke finner veien, det er så mange som søker på feil plass. Du må være med å veilede dem, du må være med å vise vei. Du må være med å kalle inn til mitt rike. Du må være med å frelse dem fra fortapelsen. Du må være med å gi dem håp og trøst og godhet, for menneskene trenger det i denne tid, enda mer før, de trenger min godhet, de trenger min kjærlighet. Og du skal bringe den, du skal gi det, du skal vise vei, du skal være den som veileder, du skal være den som blir brukt av meg til dette.»

Aktuelle bibelvers.

Salomos Ordtøke 4,20 Son min, lytt når eg talar,
          vend øyret til mine ord!
          
    21 Slepp dei aldri av syne,
          gøym dei djupt i hjartet!
          
    22 Dei er liv for den som finn dei,
          og gjev helse til heile kroppen.
          
    23 Ta vare på hjartet framfor alt,
          for livet går ut frå det.

Joh.4,10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» 11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?» 13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 

Joh.7, 37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Esekiel.47,1 Mannen førte meg attende til tempelinngangen. Og sjå, det rann vatn fram under dørstokken på austsida av huset. For framsida på templet vender mot aust. Vatnet rann ned på sørsida av templet, sør for altaret.  2 Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute fylgde han meg ikring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, der sildra vatnet ned frå sørsida.
     3 Mannen gjekk no austover. Han hadde ei mælesnor i handa og mælte tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet, og det nådde meg til okla.  4 Han mælte tusen alner til og lét meg gå gjennom vatnet der; det nådde meg til knea. Endå ein gong mælte han tusen alner og lét meg gå gjennom vatnet att; då nådde det opp til hoftene.  5 Så mælte han tusen alner ein gong til. Då var det ei elv som eg ikkje kunne vassa over. For vatnet hadde stige og vorte til ei elv som ingen kom over utan å symja.
     6 Han sa til meg: «Har du sett det, menneske?» Så førte han meg til elvebredda og lét meg sitja der.  7 Då eg snudde meg, såg eg ei mengd med tre på begge sider av elva.  8 Han sa til meg: «Dette vatnet renn til bygdene i aust og ned i Jordandalen. Når det renn ut i sjøen, vert det salte vatnet friskt.  9 Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut. 10 Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet. 11 Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt. 12 På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.»
   
Dei nye landegrensene
13 Så seier Herren Gud: Dette er dei grensene de skal ha når de deler landet mellom dei tolv Israels-ættene. Josef skal ha to luter. 14 De skal ta det i eige, og den eine skal få like mykje som den andre. Eg lyfte då handa og lova å gje det til fedrane dykkar. Og landet får de til odel og eige.
    15 Dette er landegrensa: I nord skal ho gå frå Storhavet bort imot Hetlon, til Lebo-Hamat og Sedad, 16 så til Berota og Sibrajim, som ligg ved grensa mellom Damaskus-landet og Hamat-landet, og til Hasar-Enon ved grensa mot Havran. 17 Såleis skal grensa gå frå havet til Hasar-Enon ved grensa mot Damaskus og Hamat i nord. Dette er nordsida.
    18 På austsida er Jordan grensa mellom Havran og Damaskus og mellom Gilead og Israels-landet heilt til sjøen i aust, ned til Tamar. Dette er austsida. 19 På sørsida skal grensa gå frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og så til Egyptarbekken og Storhavet. Dette er sørsida. 20 På vestsida skal Storhavet vera grensa, til ein kjem på høgd med Lebo-Hamat. Dette er vestsida.
    21 Dette landet skal de dela mellom dykk, mellom Israels-ættene. 22 De skal skifta det ut til odel for dykk sjølve og for innflyttarane som held til hjå dykk og har fått born der. Dei skal ha same rettane som innfødde israelittar. Saman med dykk skal dei få odel midt imellom Israels-ættene. 23 I den ætta der ein innflyttar bur, skal de la han få sin odel, lyder ordet frå Herren Gud.



Categories:Filosofi, Kristendom, Kristne møte, Kristne møte 2021, Psykologi

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: