Løft blikket. Vi er utvalde til å invitere til Jesu bryllaup og vere med på feiringa.

Jesus har valt oss ut til å invitere til hans bryllaup og vere med på å feire det. Han gir oss ånd og liv frå himmelen, så det er viktig for oss å vende hugen opp til han og ta imot og verte fylte av den Heilage Ande, så vi med hjertets opplate auge ser kva han har kalla oss til og kor rik på herlegdom hans arv er for oss som trur. Ja, slik kler vi oss i den bryllaupsdrakta som han gir oss.

2021.08.22. Filadelfia Ulsteinvik. Løft blikket, sjå på Jesus og sjå kva Gud har gitt deg i han og bruk det.

Mange vitnemål.

Mange var fram og vitna om si personlege tru og liv med Gud og las ifrå Bibelen. Han som innleia karakteriserte seg sjølv og oss som konservative kristne, som utgjer berre 3 % av Noregs folketal, men han trudde at Gud ville frelse langt fleire enn det. Vi vart minna om brevet til kyrkjelyden i Laodikea og Filadelfia. Denne kyrkjelyden er oppattkalla etter Filadelfia, filos tyder broderkjærleik.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Jarle Nygjerde.

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Mitt vitnemål.

Mitt vitnemål kom til slutt. Eg sa eg syntest det var kjekt og godt å vere der. Eg fekk vere med i Guds råd. Då ville det vere lurt å komme med ei bøn som var presist formulert, slik at eg kunne vite presist kva Gud svarde meg på.

For nesten to månadar sidan sa Jesus til meg og oss at eg elskar han,fordi han elska meg fyrst, så han fryder seg over meg. Men der er menneske som går fortapt, så han kalla meg til å forkynne for dei og leie dei til han, så dei blir frelst. Ikkje fordi eg må, men fordi eg elskar han. Når han minna meg om det så skulle eg gå til dei og fortelje om han. Det kan synast problematisk korleis eg skal få det til, kvar finn eg dei. Men når eg vender meg til han og elskar han, så vil nok han minne meg om det, så eg ser moglegheitene. Det høyrest så lett ut. Og det har vore lett å finne saker som vert debattert på internett, på Facebook, så oppdagar eg at der er noko som eg har svaret på. Då kan det virke som om Jesus minner meg om å vitne om han, så det er berre å skrive.

For nokre år sidan budde eg i Oslo og gjekk på møte i Maranata Oslo. Då sa Herren til meg at midt i hans forsamling har han bestemt at livet, vekkinga og fornyinga skulle vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt i mitt hjarte. Dette har eg skrive til Maranata om, men eg kan ikkje byrje å gjengi det no.

Apostelen Johannes sa at i opphavet var Ordet hos Gud, Kristus er Ordet, i han er liv og livet er ljoset åt menneska. Ordet vart kjøt og to bustad hos oss og vi såg hans herlegdom, ein slik herlegdom som den einborne Sonen har frå Faderen, full av nåde og Sanning. I sitt første brev talte Johannes om Ordet som det som dei såg og som hendene deira tok på. Jesus visste han skulle henrettast, tett før stifta han nattverden og sa dei skulle gjere dette til minne om han. Vi har ikkje den same erfaringa, så korleis kan vi kjenne han og hugse han? Jesus sa til disiplane sine at dei skulle tru på han og elske han og elske kvarandre, så skulle han komme til dei og openberre seg for dei, han og Faderen skulle komme til dei og ta bustad hos dei. Han gjer Faderen kjend for oss.

Dei tre vise menn kom og spurde kvar han er den kongen som no skulle ha vorte fødd, dei hadde sett stjerna hans. Då Jesus vart teken opp til himmelen, vart disiplane hans ståande og sjå opp etter han. Ja, han hadde då sagt at når dei såg trengseltida komme, så skulle dei løfte blikket opp til himmelen. Og no retter dei teleskopa opp og ser mykje lengre. Men då var der to englar som sa til dei at Jesus skulle komme igjen slik dei såg han fare opp. Og nyleg hadde Jesus sagt til dei at dei skulle halde seg i Jerusalem til dess det kom det som Faderen hadde lova, at den Heilage Ande skulle komme over dei (Ap.gj.1).  Vi må alle bruke dei store kvite, augne, og dei små grå, hjernecellene, til å sjå og lære og forstå. Men med Guds Ande i hjertet får vi også lære å sjå med hjartets opplatne auge.

Folk grupperer seg, så eg og vi kan oppleve at vegar og dører vert stengde for oss, men då har Gud nye dører og vegar for meg og oss. Det har seg slik at Kristus er vegen til Faderen og døra til himmelen, så vi har ein open himmel over oss. Og han er døra inn til sauene. Når han seier til meg og oss, sjå eg har sett framfor deg ei open dør, så trur eg det har med openberring å gjere, slik er det om å gjere å sjå moglegheitene. Og eg trur det er slik vi må sjå moglegheitene for å nå dei andre med evangeliet også. Så eg trur der ligg fornying i å få sjå at han har nye dører og nye vegar for oss.

Aktuelle bibelvers.

Johannes Openberring 3,7 Skriv til engelen for forsamlinga i Filadelfia:
        Dette seier Den heilage og sannferdige, han som har Davids nøkkel, som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:  8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og du har halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.  9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, slike som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstida som skal koma over heile verda for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta frå deg sigerskransen!
    12 Den som sigrar, vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og aldri meir skal han gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
    13 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

14 Skriv til engelen for forsamlinga i Laodikea:
        Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til alt som Gud har skapt: 15 Eg veit om gjerningane dine – du er verken kald eller varm. Om du berre var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje varm og ikkje kald. Difor skal eg spytta deg ut av min munn. 17 «Eg er rik», seier du, «eg har overflod og manglar ingen ting.» Men du veit ikkje at nettopp du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er reinsa i eld, så du kan bli rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å stryka på auga dine, så du kan sjå.
    19 Alle dei eg har kjær, refsar eg og viser til rette. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
    21 Den som sigrar, vil eg la sitja med meg på mi trone, slik eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans trone.
    22 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Luk.10, Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si. 

Matt.25, 14 Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. 15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.
    16 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. 17 Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. 18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.
    19 Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.» 21 Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!» 22 Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: «Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.» 23 «Det var rett, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»
    24 Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.» 26 Då sa husbonden til han: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. 30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»

Joh.10, 1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar.  2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene.  3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut.  4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans.  5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.»  6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
     7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene.  8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.  9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Kommentar.

Min kommentar til eit Facebook-innlegg.

Leif Edvin Wærstad tagga Simen Gaure på Facebook med dette bildet og denne kommentaren:

Det er slik det har blitt.

Min kommentar:

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og husmøte, før eg byrja på skulen. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Jesus som vår Herre og frelsar, be han frelse våre næraste og be for folket og landet. Dette var ikkje å gi meg ferdige løysingar på problema, men å lære meg å gå til Kristus med alle problem som kunne oppstå og eg hevdar det er rasjonelt og tilpassingsdyktig. Som motsetnad til dette ville “ferdigstøypte” løysingar kunne verte dogmatiske og ikkje gjere oss tilpassingsdyktige. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg bad han frelse menneska frå det og gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Når eg gjekk på ungdomsskulen byrja eg å gå litt på kristne møte og lese litt i Bibelen på eige initiativ og eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Fyrst seinare, når eg hadde lese meir i det nye testamentet oppdaga eg det stemte med apostlane si lære. Eg hadde trua på Kristus i mitt hjerte og eg visste det var viktig for meg å vedkjenne mi tru for andre menneske, men det syntest eg var vanskeleg. Når vi trur på Jesus og elskar han med hjertet, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk i vårt indre menneske med sitt Ord og sin Ande. Det er det primære og fundamentale. Kristne organisasjonar har nok også sine forventningar om korleis kristne skal vere i det ytre, men eg følte at det stemte ikkje for meg, eg var ikkje slik og kunne heller ikkje verte det. Om eg skulle prøve å framstille meg sjølv slik, så ville det ikkje vere ekte. Derfor var eg redd for å vedkjenne mi tru for andre menneske, men eg vedkjende det for Kristus og bad han frigjere meg få den menneskefrykta. Så for meg vart det å vente på eit lagleg høve til å vedkjenne mi tru på Kristus. Jau, eg vart forelska i ei kristen jente og torde meg til å fortelje det til henne i eit brev. Ho meinte tydelegvis at dette ikkje passa med å vere kristen. Då fann eg at det var den laglege tida for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus. Det var overraskande for henne og mi erkjenning av mi tru på Kristus gjorde inntrykk på henne.

Eg skal bidra med det Gud har gitt i mitt hjerte.

Eg var den einaste som kommenterte det og etter siste kommentaren min vart innlegget fjerna og eg sat igjen med berre første kommentaren, som er har gjengitt her. Det var ein kommentar om mi tru på Jesus frå eg var barn til eg gjekk på ungdomsskulen og vart forelska i ei kristen jente. Så hadde eg ein kommentar om at eg vart forelska i ei kristen jente når eg gjekk på gymnaset, ho «Virtuella». Så hadde eg ein kommentar om at eg vart forelska i ei ein jente medan eg studerte i Oslo. Sidan eg mista desse to siste kommentarane mine, tek eg med berre eit kort resyme om kva det handla om her. Eg har nok skrive om det til Maranata også og skrive om det på bloggesida mi tidlegare.

Når eg gjekk på Ungdomsskulen vart eg glad i ei kristen jente og fortalde henne det. Då var det den lagelge tida for meg å fortelje henne at eg trudd på Kristus og slik fekk eg frimod til å vitne om mi tru på han. Det var den laglege samanhengen for det var den mest saklege samanhengen. Eg trur eg opplevde litt av fylden av den Heilage Ande med openberringa allereie då. Når eg gjekk på gymnaset vart eg forelska i henne «Virtuella» og det hang saman med at eg bad for henne og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere relafag i Bergen, talte Herren til meg omlag slik: Du som fekk livet planta ned i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Vel eitt år etter at eg byrja å studere realfag i Oslo sa Herren til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve». Seinare, medan  eg studerte realfag i Oslo, vart eg forelska i henne «Reella», det også hang saman med at eg bad for henne. I begge desse tilfella opplevde eg fylden av den Heilage Ande, som svar på bøn, og at Herren openberra seg for oss, så eg kan seie at det har eg fått oppleve sterkast og klarast når eg vart forelska i ei jente.

Eg får det levande vatnet av berre nåde. slik ventar eg meg at Gud vil gi meg ei frelst kvinne til kone også.

Når eg gjekk på møte i Maranata minna Jesus meg om å bøye meg for han, for frelsa er gratis, det er ikkje av gjerningar eg får den, men eg får det levande vatnet av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Eg får det som er meg gitt av berre nåde. Eg forstår at slik får eg også ei frelst kvinne til kone av berre nåde. Det høver med vitnemålet mitt i Filadelfia Ulsteinvik 11.7.2021. Eg spurde kvar det står skrive i det Gamle Testamentet at frå våre liv som trur, skal det renne straumar av levande vatn. Salomo sa til son sin at du skal ta vare på hjarta ditt framfor alt du vaktar, for livet går ut ifrå det. Så tala han om kona di som ei kjelde med vatn, men du skal ikkje la den fløyme på gater og torg (Salomos Ordtøke 4,23 & 5,15…). Korleis kunne kona hans verte ei kjelde med vatn for han? Det måtte no vere ved at ho sjølv hadde fått innlagt vatn. For det er no Gud som er kjelda med det levande vatnet. Den som drikk av det vatnet Jesus gir han, skal aldrig meir tyrsta, men det blir i han og henne ei kjelde som veller opp til evig liv. Så når Gud gir meg ei frelst kvinne til kone, så blir ho ei slik kjelde for meg. Og det er framleis gratis.

Bodskapen 15.1.2012:

”Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)?

Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi  kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst  ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.”

Bodskapen 29.3.2015:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Bodskapen 22.1.2017:

«Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv.

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.»

Bodskap 2, 18.6.2017:

2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.

2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.

Bodskapen 22.1.2017:

Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv.

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.

2021.09.06. Sion Åheim. Jesus har valt oss ut til å invitere folk til hans bryllaup og  vere med på feiringa.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

Luk.24,28 Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger. 29 Men dei nøydde han og sa: «Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.» Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei. 30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. 31 Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei. 32 Då sa dei til einannan: «Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?»

Tale ved Harry Andersen.

Matt.22, Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning:  2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin.  3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje.  4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet!  5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si.  6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel.  7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira.  8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det.  9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
    11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»

Luk.16, 15 Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike!» 16 Jesus sa:
        Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange. 17 Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: «Kom, no er alt ferdig!» 18 Men dei tok til å be seg unna, alle som ein. Den eine sa: «Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du lyt gjera vel og orsaka meg.» 19 Ein annan sa: «Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av og prøva dei. Du lyt gjera vel og orsaka meg.» 20 Endå ein annan sa: «Eg har fått meg ei kone, difor kan eg ikkje koma.» 21 Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husbonden harm og sa til han: «Gå straks ut på gater og vegar i byen, og hent inn fattige og vanføre, blinde og lame.» 22 Snart kunne tenaren melda: «Herre, det er gjort som du sa, men det er enno rom.» 23 Då sa herren til tenaren: «Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt vert fullt. 24 For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få vera med i mitt gjestebod.»

Kol.2,14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Harry minna om det saom vart sagt til kyrkjelyden i Laodikea: «Sjå, eg står for døra og bankar ….». I kristne forsamlingar kan der vere mange som har ord av å vere kristne, utan å ha liv i Gud. Frå våre liv skal det renne elvar av levande vatn.

Aktuelle Bibelvers.

Joh.Op.3, 14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
        Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.
    19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
    21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.
    22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Joh.Op.3,1 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes:
        Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Du har ord på deg for å leva, men du er død.  2 Vakna, og styrk dei andre som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud.  3 Kom i hug korleis du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg.
     4 Men du har nokre få i Sardes som ikkje har sulka til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det.  5 Ja, den som sigrar, skal verta kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut or livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans.
     6 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Joh.7,  37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Kommentar.

I bodskapen som kom 22.8.2021, sa Jesus at vi var utvalde til å leie andre til han. Det er no som å invitere til bryllaup og no vart det også tala om å vere utvald til å vere med på å feire det. I den bodskapen minna Jesus oss om det som han sa til kyrkjelyden i Laodikea, at han står for døra og bankar. Ogt det vart det talt om no også:

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Eg forstår det slik at der er kyrkjelydar, menneske og grupperingar av menneske som stenger Kristus ute, sikkert fordi dei prioriterer så sterkt sine eigne særinteresser, i staden for å søke først Guds rike og hans rettferd. Så det resulterer i at dei ikkje vil godta at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal ha noko med Gud å gjere. For fråfallet er som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av det. Så derfor ville dei altså stenge meg ute frå slike kristne forsamlingar og slike grupperingar og sosiale samanhengar, eller så måtte eg gi opp å be slik som eg var opplærd til og som eg lærde meg, frå eg var ung. Så om eg sjølv skulle vere i slike samanhengar, måtte eg vere med på å stenge han ute. Det var ikkje så lett å innsjå det, som om det var underbevisst, men med hjertets opplatne auge kunne eg sjå kva Kristus kalla meg til og kor rik på herlegdom arven er for oss som trur. Om vegar og dører vart stengde for meg, så hadde han nye dører og vegar for meg, for han er vegen til Faderen, porten til livet og døra inn til sauene.

Frå eg var ung har eg bedt han frelse menneska, som første prioritet, og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, som andre prioritet. Sidan har han sagt til meg at eg skal sjå på han og snakke med han, glede meg i Herren og takke han for det fullførte frelsesverket. Så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Han gir meg livets vatn av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Det er berre ved fylden av den Heilage Ande eg kan få siger. Ja vel, så er det berre om å gjere for meg å halde fram med å tru på han og ta imot av berre nåde og verte fylt av Anden. Ja, det er no slik eg får hjartets opplaten auge, så eg kan sjå …..

Dette handlar også om at han gjer meg til kanal for si velsigning, ja, frå oss (Esekiel 47). Jesus sa fleire gangar at vi skulle løfte blikket, ja, først og fremst skal vi løfte blikket opp til han. Då trur eg også vi skal løfte det over murar som folk forskansar seg bak, når dei grupperer seg.



Categories:Kristendom, Kristne møte 2021

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: